|
TALERE:
Astrid Marie Nistad (A) (ordførar for saka): Eg er på vegner av bedriftene her i landet glad for at eit fleirtal frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti går inn for å auke løyvingsramma for grunnfinansieringsordninga til 400 mill. kr.
Det er ikkje til å stikke under stol at det har vore spenning her i Stortinget om dette viktige distriktspolitiske virkemiddelet kunne haldast oppe etter at dei borgarlege partia stemde mot det i salderinga av 1997-budsjettet her i Stortinget. Eg er difor glad for at Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti har forlengt ordninga til vi skal gjennnomgå evalueringa av SND i Stortinget no i vår.
Kva er grunnfinansieringsordninga, kva er formålet med den, og kven skal dra nytte av den?
Formålet med SNDs grunnfinansieringsordning er å delfinansiere bedriftsøkonomisk lønnsomme prosjekt som gjev bidrag til utbygging, modernisering og omstilling av norsk næringsliv. Grunnfinansieringa skal skje med usubsiderte innlån frå statskassa. Ordninga er landsdekkande, og den vert administrert av SND sentralt.
Grunnfinansieringslåna vert gjevne med mellomlange og lange avdragstider. Dei vert sikra ved pant i fast eigedom og elles leigerett i driftsutstyr. Låna skal gjevast på forretningsmessige vilkår. Ordninga er sjølvfinansierande og gjev eit overskott eller tap på utlån. Innlåna til grunnfinansieringsordninga skjer ved at staten tek opp lån med rente. Rentenivået for utlån var ved starten av 1997 på 6 % og frå 1. mars i år sett ned til 5,1 % for denne låneordninga.
SNDs grunnfinansieringsportefølje er størst i fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Vest-Agder, Hedmark og Nordland, og minst i Akershus, Oslo, Rogaland, Hordaland og Troms.
Grunnfinansieringslåna utgjorde pr. 1. januar 1996 50 % av SNDs totale utlånsportefølje, men som del av totale næringskredittar i Noreg utgjorde grunnfinansieringslåna berre 2-3 % pr. 1. januar 1995. Grunnfinansieringsordninga gjekk med eit overskott på 80,5 mill. kr i 1996, og dette vert brukt til å dekke SNDs andre driftskostnader, eller så får staten att sitt eigarmessige utbytte, som i 1996 var 37,7 mill. kr.
Ved fråfall av denne ordninga må staten frå si side tilføre SND administrasjonstilskott og/eller krav til utbytte må reduserast.
Frå borgarlege parti har det vorte hevda at ordninga er konkurrerande med private bankar. Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforsking har ikkje funne grunnlag for påstandane om at ordninga er subsidiert, konkurransevridande eller unødvendig.
Spør vi brukarane, bedriftene, er det ein høg prosent som syner til at dei berre har som alternativ SNDs grunnfinansiering. Dette biletet vert også sterkt understreka av fleire landsforeiningar som organiserer bedriftene, og her kan vi spesielt trekke fram fiskeforedling og turisme - begge viktige distriktsnæringar.
Den 16. mai besøkte eg gamle Innvik Ullvare A/S i Nordfjord - ei bedrift som er over 100 år gammal, med lange tradisjonar. For få år attende var det ikkje nok for bedrifta å syne til lange og gode tradisjonar. Her måtte nytenking, kunnskap og kapital til for å redde bedrifta og tradisjonane. Leiaren ved bedrifta, som også har gjennomført snuoperasjonen - frå den sikre død til ei suksessrik bedrift - gjev SND æra for suksessen. Utan grunnfinansieringstilsegn frå SND hadde ingen andre bankar gått inn, verken lokale eller andre landsdekkande finansinstitusjonar. SND-systemet gjekk aktivt inn i bedrifta og såg moglegheitene og kva som måtte gjerast annleis enn tidlegare, gav faglege råd, ytte og hjelpte til med å finne fram til riktig kompetanse, stilte krav til ISO-9000-kompetanse, designkompetanse og aktivt marknadsarbeid.
I 1992 arbeidde 18 personar i bedrifta - i dag, i 1997, 35 personar. Alle står på for bedrifta sin eksistens, og vevemaskinene - nye som gamle - går på skift i moderniserte og utvida lokale. Bedrifta skal utvide vidare. Planane var alt godkjende.
