TALERE:
Håkon Giil (Sp) : Lat meg ta til med ei nærare presisering av føremålet med denne interpellasjonen, og eg vel å gå rett på sak.
Vi held på å få på plass ein utbygd infrastruktur som tilseier ein maksimal produksjon omkring 80 milliardar Sm3 - standard kubikkmeter - naturgass for året, og vi har kontraktfesta leveransar for godt og vel 70 milliardar Sm3. Det vil seie at vi no stangar i produksjonstaket, vel å merke dersom vi ikkje vel å heve dette, føreta nye investeringar og tømme ut gassressursane våre snøggare enn det som til no har vore føresett. Eg vonar at ein slik strategi ikkje vert vurdert, og denne interpellasjonen har m.a. som føremål å medverke til at ein slik strategi ikkje vert vald. Det ville vere å gjere opp att den feilen som vi, etter Senterpartiet sitt syn, for tida gjer når vi tømmer oljeressursane våre i eit altfor raskt tempo. Og når dette er sagt, presiserer eg at eg i denne interpellasjonen ikkje legg opp til at vi skal drøfte oljepolitikken vår, no gjeld det strategien for ei langsiktig forvalting av gassressursane.
Det andre hovudpoenget med denne interpellasjonen er bygd på at vi framleis har eit visst rom for nye kontraktar innanfor infrastrukturen vi no har eller held på å leggje til rette for. Dette rommet er ikkje stort. Difor vert det endå viktigare at moglege framtidige kontraktar - dersom det framleis er rom for slike - ikkje berre tener reint kommersielle omsyn, men at dei sikrar at gass kan komme som erstatning for meir ureinande brensel, som kol. Og kan gassen vår sikre at land nær oss i større grad erstattar oljefyring og kolfyring med gass, ville dette redusere det ureinande nedfallet over landet vårt og dermed redusere miljøproblema som følgjer av dette nedfallet. Det er òg mitt syn at vi bør behalde eit visst rom før vi stangar i produksjonstaket - ein såkalla produksjonsreserve.
For å oppsummere: Eg vonar at Regjeringa har ein strategi eller er villig til å utforme ein strategi slik at omsynet til eit godt miljø og redusert ureining globalt så vel som nasjonalt kan takast vare på, og at utvinninga ikkje skal aukast utover det nivået som til no har vore føresett, slik at også etterkommarane våre kan disponere ein del av denne verdifulle ressursen.
Oljedirektoratet har i sitt nyaste oversyn over funn på norsk sokkel vist at ca halvparten av dei oppdaga ressursane på ca 3.5 milliardar Sm3 er sett i produksjon. Det totale ressurspotensialet er stipulert til ca 6 milliardar Sm3. Tala viser at vi har eit visst handlerom for ein framtidig strategi, sjølv om dei fleste bitane i puslespelet norske gassleveransar til utlandet alt har falle på plass. Som oljeeksportør er vi ein stor nasjon, den nest største. Men også som gasseksportør er vi mellom dei store, faktisk mellom dei 10 største, med det noverande, avgrensa produksjonskvantumet. Og vi vil etter prognosane vere den nest største produsenten i Europa, etter Russland, kring år 2010, sjølv om vi berre har ca 1 % av verda sine gassressursar. Den såkalla R/P-raten, det vil seie raten som illustrerer tilhøvet mellom pårekna reservar og produksjon, er då skrumpa inn til 66 år rekna frå i år etter Statistisk sentralbyrå sine analysar. Då har det langsiktige perspektivet skrumpa - kanskje skrumpa farleg inn.
Stortinget har tidlegare drøfta bruk av gass i Noreg, eg vil difor late dette temaet liggje. Det kan likevel nemnast at etter at denne interpellasjonen vart levert inn, har det frå norsk side vore grunn til aukande uro over det framlegget til gassdirektiv i EU som ligg føre. Høvet til langsiktige avtalar som har sikra full råderett over gassen frå plattforma og fram til kjøparane, har vore sjølve fundamentet for utbygging av gassressursane. Og dersom gassdirektivet vert vedteke i den forma som det no har, vil det radikalt endre dei føresetnadene som er lagde til grunn i denne interpellasjonen. Eg har difor føresett at vi i denne omgangen i hovudsak ser bort frå dei radikale endringane som gassdirektivet i si noverande utforming vil få. Eg har tidlegare fått statsråden sine forsikringar om at Regjeringa gjer sitt yttarste for å få til endringar i gassdirektivet som sikrar ei meir langsiktig disponering og ein betre nasjonal kontroll. Eg viser her til spørsmål i spontanspørjetimen den 9. april.
