Header dokumenter

Stortinget
Møte mandag den 8. desember kl. 11 1997


Sak nr. 5
Innstilling fra næringskomiteen om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond - Ramme for lavrisikoordningen 2. halvår 1997 (
Innst.S.nr.31 (1997-1998), jf. St.prp.nr.2 (1997-1998) )

TALERE:


       Presidenten: Presidenten gjør oppmerksom på at det her foreligger en beriktiget innstilling.


       Torstein Rudihagen (A)
(ordfører for saken):

       SND skal utviklast vidare som myndigheitene sitt sentrale verkemiddel innanfor nærings- og distriktspolitikken. Dette støtta eit fleirtal her i Stortinget under behandlinga av SND-meldinga i vår. Det var viktig å få slege dette fast, samtidig som det er viktig at ein til kvar tid vurderer dei verkemiddelordningane SND rår over, sett i forhold til målsettinga for SND.

       Når konkurransen i det private kredittmarkedet stort sett fungerer tilfredsstillande, er det ikkje så stort behov for grunnfinansieringsordninga. Det synest derimot å vere meir behov for å etablere ei lågrisikoordning for prosjekt med lågare risiko enn dei som er meinte å gå inn under dagens låneordning. Derfor gjekk da òg stortingsfleirtalet under behandlinga av SND-meldinga inn for å opprette ei lågrisikoordning som erstatning for grunnfinansieringsordninga, men likevel slik at den delen av grunnfinansieringsordninga som tidlegare høyrde til under Fiskarbanken, vart ført vidare.

       Den nye ordninga plasserer seg mellom grunnfinansieringsordning med vanleg førsteprioritet og risikolåneordning. Fleirtalet i næringskomiteen i førre storting slo fast at ramma for ei slik lågrisikoordning burde vere minst på storleik med det som har vore vanleg ramme for gjeldande grunnfinansieringsordning. Regjeringa sitt forslag om ei ramme for denne lågrisikoordninga for 2. halvår 1997 er dermed i tråd med og ei logisk oppfølging av tidlegare merknader frå komitefleirtalet og stortingsvedtak frå juni i år.

       300 mill. kr i innvilgingsramme er det som Regjeringa finn nødvendig for at ein skal kunne sikre eit konkurransedyktig tilbod av lågrisikolån i distrikt og næringar der tilbodet elles er for svakt. Dette vil da gi SND eit innlånsbehov i 1997 på 200 mill. kr. Eg viser til at eit fleirtal i næringskomiteen støttar opprettinga av lågrisikoordninga og Regjeringa sitt forslag til innvilgingsramme.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 5.

       (Votering, se side 836)