Den same dagen, den 16. mai, fekk vi melding om at Kværner Kimek i Kirkenes var redda, m.a. ved at SND gjekk inn i finansieringspakka for vidare drift. Her vert grunnfinansieringsordninga redninga som erstatning for nedskrivne lån - 17 mill. kr frå SND, med eit rentekrav som var akseptabelt i forhold til risiko, som ingen andre ville yte, vert tilsvarande hjelp for lokalsamfunnet.
Slik kunne eg halde på i det uendelege med å ta fram den eine bedrifta etter den andre frå heile landet - og særleg frå distrikta. Det er det ikkje trong for. Det som undrar meg i denne saka, er den negative haldninga som eit fleirtal av dei politiske partia har til grunnfinansieringsordninga her på Stortinget, ei haldning vi ikkje finn ute på grasrota i dei lokale politiska miljøa.
I mitt einfald trudde eg at vi skulle prioritere verkemiddel som ville tene bedriftene, verdiskapinga, den økonomiske veksten og sysselsettinga, og ikkje dei finansielle vilkåra for utlånarane her i landet. At partiet Høgre tenkjer på kapitalavkastinga for bankvesenet, er i tråd med konservativ politikk, men samstundes utelèt dei eit anna moment som dei elles dyrkar særleg sterkt, nemleg konkurransesida. Å utelate konkurransen på finansieringssida for bedriftene er å gje dei dårlegare rammer å arbeide under. Det vil gå ut over bedriftene, verdiskapinga og sysselsettinga.
Eg er glad for at Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti er villige til å vere med på å auke ramma opp til 400 mill. kr. Fjorårets ramme var på i alt 1 milliard kr. At Senterpartiet har mange medlemer i lokale bankstyre og representantskap rundt om i landet, veit eg, men eg nektar å tru at eit parti som nyttar alle høve til å framstille seg som det einaste distriktspolitiske partiet, går mot denne ordninga av den grunn.
For Høgre er det viktig å vise til marknadskreftenes frie spel. Men for Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, som vil vere med og styre utviklinga, må dette vere ei dårleg sak. I tillegg vil eg heller ikkje tru at dei har så kort minne at dei ikkje minnest bankkrisa for få år attende.
Det er viktig at staten har verkemiddel som kan brukast aktivt og nyttast som korrektiv når vi får endringar i konjunkturane, som svingar over tid. Næringslivet ropar på langsiktigheit og rammevilkår som er dei same som det konkurrentar i andre marknader har.
Elles vil eg syne til at SND etter kvart har opparbeidd ein monaleg bransjekunnskap og innsikt i lokale og regionale forhold som gjer at fondet sikrare kan gå inn i prosjekta og vurdere desse enn andre kredittinstitusjonar. Denne kompetansen som SND her har til å vurdere risiko knytt til det enkelte prosjektet, risiko til strukturen i bransjen og elles generell risiko, er mangelvare hos lokale bankar og ofte også hos regionale bankar. Den utbygginga som i dag skjer ved SND sine distriktskontor, gjer at dei i framtida også vil kunne yte større bidrag når det gjeld kompetanse og desentraliserte tilbod til næringslivet over heile landet.
Eit anna viktig ansvarsområde for SND vert finansiering av fiskebåtar. Her vil grunnfinansieringsordninga vere eit sentralt verkemiddel for å sikre kapitaltilførsel til fiskeflåten.
Eg vil også her nemne kva eit samla storting sa i St.meld.nr.28 (1995-1996), Hvor fartøy flyte kan ..., om spørsmålet om bruken av SND sine verkemiddel for NOR-flåten. Og ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 vart det uttalt at ein ville kome attende til spørsmålet om SND sitt verkeområde også skal omfatte NOR-flåten. Eit slikt spørsmål er også avhengig av at grunnfinansieringsordninga held fram. Eit slikt verkemiddel vil nemleg vere høgst aktuelt ved fornyinga av flåten.
Eg er glad vi i dag kan forlengje grunnfinansieringsordninga til vi tek fatt på evalueringa av SND, St.meld.nr.51 (1996-1997). Eg forventar også ei vidareføring av grunnfinansieringsordninga etter den evalueringa, då vi treng eit verkemiddel som fangar opp det resten av finansmarknaden seier nei til. Det treng norsk næringsliv over heile landet, og vi frå Arbeidarpartiet si side vil gjere alt for at dei framleis skal kunne føle den tryggleiken.