I den grad statsråden sjølv ynskjer å gå nærmare inn også på gassdirektivspørsmålet, har eg likevel ikkje avgjerande innvendingar mot det, sjølv om dette då blir ei helt anna drøfting og ei heilt anna problemstilling enn opphavleg føresett. Dei problema som vil oppstå med eit gassdirektiv i den forma det no har fått, vil så langt eg kan sjå, krevje ei omfattande omlegging av norsk gasspolitikk. Og skulle så skje, vil vi nok få rikeleg høve til å kome attende til det problemet.
Frå Stortinget si side bør det likevel nok ein gong presiserast at utforminga av EUs gassdirektiv er så viktig for Noreg at Regjeringa må gje høgste prioritet til det politiske arbeidet med å endre det i den tida som står att fram til det etter planen skal vedtakast den 27. mai.
Statsråd Ranveig Frøiland : Det gler meg at representanten Giil er oppteken av salet av norsk gass.
To tidlegare statsrådar, Arne Øien og Finn Kristensen, uttala i si tid som olje- og energiministrar at målet var å finna meir olje og selja meir gass. I dag er ikkje den siste delen av dette målet like viktig. Norske gassseljarar har inngått fleire gassalskontraktar etter det store Troll-salet i 1986. Leveringsforpliktingane norske gasseljarar har påteke seg gjennom sal inngått på 1990-talet, utgjer i underkant av 27 milliardar Sm3 pr. år i toppåra omkring år 2010. Dette gjer at dei totale leveringsforpliktingane frå norsk sokkel, inkludert leveran-
sar til Tjeldbergodden og dei to gasskraftverka, kjem opp i over 75 milliardar Sm3 pr. år på det meste.
I langtidsprogrammet vurderer Regjeringa det totale salet til å nå om lag 80 milliardar Sm3 i året etter 2005. Samla er det no inngått kontraktar for framtidige leveransar på totalt 1 800 milliardar Sm3 .
Stortinget vart våren 1994 informert om salskontraktane inngått så langt på 1990-talet i St.prp.nr.54 (1993-1994) om Inngåelse av nye gassalgskontrakter.
Etter dette har norske gasseljarar, forutan tilleggsvolumet til det tyske selskapet Ruhrgas og sal av mindre mengder gass til industriverksemd på Tjeldbergodden, inngått gassalgskontraktar med Naturkraft og for første gong inngått gassalskontrakt med den italienske marknaden. Forhandlingane om norsk gassal til Tsjekkia har òg fått ei avklaring, og avtalen vart underteikna den 14. april. Salet til det italienske selskapet SNAM er elles den største kontrakten om sal av norsk naturgass som er inngått sidan Troll-kontraktane vart underteikna i 1986.
I tillegg har overslaget for leveransar under feltuttømmingskontraktar inngått før Troll-avtalen, auka. Dette kjem av ny teknologi og auka forståing for reservoara som gjer det mogleg å henta ut meir av dei attverande gassressursane i m.a. Ekofisk-området. Dette medverkar også til at overslaget for gassalet har auka.
Representanten Giil syner i sin interpellasjon til at vi har nok ressursar til å produsera naturgass i 147 år framover. Representanten Giil har då teke med overslaget for uoppdaga gass. Gjennom behandlinga av m.a. Troll-, Sleipner- og Åsgard-utbyggingane har representanten Giil og Stortinget vore med på å vedta eit produksjonsnivå for gass som er vesentleg høgare enn 1996-nivået. Giil si utsegn om at vi har nok ressursar til å produsera naturgass i 147 år framover er difor ikkje riktig. Dersom vi tek utgangspunkt i produksjonsnivået som var kontraktfesta på slutten av 1996 - 66 milliardar Sm3 pr. år - og forlengjer dette, har vi gass for 86 år framover, dersom vi, som representanten Giil, tek med overslaget for uoppdaga gassressursar. Tilsvarande har vi gass for omkring 70 år framover dersom vi legg gassalsvurderinga frå langtidsprogrammet 1998-2001 på 80 milliardar Sm3 pr. år til grunn.
Den auka etterspurnaden etter norsk gass i den europeiske marknaden, som forklarar kvifor vi - som òg representanten Giil har nemnt - har inngått fleire nye gassalskontraktar i den siste tida, kjem m.a. av at forbrenning av naturgass fører med seg monaleg mindre utslepp av CO2 og andre forureinande stoff enn forbrenning av olje og kol. Skal dei europeiske landa greia å nå sine mål om reduserte miljøutslepp, er dei avhengige av naturgass. Det er difor, som Regjeringa har påpeika i langtidsprogrammet 1998-2001, ein viktig del av norsk energipolitikk at det vert satsa vidare på eksport av naturgass for å bidra til at gass kan erstatte kol og dermed gje ei meir miljøvenleg samansetjing av energibruken i Europa. Eg er difor nøgd med at norske gasseljarar det siste året har underskrive fleire gasskontraktar med kjøparar på kontinentet.
