Header dokumenter

Stortinget
Møte tysdag den 26. mai kl. 10 1998


Sak nr. 6
Interpellasjon fra representanten Astrid Marie Nistad til justisministeren:
« I
B.innst.S.nr.4 (1997-1998) uttaler ein samla komité at det framleis kan skje forbetringar når det gjeld likestilling i politi- og lensmannsetaten, for eksempel på områda etter- og vidareutdanning og karriereplanar. Vi har i den seinare tid fått oppslag i aviser om politikvinner som blir forbigått ved tilsettingar. Likestillingsombodet har fått langt fleire klager frå kvinner i politi- og lensmannsetaten enn vanleg. Dette er eit signal om at ein bør sjå på tiltak som kan rette opp ei uheldig utvikling i forhold til kvinnene i politi- og lensmannsetaten.
Kva vil justisministeren gjere for å sikre likestilling i politietaten, og også sikre betre rekruttering av kvinner til tjenestestadane? »

TALERE:


       Astrid Marie Nistad (A) : Etter snart eit år som medlem av justiskomiteen har eg lagt merke til dei likestillingsproblema som kvinner møter i sitt arbeid i politi- og lensmannsetaten. Det er bakgrunnen for denne interpellasjonen.

       I B.innst.S.nr.4 (1997-1998) uttalte ein samla komite at det framleis kan skje forbetringar når det gjeld likestilling i politi- og lensmannsetaten. Like fullt trur eg faktisk etter dette året at det er mykje som må gjerast før vi kan snakke om reell likestilling i denne etaten.

       Med bakgrunn i at berre fire av 370 lensmenn er kvinner og berre ei av 54 fungerande politimeistrar er kvinner, er det langt igjen før det er likestilling i toppstillingane. I dag utgjer kvinnedelen på leiarnivå berre 4 %. Kvinnedelen i politi- og lensmannsetaten totalt er berre på 13 %. Det er ikkje mykje å skryte av for eit land som vil stå fram som eit av dei landa som er kome lengst i forhold til likestilling. Dei aller fleste partia her i Stortinget er einige om at likestilling er viktig. Politi- og lensmannsetaten er framleis svært mannsdominert, og så lenge vi ikkje klarer å få fleire kvinner til å vere i etaten, må myndigheitene sjå på kva som kan gjerast og rettast på.

       Eg er vel kjend med at det i Justisdepartementet er oppretta ei eiga stilling som likestillingskontakt, og at det er arbeidd ut ein sentral handlingsplan for likestilling i politi- og lensmannsetaten. Handlingsplanen går m.a. ut på å danne kvinnenettverk i alle politidistrikta i Noreg. Eg er òg kjend med er det berre er tre av landets politidistrikt som har følgt opp. Dette tyder på at det er politidistrikt som ikkje ser denne oppgåva som viktig og heller ikkje legg forholda til rette for kvinner, ei heller tilset kvinner i ledige stillingar, eller er innstilte på å følgje dei opp karrieremessig.

       Dette kan skuldast så mangt og også forklarast enkelt med at det ikkje er kultur for å ha kvinnelege tilsette i denne viktige etaten. Spesielt i lensmannsetaten ser vi at det i dag er ei markert kvinneflukt. Mellom 50 og 90 % av kvinnene som fullførte lensmannslinja ved Politihøgskulen i åra 1985-1989, slutta i etaten eller fekk seg arbeid ved eit politikammer. Vaktordningane vert peikte på som ei ulempe for kvinnene. Ser vi på omsorgsstillingane i helsevesenet, som har vore typiske kvinneyrke, vert det brukt vaktordningar og turnusplanar utan at dette har ført til motargument for å tilsette kvinner.

       I dag ser vi at altfor mange politidistrikt ikkje tilset kvinner. I 1998 er dette uakseptabelt. Vi ser at klagebunken hos Likestillingsombodet veks, og at det skjer diskriminering i tilsettingar både i grunnstillingane og i leiarstillingane. Likestillingsombodet melder også om langt fleire klager frå denne etaten enn frå andre etatar, ikkje minst etter store medieoppslag om enkeltsaker.

       Det ser også ut til at det er vanskelegare å vere kvinneleg politi i distrikta enn i Oslo. Det er vanskelegare å få jobb og vanskelegare å verte godtatt på linje med sine mannlege kollegaer. Særleg vanskeleg vert det når desse kvinnene får barn. Det er eit tankekors at dette omsorgsproblemet ikkje har oppstått før det vart tilsett kvinner i etaten. Det fortel kor mykje vanetenking det er når det gjeld kven som har ansvaret på heimebane.