Eg viser elles til fleirtalsforslaget og ber Stortinget stemme for det.
Unn Aarrestad (Sp) : Det er nå eit fleirtal på Stortinget som går inn for å avvikla den nåverande grunnfinansieringsordninga i SND. Det syner stortingsfleirtalet, inkludert Arbeidarpartiet, til i denne innstillinga.
Senterpartiet meiner elles at grunnfinansieringa etter nåverande modell vil kunna verka som ein statleg forretningsbank, og det er neppe det me har bruk for. Forretningsbankar, sparebankar og finansinstitusjonar av ulike slag bør kunne ta vare på den utlånsverksemda som finst, på reine marknadsmessige vilkår. Derfor har også Senterpartiet i tidlegare innstillingar gått imot å føra dette vidare.
Noko anna er at det trengst ei overgangsordning til me får ein ny modell på plass. Derfor er Senterpartiet her nå med i fleirtalet for å utvida ramma for grunnfinansieringslån med 250 mill. kr, som er 50 mill. kr mindre enn departementet føreslo. Dette gjer me i påvente av å få vedteke nye låneordningar. Til den tid må SND vera i stand til å tilfredsstilla behovet for lån med gjeldande grunnfinansieringsordning.
Elles er Senterpartiet med på å leggja klare føringar på kva type lån me meiner SND bør tilby i framtida. SND bør kunna tilby lån som er ein mellomting mellom grunnfinansiering og dagens risikolån, med ein viss låg risiko. Her er føresetnaden at renta og andre vilkår for slike lågrisikolån bør vera mykje betre enn for dei risikolåneordningane me har nå. Det er her me treng tillegget og alternativet til dei låneordningane som alt finst. Samstundes bør dei årlege rammene for ei ordning med lågrisikolån kunna vera på storleik med den grunnfinansieringsordninga me har hatt dei siste åra.
Stortingsmeldinga om evaluering av SND kom mykje seinare enn tidlegare føresett. For det første gjer det at me må etterløyva pengar nå. Men det som verre er, er at det også kan gjera at handsaminga i Stortinget ikkje vert så grundig som denne viktige meldinga fortener.
Senterpartiet hadde elles rekna med at det hadde vorte teke omsyn til at eit stortingsfleirtal gjekk inn for å avvikla grunnfinansieringsordninga då stortingsmeldinga om evaluering av SND nyleg vart framlagd. Eg må berre tilstå at det forundra meg og fleire ikkje lite at departementet ennå ikkje er i stand til å ta eit signal frå eit stortingsfleirtal. I den samanhengen er det nyttig å kunna syna til nå at det i alle fall er klart for alle parti i innstillinga til saka i dag at så er tilfellet. Elles reknar eg med å koma tilbake til dette både i innstillinga og debatten om stortingsmeldinga om SND seinare.
Morten Lund hadde her overtatt presidentplassen. Kristin Krohn Devold (H) :
Arbeiderpartiet står på sitt, og det er både naturlig og forståelig. Det er
nemlig reelle forskjeller knyttet til ideologi mellom Høyre og
Arbeiderpartiet i forbindelse med synet på staten, både når det gjelder
statlig bank- og forretningsvirksomhet, når det gjelder statlig eierskap i
småbedrifter og næringsliv, og når det gjelder statens rolle som
strukturutvikler - at staten aktivt deltar i utvelgelsen av hvem som skal
overleve, og hvem som ikke skal det. Jeg vil derfor gi Astrid Marie Nistad
honnør for et ærlig forsvar for grunnfinansieringsordningen, som
Arbeiderpartiet hele tiden har vært for. Det er nemlig ikke Arbeiderpartiet
som forundrer meg i denne saken. For dette dreier seg ikke om å sette SND i
stand til å ivareta forpliktelser overfor næringslivet, forpliktelser
inngått før Stortingets vedtak til jul. De ble ivaretatt da vi behandlet
St.prp.nr.1 Tl.07. Dette dreier seg om midler til nye lån i 1997, lån det
var flertall for å avvikle til jul.