Så stiller representanten Giil spørsmål om kva omsyn som « bør leggjast til grunn når ein kontraktfestar nye gassleveransar ». Mi oppfatning er at det er samfunnsøkonomiske omsyn og miljø-, ressurs- og marknadsomsyn som bør leggjast til grunn.
Eg har allereie nemnt Europa sitt behov for reinare energi enn kol og olje. Gasseksporten er på denne måten ein god illustrasjon på at vi ikkje kan bruka norske målsetjingar om miljøutslepp for å seia nei til eksport av gass, for då vil vi i tilfelle innretta oss slik at norsk politikk fører til større miljøproblem totalt sett, og det har aldri vore meininga verken med norsk miljøpolitikk eller norsk gasspolitikk.
Forhandlingane med Storbritannia om Friggrørleidningen ser no ut til å stå framføre ei snarleg løysing. Totalt sett er eksportkapasiteten grunna dette noko over 80 milliardar Sm3 pr. år. Oljeindustrien er ein langsiktig bransje; gassbransjen er i endå større grad avhengig av langsiktige avtalar og rammevilkår. Dei nye gassalsavtalane med Italia og Tsjekkia har ei tidsramme på 25 og 20 år, og det understrekar nettopp dette. Storleiken og det forholdet at salsporteføljen er svært langsiktig gjer at vi i tida framover i større grad enn tidlegare må vera opptekne av å sikra dei verdiane som ligg i allereie inngåtte kontraktar.
Det er Regjeringa si oppfatning at nivået på 80 milliardar Sm3 som er indikert i langtidsprogrammet 1998-2001, er eit nivå som på ein god måte ivaretek ressursomsyna. Dette nivået er ikkje meint som noko tak, snarare som ein indikasjon på kva dagens påviste ressurssituasjon og transportkapasitet tilseier. For dei einskilde åra kan eksporten av norsk gass verta både over og under dette nivået.
Når det gjeld representanten Giil sin « omtanke for kommande generasjonar », vil eg visa til dei diskusjonane som har vore førte i denne salen knytte til etableringa og føremålet med petroleumsfondet. Som Regjeringa har påpeika i langtidsprogrammet, bør bruken av petroleumsinntektene skiljast frå oppteninga. Dette gjeld også for inntektene frå gassalet.
Norske gasseljarar har inngått fleire nye gassalskontraktar på 1990-talet, og vi har framleis nok gass for mange tiår framover. Det er mi oppfatning at Noreg gjennom det salsnivået på gass som er lagt til grunn i langtidsprogrammet, sørgjer for å ivareta ressursomsyna her heime og Europa sine miljøomsyn på ein god måte.
Når det gjeld gassmarknadsdirektivet, synest eg ikkje vi skal diskutera det så mykje, for det kjem vi nok tilbake til. Eg vil berre peika på kva eg har sagt før, at det er to ting som er viktige for Noreg: Vi må halda fram med å inngå langsiktige avtalar, og verksemdsområdet til gassmarknadsdirektivet, altså feltet, rørleidningane og terminalen, er ein del av heile produksjonssystemet. Det er viktig for Noreg å ta vare på dette, og det arbeider vi sjølvsagt for gjennom alle dei kanalar vi har, og ved reiser til dei ulike europeiske landa. Vi har hatt møte med kommisjonen, og vi kjem framleis til å ha møte med ulike miljø. Og ikkje minst på embetsmannsnivå har ein tette kontaktar både for å fortelja om Noreg sin ståstad og for å få medhald frå fleire i at dei synspunkta som Noreg har, er det viktig å ta vare på òg for Europa sin del. For det å ha langsiktige avtalar om levering av gass er det fleire enn Noreg som er opptekne av.
Presidenten: : Taletiden er heretter inntil 3 minutter. Håkon Giil (Sp) : Eg takkar statsråden
for svaret. Utsegna om 147 år, slik det var formulert i interpellasjonen,
vil eg hevde var rett, med dei føresetnader som låg til grunn. Statsråden
presiserte også det som eg sa seinare, at med endra føresetnader vert desse
tala heilt annleis. Men dette er heilt underordna.