       Eg er òg kjend med at fleire av desse kvinnene meiner seg tilsidesette ved fleire tilsettingar. Slik vert dei utsette for ei systematisk diskriminering. I dag er det berre menn i tilsettingsråda, og det må vere lov å seie at det ser ut som om menn tilset menn.

       Vi ser òg at nokre av dei få kvinnene som er i politiet i dag, er frå første generasjon og har meir enn lang nok praksis til å søkje leiarstillingar. Dette er ei utfordring som bør utnyttast positivt for desse kvinnene og samstundes snu ein tradisjon. Vi bør ikkje oppleve fleire slike utsegner som følgjande frå ein lensmann då han tilsette ein mann: « Det passer best med en mann som min høyre hånd. »

       Ved gjennomgang av innstillingar ser ein òg at kvinner vert plasserte som nummer to, og ved neste gongs søknad har den som er plassert som nummer tre, vorte nummer ein i neste innstilling. Det er det same innstillingsutvalet, dei same personane, som står for desse innstillingane. Eg trur at mange gamle haldningar heng igjen i denne etaten. Eg trur at ein framleis skal vere sterk og stor for å vere tilsett i politiet, for her trengst fysisk styrke, og ein ser så mykje av livets skuggesider at kvinner rett og slett skal vernast for slike opplevingar. Men like fullt skal alle som arbeider i denne etaten, ta vare på alle i samfunnet, både kvinner og menn. Dette må òg speglast av ved at dei som skal stå til teneste og syte for ro og orden, speglar av denne todelinga mellom kjønna i eit moderne samfunn - i eit samfunn som ser det som heilt naturleg at kvinnene har sin eigen jobb og er uavhengig av mannen si inntekt, i eit samfunn som ser det som viktig å ha tilbod som gjer det naturleg for både kvinner og menn å ha eit arbeid og ta ansvar for og syte for omsorg for barn og heim.

       Eg vil minne om at justiskomiteen i B.innst.S.nr.4 (1997-1998) peika på at det einskilde stader er vanskar med å rekruttere kvalifiserte søkjarar til politi- og lensmannsetaten, og bad om at det vart oppretta ei ordning med stipend til høgskulestudentar som bind seg til å arbeide i ei viss tid ved eit lensmannskontor eller politikammer som har rekrutteringsproblem. Som sagt har justiskomiteen uttalt at ein har ei positiv haldning til likestilling i etaten, men meiner at det framleis kan skje forbetringar på områda som gjeld etter- og vidareutdanning og karrieremoglegheiter.

       Eg vil avvente statsråden sitt svar på kva tiltak ho no ser som naudsynte for å sikre den forventa likestillinga i politi- og lensmannsetaten, men eg ser for meg ein del tiltak som burde vere ein veg å gå.

       Med bakgrunn i den låge prosentdelen som kvinnene i dag representerer i denne etaten, bør det verte vurdert om ein ikkje bør innføre kvotering. Når vi ser at det systematisk kan synast som forbigåing ved lik kompetanse, bør dette verte eit virkemiddel.

       Både dei lokale og dei sentrale likestillingsråda bør vere samansette av både kvinner og menn, med minst 40 % kvinner. Dette kan nok vere vanskeleg i dei distrikta som i dag ikkje har kvinner, men då bør ein i tilsettingsrådet få inn kvinner frå andre distrikt for å ivareta kvoteringsregelen.

       Alle politidistrikt bør legge fram ein likestillings- og haldningsplan ved utgangen av 1998. Måling og oppfølging kan skje ved internkontroll og resultatmåling. Gode resultat kan honorerast med eit stimuleringstilskot for dei som tek ansvar og tilset kvinner i både grunn- og leiarstillingar. I tillegg bør det vurderast om små tenestestader kan ta ut ekstra midlar når ei kvinne vert gravid, for å kunne ta henne ut av tenestelista. Då vil meirbelastninga på kollegaene verte snudd til noko positivt. Med slike ordningar ville òg redusert arbeidstid og dagvakter i ein periode med små born kunne gjennomførast også på desse små tenestestadene.