Unn Aarrestad fra Senterpartiet sier
at det trengs penger til en overgangsordning. Det var i så fall akkurat
like stort behov for penger til en overgangsordning til jul, og hvorfor gikk
ikke Senterpartiet inn for det da? Dette er en bevilgning etter at vi har
behandlet statsbudsjettet og salderingsproposisjonen og før vi behandler
revidert nasjonalbudsjett, etter at vi har mottatt meldingen om SND og
mottatt revidert nasjonalbudsjett, som skal behandles om få uker. Dette
viser mellompartienes slingring, og det viser kanskje også Arbeiderpartiets
manglende evne til å få fram saker helhetlig og i tide. Først bevilger vi
pengene, og så tar vi prinsippene etterpå. Og såkornkapitalfondet er
fortsatt i det blå. Dette skaper et meget uryddig inntrykk.
Høyre mente det vi sa til jul.
Grunnfinansiering har vi nok av statsbanker til å ta seg av allerede, og
egenkapitaldivisjonen driver aksjeoppkjøp i private bedrifter. Først fikk
vi delingsmodellen, som tvang småbedriftene til å selge 34 %, og så stod SND
klar til å kjøpe. Videre gir dette forskjellsbehandling mellom ellers like
private bedrifter, der én bedrift får statlige penger til å oppgradere
produksjonsutstyret sitt, mens nabobedriften som er konkurrent, ikke får
det. I denne saken hadde mellompartiene det så travelt med å løpe fra
konsekvensene fra sin egen politikk til jul, at de ikke kunne vente på den
saken som allerede ligger inne, og som skal behandles om få uker. Jeg er
derfor veldig spent på om også Venstre foretar en slik helomvending, eller
om de fortsatt mener det de mente til jul.
I innstillingen sies det at dagens
grunnfinansiering skal erstattes av økt statlig risikotaking, og at dette
skal fremlegges i SND-meldingen. Det kan derfor virke på meg som om
Arbeiderpartiet har tillatt Senterpartiet indirekte å sitte på fanget mens
de skrev SND-meldingen - den samme meldingen som man ikke hadde tid til å
vente på. Seriøst er det i hvert fall ikke. Dette har gitt mellompartiene
den fordelen at de kunne dokumentere noen kutteforslag til jul, dokumentere
noen prinsipper, og så deler de pengene ut igjen til påske - og kan altså
ikke vente på to saker som vi allerede har fått. Med det opplegget som
Senterpartiet ivrer for, økt statlig risikotaking gjennom SNDs
låneordninger, vil resultatet bli økte offentlige utgifter, økt risiko for
staten og gunstigere lån fra disse statlige låneinstitusjonene enn det de
private konkurrentene kan gi. For Venstre, som er opptatt, sier de, av den
økte statlige makt, for stor statlig dominans i næringslivet og urettferdig
konkurranse mellom private og offentlige aktører, må dette fremstå som noe
ordentlig søl, og jeg er ganske spent på Venstres stemmegivning i saken.
Høyre står igjen om det som var fire
partiers fellesstandpunkt og merknader så sent som før jul. Dette danner
for øvrig et mønster som bekymrer meg. Senere i dag skal vi behandle ny
fiskebåtfinansiering. Her har Senterpartiet hoppet over fra fellesmerknader
med Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti og støtter nå Arbeiderpartiet når
det gjelder å forhindre fornyelsen av fiskeflåten - helomvending siden jul.
Dette lover ikke godt for såkalt mellompartiregjering. Først klarer de
knapt å bli enige om noe, og når de blir enige, hopper ett eller flere
partier av få måneder etterpå og støtter Arbeiderpartiet likevel.
Jeg har latt være å berøre alle de
prinsippene og detaljene vi skal utforme for et fremtidig SND. Det vil Høyre
gjøre ved behandlingen av meldingen. Og vi er lei oss for at ikke også
mellompartiene og Arbeiderpartiet da har anledning til å se prinsipp og
bevilgninger i sammenheng.
[Neste innlegg av Kristin Krohn Devold]
Presidenten: Det blir replikkordskifte. William Engseth (A) : Jeg syns det er
helt greit at representanten Kristin Krohn Devold gir så klart uttrykk for
Høyres syn. Men jeg må spørre representanten: I en tid hvor norske
storbanker har vært i en viss krise, kan hun ikke se at for en liten bedrift
på f.eks. Furuflaten i Troms - for å ta et utkantdistrikt - hvor det bare
fins en bank og knapt nok det, har staten gjennom
grunnfinansieringsordningen hjulpet bedriften og vært til gagn for
næringslivet? Og kan hun ikke se, når en snakker om statsbankene som om det
fins statsbanker på hvert eneste nes som står klar til å åpne pengeboka så
snart en bedrift i en etableringsfase har behov for penger, at det fins
behov for den slags finansieringsordning eller lignende
finansieringsordninger fra statens side for å hjelpe næringslivet særlig i
distriktene, og kanskje særlig i det fylket representanten Kristin Krohn
Devold kommer fra? Hvis man leser SNDs årsrapporter, ser man at det faktisk
er det fylket som har benyttet grunnfinansieringsordningen mest.