Eg vil ha ein kommentar til denne
utsegna til statsråden:
« Gasseksporten er på denne måten ein god illustrasjon på at vi ikkje kan bruka norske målsetjingar om miljøutslepp for å seia nei til eksport av gass, for då vil vi i tilfelle innretta oss slik at norsk politikk fører til større miljøproblem totalt sett ».
Det er min påstand at norske klimaforpliktingar bør leggjast til grunn også her, og det er også min påstand at med ei rett innretning på gass- og oljepolitikken har vi moglegheiter for å gjere det, så der er vi nok reelt ueinige.
Eg er litt uroleg for svaret, fordi det vart gjeve uttrykk for - slik eg forstod det - at det nivået som er nemnt, 80 milliardar Sm3, ikkje er rekna som eit tak. Eg er uroleg fordi dette - med dei signala som er gjevne - kan opne for ei ytterlegare heving av gassproduksjonen, noko som vil redusere perspektivet utover dei 66 åra som eg nemnde - eller dei 70 åra som statsråden nemnde. Det er mitt syn at det er å innsnevre tidsperspektivet. Eg ville leggje til grunn at norsk gasspolitikk bør byggje på eit langsiktig tidsperspektiv, og der bør 80 milliardar Sm3 vere eit meir eller mindre absolutt tak.
Elles har statsråden gjeve eit godt innsyn i dei aktuelle planane for nye kontraktar, og vi er einige i at eit visst rom for nye kontraktar bør det vere. Men eg vil ta opp igjen at det bør også vere ein viss produksjonsreserve, utan at vi sprengjer det som burde vere eit tak.
Statsråd Ranveig Frøiland : Når det gjeld dette at bruk av gass i Europa skulle koma i konflikt med våre nasjonale målsetjingar, trur eg vi må klara å sameina dei to tinga og halda på at eksport av norsk gass er viktig for å redusera dei totale klimautsleppa i Europa. Eg føler at vi er iallfall samde om det, men så kan ein ha ein diskusjon om den norske målsetjinga i tillegg. Men alle som er opptekne av å redusera klimautsleppa i Europa, har lagt til grunn at dei må få meir gass for å redusera bruken av kol i Europa. Så det må vi halda på. Og ein ser òg av dagens nyheiter at den nordisk-baltiske forsamlinga på Åland er oppteken av at dersom klimautsleppa skal kunne reduserast, må ein bruka meir gass. Sverige ser nok òg no meir at det må inngå i deira planlegging når det gjeld energiforsyning.
Så til dette at 80 milliardar Sm3 må vera eit absolutt tak. Eg synest det er unaturleg å diskutera gass i den forstand at ein set eit tak og seier: Det skal vi ha. Her må vi sjå kva som er moglegheitene i forhold til den infrastrukturen vi har, i forhold til kva meir vi finn av gass, og så må vi altså vera med og medverka til å redusera bruken av kol i Europa. Men som vi har sagt i langtidsprogrammet vårt, har vi sett dette som ein indikasjon på kva som er taket, og der vil vi liggja i mange år framover. Det er faktisk òg viktig at vi får selt denne gassen, så eg trur at det vi kjem til å konsentrera oss mest om, er å få langsiktige avtalar om sal av gass - meir enn å diskutera eit absolutt tak. Men det transportsystemet vi har, det vi har lagt til rette for når det gjeld infrastruktur, tilseier at 80 milliardar Sm3 pr. år er det som ligg til grunn. Men eg vil likevel ikkje på nokon måte vera med og seia at vi skal setja noko absolutt tak når det gjeld Sm3, for det trur eg ikkje saka er eigna til. Eg trur difor Stortinget alltid skal vera med og diskutera kva moglegheiter som føreligg, for det er Stortinget som skal bestemma alt dette.
Aud Gaundal (A) : Senterpartiet prøver å gjøre et poeng av at de av miljøhensyn og av hensyn til framtidige generasjoner er imot dagens tempo i utbygginga av våre olje- og gassressurser. Skal vi diskutere politikk på slike premisser, skulle vi kanskje tro at Senterpartiet hadde stemt imot en rekke utbyggingsprosjekter de siste åra. Men slik er det ikke. Senterpartiet brukte såkalte miljøhensyn og utbyggingstempo som argument da de stemte mot utbygginga av Njord og Visund. Det er også de eneste utbyggingene Senterpartiet har gått mot på slikt grunnlag. Hvis vi holder oss til gassproduksjonen, som representanten Giil er opptatt av i dag, representerer utbyggingsprosjektene Njord og Visund under 3 % av de samlede gassreservene hvor Stortinget har sagt ja til utbyggingen.