       Eg ser òg for meg at opprykk i vakante stillingar vil gje kvinner kompetanse og erfaring i leiarstillingar og slik vere med og auke kompetansen og føre til fast tilsetting.

       Det bør òg vurderast å få innført betaling for barnepass ved kurs og etterutdanning, slik at også kvinner med omsorgsansvar kan bygge opp sin kompetanse innan einskilde fagområde.

       Som sagt, vi kan ikkje halde fram med dagens utvikling i eit område som skal ta vare på rettstryggleiken til både kvinner og menn. Meiner vi noko med likestilling i samfunnet, må vi legge til rette for at kvinner søkjer og vert tilsette og vidare vel å verte veranda i jobben.

       Vi treng difor ein meir aktiv innsats enn berre eit organisert kvinnenettverk. Vi treng målbevisste virkemiddel som set leiarane ved politi- og lensmannsetaten på prøve og målar dei etter innsats og vilje til å rette opp det skeive forholdet som er i dag. Det vil gje politi- og lensmannsetaten både breiare og meir nyansert kunnskap om det samfunnet dei er tilsette for å ta vare på - det er eg overtydd om.

       Ursula Evje hadde her overtatt presidentplassen.


[Neste innlegg av Astrid Marie Nistad]

Statsråd Aud-Inger Aure : La meg først forsikre representanten Astrid Marie Nistad om at Regjeringen tar arbeidet med likestilling på alvor. Arbeidet med likestilling i politi- og lensmannsetaten startet for fullt på begynnelsen av 1990-tallet. Siden da har det vært arbeidet aktivt med likestillingsspørsmål i etaten.

       I 1996 ble det i samarbeid med tjenestemannsorganisasjonene og Politihøgskolen vedtatt en handlingsplan for likestilling i politi- og lensmannsetaten. Denne handlingsplanen gjaldt for perioden 1. januar 1996 - 31. desember 1997. Handlingsplanen er nå evaluert, og det er laget en ny handlingsplan for likestilling som gjelder for perioden 1. januar 1998 - 31. desember 1999.

       Handlingsplanen for likestilling har som hovedmål å gi like vilkår for kvinner og menn. Til hovedmålet er det knyttet fem delmål. Delmålene handler om rekruttering, kompetanse, arbeidsordninger, økonomi og kvinnenettverk og kontaktpersoner. Ved hvert delmål er det laget tiltak som skal gjennomføres av den som er ansvarlig, innenfor den fristen som er oppsatt.

       Politihøgskolen har f.eks arbeidet aktivt med å legge en rekke av sine kurs på området etter- og videreutdanning ut til landsdelspolitikamrene. Dette har de gjort bl.a for at det skal være lettere for ansatte med omsorgsansvar å delta på kurs uten å måtte reise helt til Oslo. Politihøgskolen arbeider kontinuerlig med dette.

       Departementet nedsatte i 1996 en prosjektgruppe for likestilling i politi- og lensmannsetaten for å følge opp handlingsplanen for likestilling. Prosjektgruppen skal være en pådriver i likestillingsarbeidet i etaten.

       I St.prp.nr.1 (1997-1998) står det:

« Handlingsplan for likestilling vil bli fulgt opp med temadager og konkrete prosjekter. Samtidig vil man arbeide for å etablere kvinnenettverksgrupper i politi- og lensmannsetaten. »

       Siden november 1997 har prosjektgruppen for likestilling arrangert temadager for kvinnene i Bergen, Senja, Troms, Arendal, Kristiansand og Vest-Agder politidistrikt. Samtidig er det startet kvinnenettverk i disse politidistriktene. Halden, Sarpsborg, Fredrikstad og Moss politidistrikt har også startet kvinnenettverk. I slutten av mai vil Vest-Finnmark, Vardø, Vadsø og Sør-Varanger politidistrikt arrangere et seminar og starte kvinnenettverk i sine politidistrikt. Til høsten er det planer om å arrangere temadager for kvinnene i Trondheim politidistrikt. Dersom vi ønsker å få flere kvinner til å søke ledende stillinger, må vi gjøre noe aktivt. Siktemålet med å sette i gang kvinnenettverk i politidistriktene er å gi kvinnene i politi- og lensmannsetaten en plass der de kan møtes, knytte kontakter og dele informasjon og erfaringer. Kvinnenettverket skal gi kvinnene mulighet til personlig og faglig vekst.