Kristin Krohn Devold (H) : Jeg skal gi et kort svar til representanten
Engseth. Ja, da storbankene var i krise på begynnelsen av 1990-tallet, da
det var krise i finansieringsmarkedet, hadde Høyre et pragmatisk syn på det
å iverksette også grunnfinansieringsordningen som kunne hjelpe bedriftene.
Men det skjer ting, og situasjonen i dag er ikke et norsk bankmarked i
krise. Derimot er situasjonen i dag at etablerere har store problemer med å
få nødvendig risikokapital til å starte opp og realisere prosjektene sine.
Engseth var jo også inne på hensynet til etablerere i spørsmålet sitt. Og
det er jo nettopp poenget, for nå vil Høyre vri SNDs aktiviteter over fra
den tradisjonelle bankvirksomheten og satse på risikokapitalformidling
gjennom såkornkapitalordningen, som vi har foreslått, slik at nettopp
etableringsbedriftene får muligheter til å starte nyskaping i Norge. Det
forslaget tok vi opp for et helt år siden, og det ble vedtatt i Stortinget.
Men det er ikke fremlagt hvordan dette skal gjennomføres, heller ikke i den
SND-meldingen vi fikk tirsdag, så Regjeringen har trenert iverksettelse til
gode for småbedriftene i et helt år. Det bekymrer meg, og det burde også
bekymre representanten Engseth.
Unn Aarrestad (Sp) : Eg har ei kjensle av at det nå vert brukt vindmøller
som slår til alle kantar, frå Høgre si side. Er det så vanskeleg å få fram
kva som eigentleg er Høgre sin politikk på dette feltet?
I Senterpartiet står me for, som me
har gjort tidlegare, å avvikla nåverande grunnfinansieringsordning. Så går
me inn for - og me har fått Arbeidarpartiet med på - å auka
lågrisikoordningane. Då er Høgre redd for at dette vil gi større utgifter
for SND. Samtidig vil dei ikkje ha grunnfinansieringsordning. Det er noko
som ikkje heng saman i Høgre sin politikk her. Senterpartiet meiner at me
skal ha høgare risiko, lågare rente, meir til små bedrifter, meir til
distriktsretta tiltak. Men kva er det eigentleg Høgre vil med SND?
Kristin Krohn Devold (H) : Høyre som vindmøller som slår til alle kanter?
Nei! Men vi slår ganske hardt ned på ditt parti, representanten Aarrestad,
for det er vel i første rekke ditt parti som markerer helt andre holdninger
i dag enn det man gjorde før jul.
Du sier at Senterpartiet står fast på
å ville avvikle nåværende grunnfinansieringsordning. Men den bevilgningen
vi vedtar i dag, er jo den helt alminnelige, ordinære
grunnfinansieringsordningen til SND. Det er ikke noe annet. Den er den
samme som den var før jul, og som dere går imot etter jul.
Dernest sier du noe veldig
interessant. Du sier at Senterpartiet har fått Arbeiderpartiet med seg på
økt risikotaking, altså en ny type finansieringsordning. Jeg ser at den er
nevnt i innstillingen til den saken vi behandler i dag. Men det står jo
ikke et ord om det i selve proposisjonen. Betyr det du sier at
Senterpartiet har fått Arbeiderpartiet med før SND-meldingen ble fremlagt,
til å binde seg til spesielle løsninger og spesielle fremtidige prinsipper,
før saken er fremlagt, og før næringskomiteen har fått den til behandling? I
så fall syns jeg det bare bekrefter akkurat det jeg sa i sted, at
Arbeiderpartiet i denne saken dessverre har tillatt seg å ha Senterpartiet
på fanget mens det skrev sin egen melding.
Presidenten: Presidenten vil minne om at hele innlegget skal rettes til
presidenten og ikke til representanter i salen.