Dette er jo i seg sjøl en beskjeden « motstand », men kan kanskje framstilles som nye politiske valg og en konsekvent ny holdning fra Senterpartiets side, hvis Njord og Visund hadde vært de siste utbyggingssakene vi har behandlet i denne salen. Slik er det imidlertid ikke. Like etter at Senterpartiet stemte mot Njord, stemte partiet for utbygging av Åsgard. Gassreservene på Åsgard antas å være tre ganger større enn gassreservene på Njord og Visund til sammen.
Det kan derfor være grunn til å spørre representanten Giil og Senterpartiet om hensynet til miljø og utbyggingstempo er noe som Senterpartiet smykker seg med en gang iblant for dermed å kunne framstå som et miljøparti og et parti som spesielt tar hensyn til de neste generasjoner. Eller var det andre hensyn som var viktigere for Senterpartiet da de tok stilling til Åsgard-utbygginga? Jeg minner om at gassutbyggingsprosjektet er det største vi har behandlet i Stortinget på ti år.
Dette understreker mitt hovedpoeng. Senterpartiet er et populistisk parti som innbiller folk at de har en annen politikk enn det de går inn for i praksis. Jeg mener at de prøver å innbille folk at de er mer miljøvennlige enn de egentlig er, og at de tenker like mye på framtidige generasjoner som vi andre gjør. I praksis sier Senterpartiet stort sett ja til alt og alle, i hvert fall hvis vi ser på budsjettbehandlinga for inneværende år. I Arbeiderpartiet mener vi at vi må prioritere. I Senterpartiets økonomiske hverdag ser det ut til at de slipper det.
Det er ikke i valg av utbyggingstempo vi først og fremst viser om vi tar hensyn til framtidige generasjoner eller om vi tar hensyn til miljøet. Hovedutfordringa for oss blir å prioritere i bruken av inntektene vi får. For stort forbruk av olje- og gassinntektene over kort tid vil være ødeleggende for vårt konkurranseutsatte næringsliv, og velferdssamfunnet står dermed i framtida ikke på trygg grunn etter vår mening. Vi kan vise solidaritet med de framtidige generasjoner, slik at disse ikke hindres i å innrette seg på best mulig måte. Det er vår måte å gjøre det på. Oljefondet er her det viktigste.
Gunnar Fatland (H) : Det er en relevant problemstilling interpellanten reiser, i den forstand at det er viktig å vite konsekvensene av det vi gjør, også når det gjelder produksjon og eksport av gass. Men vi står overfor en rekke innbyrdes motstridende hensyn.
Vi vet at gass i store deler av Europa er en del av løsningen på miljøproblemene. Det taler for en høyest mulig produksjon. Men ut fra en ren ressursforvaltningsvinkling og nasjonale utslippsproblemstillinger er det begrenset hvor langt en bør gå. Og vi har hensynet til utnyttelse av infrastruktur, som ble nevnt av statsråden her. 80 milliarder Sm3 har vi som kapasitet i eksportsystemene våre når Frigg-avtalen kommer på plass. Det vil naturligvis være ønskelig at denne kapasiteten utnyttes fullt ut.
I praksis er det også slik at det svært ofte er en sammenheng mellom olje og gass i de ulike felt i den forstand at vi har gassfelt med betydelig oljeinnhold og oljefelt med betydelig gassinnhold. Det er vanskelig å tenke seg at en på en slik bakgrunn kan fastsette bestemte produksjonstak. Det ville etter min oppfatning få ganske uoversiktlige konsekvenser.
For Høyres del vil vi i hovedsak legge til grunn de prinsipper vi hittil har fulgt. Lete- og lisenspolitikken er på en måte temporegulatoren. Blir funn gjort og utbygginger kan gjennomføres på et kommersielt grunnlag, bør utbyggingssøknaden normalt imøtekommes, uansett om dette gjelder olje- eller gassfunn.
Så til slutt når det gjelder det som er nevnt om gassdirektivet og arbeidet med det: Den situasjonen vi er oppe i her, illustrerer for det første ønskeligheten av faktisk å være til stede ved de bord der disse sakene nå blir avgjort. Det er vi ikke, og det får vi bare ta til etterretning. Men når situasjonen er som den er, får vi i hvert fall gi all den støtte vi kan til det arbeidet som Regjeringen gjør, og de prioriteringer som ble nevnt av statsråden når det gjelder de posisjoner Norge inntar for å søke å gjøre skadevirkningene av et eventuelt gassdirektiv minst mulig.