       Jeg ser det som særlig viktig å ansette flere kvinner i lederstillinger i politi- og lensmannsetaten. Vi har derfor vedtatt klare mål for hvor mange kvinner vi skal ha i ledende stillinger i år 2000. Dette vil vi arbeide målrettet for å oppnå.

       I tildelingsbrevet for 1998 står det:

« I politi- og lensmannsetaten skal det praktiseres positiv særbehandling av kvinner. Når stillinger kunngjøres, skal det stå i kunngjøringsteksten at kvinner oppfordres til å søke dersom det er mindre enn 40 % kvinner i den aktuelle stillingsgruppen. Dersom det melder seg flere søkere som har tilnærmet like kvalifikasjoner for en stilling, skal kvinner ha fortrinnsrett til stillingen dersom det er mindre enn 40 % kvinner i den aktuelle stillingsgruppen. Det understrekes at dette gjelder også for lederstillinger. »

       Denne regelen står i Hovedavtalen § 21, og er også tatt inn i den nye handlingsplanen for likestilling. Vi arbeider for at de lokale tilsettingsrådene i politidistriktene skal følge opp denne regelen.

       Arbeidet med likestilling fører til at de ansatte blir mer oppmerksomme på disse spørsmålene. Vi har vært i kontakt med Likestillingsombudet, og de kan fortelle at de i den senere tid har hatt fire saker fra politi- og lensmannsetaten til behandling. I de første tre sakene sier Likestillingsombudet at hun ikke kan se at de er i strid med likestillingsloven. Den fjerde saken er fremdeles til behandling.

       Jeg vil framover arbeide videre med likestilling i politi- og lensmannsetaten, slik at vi når målet i handlingsplanen for likestilling i politi- og lensmannsetaten om at det skal være like vilkår for kvinner og menn i etaten.


[Neste innlegg av Statsråd Aud-Inger Aure]

Astrid Marie Nistad (A) : Sjølvsagt er eg svært glad for at Regjeringa tek likestilling på alvor. Og når eg ser utover salen, går eg ut frå at Stortinget òg tek likestilling på alvor i og med at dei trur at likestilling vert gjennomført.

       Eg er ikkje så glad for dei tiltaka som vert nemnde her, for eg trur ikkje det er nok å vende seg til politikamra og be dei om å vurdere å tilsette kvinner. Eg trur det må positive verkemiddel til for at vi skal kome vidare med det, og at det enkelte politidistrikt må utarbeide sine handlingsplanar og sine måltal for å få dette til. Det trur eg er viktig, for det er ikkje nok å ha temadagar for kvinner, for kvinner er klare over problemet.

       Kvinner treng nettverket for at dei skal halde ut i desse stillingane, der dei går saman med så mange menn. Det dei treng, er at mennene som er ansvarlege for at kvinnene kjem fram og vert tilsette, vert merksame på kva for ansvar dei har og kva forpliktingar dei har i høve til det Stortinget og Regjeringa meiner når det gjeld likestilling - også i politi- og lensmannsetaten. Og eg trur at den einaste måten vi kan oppnå det på, er at vi snur dette med positive tiltak slik at det òg kan honorerast den enkelte som tek dette spørsmålet på alvor.

       Eg er ikkje i tvil om at i eit moderne samfunn treng vi kvinner i politi- og lensmannsetaten. Vi treng dei fordi vi skal avspegle rettsvesenet sett i høve til både kvinner og menn. For å ha ei forståing for kva som skjer, er det viktig at begge kjønn er representerte slik at ein har breidd - eg strekar under: ikkje minst breidd - når ein skal ta stilling til saker og vere rettleiande hjelp for både kvinner og menn som møter opp på eit politi- eller lensmannskontor. Det trur eg at eit moderne samfunn, som vi ønskjer å vere, bør legge vekt på, arbeide for og sette inn tiltak for. Om vi ikkje gjer det, vil vi sakke akterut, og eg trur ikkje at det vil vere til beste for politi- og lensmannsetaten - heller det motsette.

       Eg håpar inderleg at justisministeren vil sjå på positive tiltak som er langt meir målretta mot dei som har ansvaret, enn at kvinner - sjølvsagt - får behalde sine temadagar og sine kvinnenettverk, og ta ein ordentleg runde med sine politimeistrar og sine lensmenn og seie at ho ønskjer å sjå fleire skjørt som politiuniform.


