Header dokumenter

Stortinget
Møte torsdag den 18. desember kl. 10 1997


Sak nr. 15
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1997 under kapittel administrerte av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (
Innst.S.nr.51 (1997-1998), jf. St.prp.nr.23 (1997-1998) )

TALERE:


       Sigvald Oppebøen Hansen (A) (ordførar for saka): Det er ein samrøystes komite som sluttar seg til dei framlegga som er lagde fram når det gjeld endringar på statsbudsjettet for 1997. Eg skal berre knyte nokre korte merknader til dei enkelte områda som er omtalte i denne saka.

       For det første gjeld det tilskott til verkemiddeltiltak for grunnskulen i Nord-Noreg. Det kan sjå ut som at det i dei siste åra berre har blitt nytta om lag halvparten av det budsjetterte til dette tiltaket. Det kan sjølvsagt vere mange årsaker til det. Eg er klar over at det er vanskeleg å budsjettere denne posten. Men komiteen vil oppmode departementet om at ein i framtida gjer ei budsjettering som er meir i tråd med det reelle behovet, dersom det er mogleg.

       Det andre eg vil ta opp, er framlegget i proposisjonen om at elevar som vel å ta folkehøgskule som siste år i eit fireårig løp, kan få lån utan behovsprøving på lik linje med 19-åringane elles. Dette framlegget har konsekvensar for 1998-budsjettet og åra framover. Etter komiteens meining ville det ha vore mest naturleg at denne saka hadde blitt fremma i tilleggsproposisjonen for 1998. Det same argumentet kan gjerast gjeldande for framlegget om å auke løyvingane til inkassoverksemd i Lånekassa.

       Elles viser eg til merknadene i B.innst.S.nr.12 (1997-1998) frå dei enkelte partia om desse sakene.

       Til slutt vil eg gi uttrykk for at ei av målsettingane for Stortinget med å innføre ei ny budsjettreform, var omsynet til heilskap og langsiktige haldningar. Slik sett finn eg grunn til å presisere at ein endringsproposisjon som St.prp.nr.23 ikkje er rette staden å gjere framlegg om nye tiltak som har konsekvensar for budsjetta framover.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 15.

       (Votering, se side 1322 f.)