Paul Chaffey (SV) : Det er, som andre har vært inne på, ingen overraskelse at gassproduksjonen i Norge øker. Det er et resultat av vedtak som er gjort her i Stortinget. Det skyldes særlig at Trollfeltet er kommet i produksjon for ikke så lenge siden. Det skyldes at en del andre felt som Stortinget har vedtatt, er i produksjon, og det er også gjort vedtak om en del nye, større felt, bl.a. Åsgard.
Men det interpellanten har rett i, er at hvis man bygger ut flere felt, vil det gi en raskere uttømming av gassressursene, og levetiden for feltene kan gå ned fra 150 år til kanskje 50 år. I en diskusjon om å erstatte kull med gass er det faktisk interessant, fordi kullreservene i verden vil vare i flere hundre år. Det er vanskelig å tenke seg at man kan erstatte noe som skal vare i flere hundre år, med noe annet som bare varer i 50 år. Det er lite tenkelig at andre land vil gjøre investeringer hvor de satser på gass, når de samtidig vet at levetiden for gassen er kort. Så den vanlige diskusjonen vi har om kull eller gass, blir litt annerledes når man tar med tiden man kan produsere gass.
Det som også etter min oppfatning er et problem, er at man nå inngår kontrakter som forutsetter ytterligere utbygging av felt. Man går inn i nye områder. Man går lenger nord. Man går inn til kysten en del steder, og man går ut på større havdyp på andre områder. SV stemte derfor for ikke så lenge siden mot Åsgard-utbyggingen, og kommer til å stemme mot tilsvarende feltutbygginger i nordområdene også i framtida, med de konsekvensene det får for muligheten til å inngå gasskontrakter i framtida.
Jeg mener det er grunn til å være forsiktig med å inngå nye gassalgskontrakter nå, som interpellanten også antyder, for det første på grunn av miljøkonsekvensene ved å gå inn i nye områder.
For det andre er det et problem at norsk økonomi blir så olje- og gassavhengig og overskuddet på statsbudsjettet så stort. Det fører til store pressproblemer. Det fører til at vi får en valutakurs som er skadelig for annen industri i Norge.
For det tredje er det klimaforhandlinger i gang. Det er ikke spesielt lurt å inngå store, nye kontrakter rett før verden skal undertegne en ny klimaavtale.
Og for det fjerde er EU nå i ferd med å avslutte diskusjonen om et nytt gassdirektiv. Norge har allerede investert flere hundre milliarder kroner under forutsetning av at man skal ha et bestemt regime i Europa. Det vil nå forandre seg. Da er det ikke lurt å investere enda mer og tro at det samme regimet vil fortsette, når vi vet at det vil forandre seg.
Odd Eriksen hadde her overtatt presidentplassen.
Hilde Frafjord Johnson (KrF) : Kristelig Folkeparti har gjentatte ganger gitt uttrykk for ønsket om et lavere utvinningstempo og fremmet forslag i tråd med dette. Det er først og fremst gjennom letevirksomheten og konsesjonspolitikken at utvinningstempoet etter vår vurdering bør styres. Dette betyr at konsesjonsrundene bør være vårt viktigste styringsredskap når det gjelder produksjonsnivå. Det er med andre ord ikke inngåelse av gasskontrakter som styrer tempoet, men de beslutninger som er tatt før gassfunnene er gjort. Utvinningsnivået avgjøres altså før eventuelle gasskontrakter inngås.
Samtidig er det klart at nye gassfelt ikke åpnes for utvinning med mindre det finnes et marked for gassen, med en pris som er langsiktig, og som kan forsvare investeringer i dyre transportsystemer. Det må altså skje forhandlinger med kjøpere først. Utvinning igangsettes først når kontrakter er inngått. Derfor har også inngåelse av nye gassalgskontrakter en viss innflytelse på utvinningstempoet.
Etter Kristelig Folkepartis vurdering skal norske myndigheter derfor ha styring over omfanget av gasssalgskontrakter. Selv om selskapene gjennom GFU og Forsyningsutvalget har et eget ansvar for inngåelse av slike kontrakter og for å gi råd om hvilke felt som skal levere gassen, har norske myndigheter et overordnet ansvar. Det har både med utvinningstempo og makroøkonomiske forhold å gjøre. Derfor er jeg glad for det spørsmålet som interpellanten reiser. Vi er også enig i at det må utvises forsiktighet på dette området.
