Lenke til Stortingets hovedside  

Odelstinget
Møte onsdag den 7. juni kl. 11.16 2006





Sak nr. 5
Innstilling fra justiskomiteen om lov om europeiske samvirkeforetak ved gjennomføring av EØS-avtalen vedlegg XXII nr. 10c (rådsforordning (EF) nr. 1435/2003) (SCE-loven) (Innst.O.nr.58 (2005-2006), jf. Ot.prp.nr.60 (2005-2006))



TALERE:


       Erling Sande (Sp) [13:31:44] : Saka som her blir handsama, er ei viktig sak, og ho fortener større merksemd enn ho har fått så langt.

       Senterpartiet sluttar seg til tilrådinga i saka og dei merknadene som justiskomiteen har kome med.

       Som komiteen heilt korrekt syner til i si innstilling, blei det ved handsaminga i Stortinget i mars 2005 av lov om europeiske selskap peika på at utflytting av verksemder frå Noreg kunne ha store konsekvensar i gjevne situasjonar.

       Senterpartiet stemte mot lova om europeiske selskap. Dei same bekymringane og innvendingane som Senterpartiet hadde den gongen, har vi framleis. Med europeiske selskap blir det i prinsippet like lett å flytte hovudkontor frå Oslo til Warszawa som frå Ås til Ski. Ei slik utflytting kan føre til store skattetap for Noreg, og viktige naturressursar kan kome i utanlandsk eige og ut av norsk styring.

       Eit av Senterpartiet sine argument mot lova om europeiske selskap var at ho ville føre til stor konkurransevriding mellom mindre aksjeselskap, som er underlagde norsk skattelov, og dei store, som kan nytte seg av lova om europeiske selskap og dermed flytte sitt hovudkontor til lågskatteland innanfor EU-området for å redusere verknaden av skattar, avgifter og politiske avgjersler.

       Vi meinte dessutan at det var unødvendig med ei slik ny selskapsform i norsk rett. Vi tek likevel til vitande at fleirtalet på Stortinget er av ei anna oppfatning og gjennom vedtak i fjor har gjort europeiske selskap til ein del av norsk rett.

       Når Senterpartiet no sluttar seg til tilrådinga om europeiske samvirkeforetak, handlar dette mellom anna om å skape likskap mellom dei ulike selskapsformene. Gjennom SCE-lova kan norske aksjeselskap på visse vilkår omdanne seg til europeiske selskap. Tilsvarande vil norske samvirkeforetak gjennom det regelverket som no blir vedteke, på visse vilkår kunne omdannast til europeiske samvirkeforetak.

       Senterpartiet vil sterkt understreke det som komiteen seier i sine merknader når det gjeld arbeidet med samvirkelov. Fleire høyringsinstansar oppfordrar departementet til å lage ei slik lov, og Senterpartiet er oppteke av at dette arbeidet blir gjeve prioritet. Ei slik lov kan få mykje å seie for korleis forordninga om europeiske samvirkeforetak bør gjennomførast i norsk rett, og Senterpartiet er nøgd med at departementet vil kome attende til dette spørsmålet i samband med ei eventuell ny samvirkelov.


Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 5.

       (Votering, sjå side 324)