TALERE:
Lars Gunnar Lie (KrF)
(ordførar for
saka):
Fiskeriavtalen for 1997 føyer seg inn i rekkja av avtalar som partane er samde om. Det er ein avtale med relativt lavt økonomisk omfang, men med svært stor innverknad på dei områda den gjeld for. Frå å ha avtalar i eit omfang på over 1 milliard kr for få år sidan er vi no nede i ein avtale på 90 mill. kr.
Eg er glad for å kunna slå fast at fiskerinæringa kan seiast å vera ei subsidiefri næring. Dei områda som er hovudpunkta i avtalen, kan seiast å vera distriktspolitiske verkemiddel og tiltak som gjev sosial tryggleik for fiskarane på line med andre yrke. Slik sett kunne ein argumentera for at det ikkje var naudsynt med avtale mellom fiskarorganisasjonane og staten. Men eg meiner det er svært viktig at desse drøftingane går føre seg kvart år, fordi ein då får høve til å sjå utviklinga i næringa og diskutera målsetjingane. Det er viktig at styresmaktene, som skal leggja til rette for god forvalting av fiskeressursane, og yrkesutøvarane har same forståinga av problemområda og er samde om målsetjinga for næringa - om ikkje alltid samde om verkemidla.
Fiskerinæringa er berebjelken i næringslivet langs kysten vår, ja, den er meir enn det: Det er den næringa som har potensial i seg til å vera den langsiktige delen av vår eksport. Med den utviklinga ein ser i verdssamanheng når det gjeld matproduksjonen, vil fiskeressursane utan tvil få meir og meir å seia og med det også auka verdi.
Det gjeld om at vi greier å hushalda eller - for å nytta eit meir brukt ord - forvalta desse verdiane på ein rett måte. Sett i ein slik samanheng meiner eg at fiskeriavtale og fiskeriforhandlingar er naudsynte og viktige, for utan at det er forståing mellom yrkesutøvarane og styresmaktene, vil vi ikkje lukkast i ei god forvalting.
Eg ser det som positivt at eit så breitt fleirtal i Stortinget i år sluttar opp om avtalen, sjølv om det er litt ulike tilnærmingar til ein slik konklusjon. Eg syner m.a. i
den samanhengen til merknadene frå Høgre og Framstegspartiet, der dei reknar med at fiskeriavtalen vil vera eit element i den varsla saka som fiskeriministeren har lova skal koma til Stortinget.
Om sjølve avtalen vil eg streka under at fleirtalet i komiteen - Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti - har peika på kor viktig føringstilskotet er for å kunna nytta fiskeressursane på ein best mogeleg måte. Dette vil eg også sjå i samanheng med at fleirtalet uttrykker uro over utviklinga av lønsemda for dei minste fartøygruppene. Det er klår samanheng mellom lønsemd og høve til å få avsetnad på den fangsten ein har teke. Det er nokså opplagt. For den minste kystflåten er det naudsynt at vi maktar å få til eit mottakssystem som gjer det meir lønsamt. Og fleirtalet syner til at dette må få merksemd frå fiskeriministeren i det arbeidet han skal gjera før han legg fram saka for Stortinget.
Fleirtalet i komiteen har vidare merka seg at partane ser på regelendringar i garantilottordninga for å forbetra den. Frå Kristeleg Folkeparti si side vil eg streka under at denne ordninga er meint å vera eit sosialt tryggingsnett på line med det andre arbeidstakarar har.
Eg syner elles til innstillinga og vil tilrå tilslutnad til den.
Presidenten: Fleire har ikkje bede om ordet til sak nr. 11.
(Votering, sjå side 1832)