Etter Kristelig Folkepartis vurdering er gasseksport imidlertid miljømessig å foretrekke i forhold til eksport av olje. Her er det forskjeller. Eksport av gass som erstatter mer forurensende energikilder på kontinentet, er etter vår vurdering positivt. Det gjelder både kull, olje og gass fra petroleumsprovinser som har langt høyere utslipp pr. produksjonsenhet enn Norge, og dette til tross for det tidsperspektivet som representanten Chaffey trekker opp. Selv om man altså vil ha kull i mange år fremover og lenger enn gass, står vi overfor et klimaproblem som haster betydelig mer. Så dette resonnementet holder bare et stykke på vei.
Den avtalen som nylig er kommet på plass i forhold til Tsjekkia, er i så måte svært positiv. Det er ikke tvil om at eksport av gass fra Norge her vil ha positive miljøvirkninger. Inngangen til det tsjekkiske markedet kan også åpne for nye avtaler med andre av de kullbaserte øst- og sentraleuropeiske landene. Det ser vi positivt på. Dette hensynet må også telle med når nye gassalgskontrakter og omfanget av disse skal vurderes. Vi vil derfor være noe varsom med å operere med absolutte tak i en slik sammenheng.
Vi fra Kristelig Folkepartis side holder fast ved at utvinningstempoet først og fremst styres ved lete- og konsesjonspolitikken. Dette har for oss også med generasjonsperspektivet å gjøre. Men vi trenger en løpende debatt om omfanget av nye kontrakter, og vi trenger også å innta en forsiktig holdning i forhold til inngåelse av nye. I denne debatten vil vi delta aktivt. La meg bare avslutningsvis si at når det gjelder gassdirektivet, regner jeg med at vi får rikelig anledning til å komme tilbake til den debatten senere i denne sal.
Odd Roger Enoksen (Sp) : Statsråden sier det vil være unaturlig å sette et absolutt tak på 80 milliarder Sm3. Det er mulig statsråden har rett i det. Men jeg må si det er bekymringsfullt at man ikke har en strategi for hvordan man ønsker å utvikle dette framover. Det er nemlig for det første svært langsiktige kontrakter vi inngår, kontrakter som vil komme til å binde opp framtidige storting for ti år framover. Hvis vi passerer dette taket på 80 milliarder Sm3 som vi så langt har satt som en grense, eller som vi så langt har vært enig om bør representere et tak, betyr det at det må ny infrastruktur på plass. Da vil vi på nytt ha diskusjonen om at de rørledningene som legges, må fylles opp for å gjøre dem lønnsomme, og vi vil øke produksjonen med sannsynligvis opp mot 10 milliarder Sm3 på nytt. Dette vil i så fall representere en reduksjon i utvinningstid framover på et tiår. Så det er en snøball som ruller ganske raskt.
Det er svært mange sammenhenger som må ses når man inngår slike kontrakter som dette. Gunnar Fatland var inne på en del av dem. Velger man den strategien som Høyre legger til grunn - at man ikke sier nei til noen letekonsesjoner, og når man har gjort funn, skal de utvinnes, og de skal utvinnes raskest mulig - så forsterkes dette. Da vil levetiden for gassfeltene framover bli kortere og kortere, levetiden for oljeproduksjonen vil bli kortere og kortere, og vi vil få den stikk motsatte effekten av det som representanten Aud Gaundal etterlyste, nemlig å ivareta hensynet til konkurranseutsatt industri. Nettopp en sånn politikk med økt produksjon, med nye felt og ny infrastruktur vil svekke konkurranseutsatt industri på Fastlands-Norge ved at vi får en overopphetet oljeøkonomi også i framtiden hvor det blir næringslivet på land som taper. Den utviklingen ønsker ikke vi. Derfor er det absolutt på sin plass å være varsom både i forhold til utviklingen innenfor oljesektoren og på gasssiden.
Gunnar Fatland pekte også helt riktig på sammenhengen mellom felt som inneholder både gass og olje. Her vil man ha en del problemstillinger som gjør at det representanten Giil påpekte, om også å ha en reserve å gå på, vil være nødvendig for å få disse tingene til å gå i hop. Men heller ikke det perspektivet så det ut til at det ble lagt særlig stor vekt på.
Jeg deler representanten Chaffeys oppfatning om at også sett i forhold til framtidige klimaforhandlinger burde vi hatt helt klare målsettinger på dette området og ikke nærmest latt det være fritt fram. Statsråden gikk ikke så langt, men når man hører holdningen til representanten fra Høyre til dette spørsmålet og vet at i denne typen saker har Høyre og Arbeiderpartiet stått i lag, er det dessverre mye som tilsier at vi kommer til å passere taket på 80 milliarder Sm3, og at vi kommer til å få en vesentlig økning uten at man stiller spørsmål om effektene av det.
