Header dokumenter

Stortinget
Møte torsdag den 12. desember kl. 10 1996


Sak nr. 2
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1996 under kapittel administrerte av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (
Innst.S.nr.76, jf. St.prp.nr.16 (1996-1997) )

TALERE:


       Jon Lilletun (KrF)
(ordførar for saka og leiar i komiteen):

       Dette skal verte svært kort. Det er ei bortimot einstemmig innstilling heilt gjennomgåande, men det er eit punkt kor eg berre for ordens skyld vil ha ei stadfesting frå statsråden. I punktet om kommunale musikkskular seier komiteen fylgjande:

       « Komiteen viser til handsaminga av B.innst.S.nr.12 (1995-1996) der ulike fleirtal i komiteen auka løyvinga på post 67 med til saman 4 mill. kroner, jf. også B.innst.S.nr.II (1995-1996). Av løyvinga på 4 mill. kroner var det føresett at 2 mill. kroner vart nytta til Norsk Musikkskoleråd sitt arbeid med å opprette nye musikkskular i samarbeid med dei statlege utdanningskontora, og 2 mill. kroner til utviklingsprosjekt og nye samarbeidsprosjekt i regi av Norsk Musikkskoleråd.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Framstegspartiet, finn grunn til å presisere føresetnaden for den først nemnde løyvinga på 2 mill. kroner. Løyvinga var ikkje meint som vanleg tilskott for å dekkje kommunane si drift av nye musikkskular. Ho var føresett nytta til Musikkskolerådet sitt førebuande arbeid for å få oppretta nye musikkskular. Fleirtalet ber departementet nytte løyvinga til å stø Norsk Musikkskoleråd sitt arbeid i 1996 i samsvar med dette. »

       Komiteen har sendt eit brev til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og bedt om å få stadfesta at det er midlar til å føreta ei slik utbetaling, og har fått eit positivt svar om at det er det, og at det arbeidet er sett i gang. For ordens skyld ber eg statsråden òg stadfeste det her frå talerstolen, slik som ein nesten samla komite, alle unnateke Framstegspartiet, har bede om.


Statsråd Reidar Sandal : Representanten Lilletun stiller spørsmål om kommunale musikkskular, og det er riktig som representanten Lilletun peikar på, at det har vore ein kommunikasjon mellom komiteen og departementet på dette punktet.

       Eg vil veldig kort klargjere at det er midlar til tilskot til dette føremålet i samsvar med ønsket frå fleirtalet i komiteen. Eg viser elles til det svaret departementet har sendt komiteen den 10. desember 1996, som stadfestar dette, og eg vil syte for at utbetaling vil skje i samsvar med ønsket frå komiteen.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

       (Votering, se side 1656)