Header dokumenter

Stortinget
Møte torsdag den 5. desember kl. 10 1996


Sak nr. 1
Interpellasjon fra representanten Valgerd Svarstad Haugland til samferdselsministeren:
« Om lag 40 % av CO2-utsleppa i Noreg kjem frå samferdselssektoren, og 24 % skuldast vegtrafikken. Ein hovuddel av trafikk- og miljøproblema frå privatbilismen er knytt til Oslo- og Akershusområdet. Trass i at meir enn halvparten av kollektivreisene i landet i dag skjer i dette området, er det eit fleirtal som ikkje nyttar kollektivtilbod, og bruk av privatbilar har vore aukande. Stor-Oslo Lokaltrafikk vart oppretta på grunnlag av eit utgreiingsarbeid den såkalla Nærtrafikk-komiteen gjorde. Interessemotsetnader og skort på koordinering mellom involverte fylkeskommunar og NSB hindra nødvendig vidareutvikling.
Kva kan samferdselsministeren gjera for å skapa ei effektiv og attraktiv heilskapsløysing og for å få kollektivtrafikkplanane ut av daudvatnet, m.a. ut frå arbeidet som Hovudstadsutvalet gjer? »

TALERE:


       Presidenten: Til representantenes orientering vil presidenten meddele at sak nr. 1 må utgå, da interpellanten har sykdomsforfall.

       Presidenten vil foreslå at sakene nr. 2-8 på dagens kart tas opp til samlet votering ved slutten av dagens møte. - Ingen innvendinger er kommet til dette, og det anses vedtatt.