|
TALERE:
Børre Rønningen (SV) : Me får ordskifte om denne saka knytt til økonomiske vilkår for langtidsledige i Odelstinget seinare i dag, men eg vil berre formelt vise til samanhengen i og bakgrunnen for det framlegget
som ligg i Stortinget. Det har samanheng med Innst.O.nr.77 (1995-1996), der det blei sagt at me skulle få ein tiltaksgaranti for dei som hadde gått ut ein tre-års dagpengeperiode. Dette har det vore jobba med i departementet sidan juni i fjor. Det har vore ei viss usemje mellom Arbeidsdirektoratet og departementet i synet på utforminga av reglane. SV har for sin del under arbeidet med denne saka hatt korrespondanse med statsråden, og på grunn av at desse reglane eigentleg skulle gjelde frå 1. januar 1997, fremma SV det private framlegget som ligg i denne saka.
Det er då slik at denne saka har fått oppfølging gjennom ein eigen Odelstingsproposisjon frå Regjeringa i mai, og at me kjem tilbake til dette under odelstingsbehandlinga. Eg fann grunnlag for berre å gje ei framstilling av bakgrunnen for at vi har jobba med saka.
Presidenten: : Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.
(Votering, se side 3824)