Håkon Giil (Sp) : Det innlegget som kanskje forundra meg mest, var representanten Gaundal sitt, der ho nytta høvet til å gå til eit frontalåtak på Senterpartiet sin oljepolitikk. Eg presiserte her at det var gasspolitikken eg gjerne ville diskutere. Lista over det som eg må kalle for karakteristikkar, vart lang, og eg skal ikkje gå inn på dette. Men slik eg oppfatta det, kritiserte representanten
Gaundal oss både for å vere med på å opne felt - vi vart kritiserte for f.eks. Åsgard - og for ikkje å vere med. Lista var også full av faktiske feil.
Eg er glad for at statsråden si framstilling stod i sterk kontrast til det som representanten Gaundal stod for i dette høvet. Sjølv om det er nyansar her, og vi er usamde eit stykke på veg når det gjeld strategi - eg meiner at strategien ikkje er god nok - tykte eg likevel at det var eit ganske annleis innhald i det innlegget statsråden heldt. Eg kan ikkje gå nærare inn på det, men dersom ein fyrst tek mål av seg til å liste opp dei felta som vi har gått mot eller føreslått utsett, bør i alle fall både Gullfaks Sør, Njord, Norne, Visund samt forsert uttapping av Draugen og Brage vere med. Eg meinte at dette skulle vere underordna i denne samanhengen, og eg presiserer igjen at vi er samde om norsk gasspolitikk kan vere eit nyttig bidrag til global miljøpolitikk. Vi kunne nemne eksempel på at vi har fått redusert ureining på grunn av eksport. Tsjekkia er eit godt eksempel. Men vi kunne også nemne den reduksjonen som har føregått i andre land mellom 1985 og 1995.
Likevel vil eg ta opp igjen at vår gasspolitikk ikkje kan sjåast uavhengig av dei internasjonale miljømåla som vi har sett. Eg håper at dette synet i større grad etter kvart vil få gjennomslag, iallfall når ein vonleg inngår forpliktande klimaavtalar i framtida.
Statsråd Ranveig Frøiland : Norsk gasspolitikk, norsk eksport av gass, har
ført til betre klima i Europa - ikkje berre kan føre til det, men har ført
til det. Det ser vi på utsleppa, vi ser at når ein tar gass i bruk i staden
for kol, fører det til mindre utslepp. Det er jo Storbritannia eit døme på.
Så er eg heilt samd med både Kristeleg
Folkeparti og Høgre i at det er leiteverksemd og konsesjonsrundar som avgjer
aktiviteten både i Nordsjøen og i Norskehavet, både når det gjeld olje og
gass. Eg merkte meg òg at Enoksen viste veldig mykje til det som Høgre sa,
så eg går ut frå at han i stor grad er samd i dette.
I fjor hadde vi ein liknande debatt,
og då gjaldt det utbygging av Åsgard-feltet. Då viste òg Giil til
situasjonen i Aust-Europa. Eg er samd med Giil på dette området. Derfor er
denne kontrakten som vi har fått med Tsjekkia, veldig viktig. Den er med på
å gjera austblokklanda mindre avhengige av gass frå Russland. Det er jo i
den delen av gassmarknaden at den sterkaste veksten no finn stad, det er her
det vert meir behov for gass, som er mindre forureinande enn andre
energikjelder, som kol.
Så vart det sagt frå Senterpartiet at
ein ikkje har nokon strategi for korleis vi skal drive dette arbeidet. Eg
føler at eg har gjort godt greie for den strategien vi har, og det er ingen
andre som har merkbare motførestellingar - anna enn at dei verbalt seier
det. Eg høyrer ikkje om nokon annan strategi enn den Regjeringa har lagt
opp til, anna enn at nokre vil utsetje ein del felt av ulike grunnar -
taktiske eller andre. Iallfall er det stor semje i Stortinget om Regjeringa
sin strategi, både for å laga infrastruktur i høve til sal av gassen og
utvinning av desse store gassfelta.
Heilt til slutt: Når det gjeld
konkurransen og industrien, som Enoksen har vore inne på, må eg seie at når
vi ser korleis den norske industrien har klart å utvikla seg i lag med
oljeindustrien, alt det arbeidet som har vore lagt ned i NORSOK for å få
industrien konkurransedyktig og at det no er norsk industri som får nesten
alt av dei nye kontraktane, er eg heller ikkje redd for industrien, for den
er konkurransedyktig. Dette klarer Noreg å handtera på ein veldig god måte.
Presidenten: Dermed er interpellasjonsdebatten over. Kirsti Kolle Grøndahl gjeninntok her
presidentplassen.
![]()