Flere har ikke bedt om ordet til
replikk. Lars Gunnar Lie (KrF) : Kristeleg
Folkeparti er i denne innstillinga med på å auka låneramma for
grunnfinansiering med 250 mill. kr. Det er ut frå ei nøktern, pragmatisk
haldning til dei ordningane som vi ønskjer skal fungera for næringslivet.
Vårt første poeng er altså at det er av omsyn til næringslivet vi er med på
dette.
Vidare har vi i fleirtalsinnstillinga
skrive inn dei premissane som vi meiner skal liggja til grunn for denne
ordninga og den løyvinga vi no er med på.
For det tredje: Når det gjeld
strukturen og korleis dei ulike ordningane skal dimensjonerast og fungera,
vil vi frå Kristeleg Folkeparti si side koma attende til det i samband med
meldinga om SND som næringskomiteen no har til handsaming.
Reidar Johansen (SV) : Når det gjelder grunnfinansieringsordninga, vil jeg
bare komme med et par merknader fra SVs side. Vi har ingen prinsipielle
motforestillinger mot at staten spiller en særdeles aktiv rolle også gjennom
sine egne organ. Vi har heller ingen prinsipielle motforestillinger mot at
SNDs grunnfinansieringsordning som sådan fungerer.
Vår innvending både da vi behandlet
budsjettet i desember, og for så vidt også når vi skal behandle meldinga om
SND, er måten grunnfinansieringsordninga fungerer på. Vi ønsker ikke en
statlig ordning som blir brukt bevisst i en statlig strukturpolitikk som
ikke tjener de interessene som vi ønsker å forsvare. I den henseende tror
jeg nok vi er rimelig enig med Senterpartiet. Når det gjelder den
bevilgninga vi gjør i dag, er det en praktisk tilordning i et system i
påvente av behandlinga av SND-meldinga.
Men jeg har lyst til å føye noen
kommentarer til den smule debatt det har vært mellom Høyre og Senterpartiet.
Den er i og for seg ganske interessant. Jeg må si at representanten Krohn
Devolds prinsipielle argumentasjon for statlig eierskap, statlig aktivitet,
kommer i et litt merkelig lys når vi senere i dag skal behandle et par andre
saker der Høyre ikke i det hele tatt legger noen begrensninger på seg når
det gjelder statlig inngripen, statlige støtteordninger. Den prinsipielle
holdninga til statlig virksomhet, statlig aktivitet, fra Høyres side tror
jeg ikke er av reell prinsipiell karakter. Den er seg sjøl nærmest - for å
si det slik. Jeg syns overskriften på representanten Krohn Devolds innlegg
på mange måter kunne være et spørsmål: Hvor er du Lars Sponheim, kan du
komme inn her og ordne opp mellom mellompartiene, så vi får den holdninga
dere stod for i budsjettbehandlinga? Jeg syns at Senterpartiet fortjener ros
for at de har tatt inn over seg den virkeligheten vi nå tross alt er en del
av, og forsøker å påvirke den. Om vi er enig i de enkelte detaljer, er
annen sak. Men jeg syns representanten Krohn Devold og Høyre kanskje burde
hatt en litt annen tilnærmingsmåte, fordi dette i stor grad faktisk angår
hennes egne velgere rundt i Distrikts-Norge.
Øystein Hedstrøm (Frp) : Vi har her opplevd en debatt om hvem som spiser
middag med hvem, hvem som er enig med hvem, og hvem som har endret
standpunkt og hvem som ikke har gjort det, siden vi fikk SND-systemet.
Jeg kan i hvert fall si klinkende
klart at Fremskrittspartiet, som var imot opprettelsen av Statens nærings- og
distriktsutviklingsfond, har vært skeptisk til støtteordningene over fondet
helt siden det ble opprettet. Vi ønsker ingen innblanding i
næringspolitikken i form av statlige banker og næringsfond som kanaliserer
kapital i form av garantistøtte og låneordninger. Det er først og fremst
aksjemarkedet og private finans- og kredittinstitusjoner som skal fremskaffe
risikokapital. Så jeg vil understreke: Vi har ikke endret vårt syn siden vi
fikk SND-systemet.
Regjeringen hevder i proposisjonen at
det er nødvendig å sikre en rimelig kontinuitet i
grunnfinansieringstilbudet, og at dette bør skje ved å utvide rammen for
grunnfinansieringslån. Selv om denne ordningen betyr at lån gis på
forretningsmessig grunnlag, og at låntakeren må stille med høy sikkerhet,
kan denne finansieringen i hvert fall i noen tilfeller opptre i direkte
konkurranse med ordinær lånevirksomhet i andre banker. Det mener vi er
uheldig.
Vi har egentlig ikke noe
kapitalproblem i Norge i dag - i hvert fall ikke på kort sikt - men vi har
et kanaliseringsproblem. I dag er det mange potensielle investorer som ikke
har tillit til langsiktig lønnsomhet for investeringer i landet vårt.
Tilgangen på risikovillig kapital har vært liten på grunn av manglende
forståelse for nødvendige fortjenestemarginer. Det er det som er sannheten.
Skal kapital i større grad kanaliseres til bedriftene, må vi få et mer
næringsvennlig regelverk. Aksjer, obligasjoner og bankinnskudd må ikke
beskattes høyere i Norge enn i andre land, ellers vil bedriftene mangle
kapital til vekst og utvikling.
Jeg vil anbefale Fremskrittspartiets
representanter å stemme imot innstillingens romertall.
Statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen : Den innvilgningsrammen på 150 mill. kr
som Stortinget fastsatte ved salderingen av statsbudsjettet for 1997 for nye
lån under SNDs ordinære grunnfinansieringsordning, har vist seg å være for
lav i forhold til det normale aktivitetsnivået for den aktuelle perioden,
altså første halvår. Nær 130 mill. kr av rammen var brukt opp etter fire
måneder. SND har ferdigbehandlet søknader for 40 mill. kr, hvor det på
grunn av budsjettsituasjonen ikke er gitt tilsagn. La meg minne om at det
til sammenlikning ble gitt tilsagn om grunnfinansieringslån på ca 2
milliarder kr pr. år i de tre foregående årene. Også for SND som
institusjon vil det på kort sikt være vanskelig å tilpasse bemanningen til
de store variasjonene i rammene.
Det er derfor positivt at det er et
flertall i næringskomiteen for å øke innvilgningsrammene for
grunnfinansieringsordningen fra 150 mill. kr til 400 mill. kr. Jeg regner
med at dette vil være tilstrekkelig til å dekke næringslivets behov for
grunnfinansiering i første halvår 1997. Dette vil sikre at ordningen
fortsatt vil fungere som et korrektiv i markedet til andre
kredittinstitusjoner på områder med svak konkurranse og manglende tilbud i
kapitalmarkedene. Ordningen vil fortsatt bli nyttet til å delfinansiere
bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsomme prosjekter, fortrinnsvis i små og
mellomstore bedrifter. Det har vist seg at spesielt næringslivet i
distriktsfylkene har behov for denne ordningen.
Jeg vil understreke at det i
grunnfinansieringsordningen ikke skal ligge noe subsidieelement. Den skal
fungere som et markedskorrektiv. Ordningen skal dekke alle kostnadene
forbundet med den, inklusiv tap på engasjementer og egen administrasjon.
Det skal betales utbytte og provisjon til staten. Jeg kan nevne at for
regnskapsårene 1993 - 1996 har ordningen gitt et betydelig utbytte til
staten, på i alt 127 mill. kr.
Spørsmålet om
grunnfinansieringsordningen fortsatt skal være en del av SNDs
virkemiddelapparat har stått i fokus. Jeg mener det er behov for ordningen.
Særlig innen områder hvor det er liten konkurranse på tilbudssiden, vil
grunnfinansieringsordningen være et viktig markedsmessig korrektiv som gir
næringslivet bedre finansieringstilbud. Ordningen foreslås derfor i
St.meld.nr.51 (1996-1997) videreført med en sterkere prioritering av små og
mellomstore bedrifter, bransjer og distrikter med svikt i tilbudet av
grunnfinansieringslån. Nivået på utlånene vil forutsetningsvis bli
tilpasset konjunktursituasjonen.
Jeg har merket meg at komiteen
foreslår å etablere en ordning med lavrisikolån, en mellomting mellom dagens
grunnfinansieringsordning og risikolånordning. For Regjeringen er det
viktig at tilbudet til næringslivet blir opprettholdt. I påvente av den nye
låneordningen må SND settes i stand til å tilfredsstille næringslivets behov
for lån på områder preget av manglende tilbud. Når det gjelder den
langsiktige virkningen, vil jeg for øvrig imøtese Stortingets behandling av
den foreliggende melding.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.
(Votering, se side 3398)
[Neste innlegg av Kristin Krohn Devold]