Statsråd Aud-Inger Aure : Jeg kan ikke konstatere noen ulikheter i syn mellom interpellanten og meg i denne saken. Om de tiltakene man har gående i dag, er tilstrekkelige, vil jo vise seg ikke minst i tempoet vi kan oppnå målene våre på. Jeg er ikke fremmed for at man skal gå ut med konkrete handlingsplaner ned på politidistriktsnivå som et virkemiddel. Jeg synes det er en interessant tanke som jeg tar med meg videre.

       Jeg er helt enig i at det at begge kjønn er representert innenfor ulike yrkesgrupper, er særlig viktig i politi- og lensmannsetaten, som kommer i kontakt med mennesker i ulike og til dels vanskelige situasjoner. Her må vi prøve å ta i bruk de positive virkemidlene som det kan ligge til rette for. Det er veldig viktig at vi greier å få gjennomslag for det i departementet på alle hold, men at vi også makter å få det ut på grunnplanet på en slik måte at det blir fulgt opp.

       Jeg har tro på at det at likestilling blir satt på dagsordenen, at det er tema på temadager og i andre sammenhenger, bidrar til å øke interessen for dette emnet, og det vil i sin tur gi en utvikling i riktig retning. Men jeg tror vi skal være klar over at når politi- og lensmannsetaten har hatt spesielle problemer her, er det fordi dette tradisjonelt har vært en svært mannsdominert sektor. Jeg ser målene som er satt for hva vi skal nå innen år 2000, og jeg ser at vi, selv om målene i tall ikke er så veldig store, kan få problemer med å nå dem hvis vi ikke greier å trekke sammen på alle nivåer i denne etaten. Her er det viktig at storting og regjering står sammen om å nå et felles mål, og så blir det spennende å se hvor langt vi er kommet. Dette arbeidet startet tidlig på 1990-tallet, går det fram av dokumentasjon jeg har. Det er nok sikkert helt tilfeldig at 1990 var det året jeg satt i justiskomiteen i Stortinget. Jeg synes allikevel det er hyggelig å se på trykk at det var en endring i positiv retning, at det ble satt på dagsordenen, og skal jeg nå i 1998 også få gleden av å se at vi har tatt et viktig skritt lenger i denne saken, ville ingen være mer glad for det enn jeg.


Finn Kristian Marthinsen (KrF) : Det er et viktig anliggende representanten Nistad tar opp i sin interpellasjon: likestilling og bedre rekruttering av kvinner i politi- og lensmannsetaten. Jeg er også glad for det svar statsråden gav. Svaret bekreftet at man er oppmerksom på problematikken, og at man følger opp med konkrete tiltak.

       Nettverk for kvinner etableres over store deler av landet. Det må være et mål å få dette kvinnenettverket til å bli landsdekkende så snart som mulig. Gjennom dette skal kvinner i politiet få den støtte og oppmuntring de trenger i sitt arbeid og for å oppnå ledende stillinger. At kvinner får en mulighet til å knytte kontakter, utveksle erfaringer og støtte hverandre, er av stor betydning. Det er viktig at den enkelte kvinne ikke blir isolert og bare blir et « alibi » som pynter på kvinneandelen i statistikken.

       Kvinner skal ha reelle muligheter til å få ansvar og posisjon på linje med menn. Det er viktig å bringe kvinners kultur inn i politi-/lensmannsmiljøet, slik at det blir en felleskultur og ikke bare en mannskultur.

       Men hvordan får vi flere kvinner inn i politi-/lensmannstjenesten? Vel, skal det skje, må det legges til rette for dette gjennom praktiske tiltak. Det er nemlig med politi- og lensmannskvinner som med kvinner ellers, det er gjerne de som tar hovedansvaret for omsorgsarbeidet i familien. Derfor er det prisverdig at kurs legges til landsdelspolitikamrene og ikke bare holdes sentralt i Oslo. Da lettes muligheten for å kombinere kursdeltakelse med omsorgsarbeid.

       Videre vil det være nødvendig med positiv særbehandling slik at kvinner skal ha fortrinnsrett til stillinger dersom det er mindre enn 40 % kvinner i den aktuelle stillingsgruppen. Forutsetningen er at søkerne har tilnærmet like kvalifikasjoner.

       Det er også nødvendig at vi reflekterer over hva vi mener når vi snakker om erfaringer og kvalifikasjoner. Dersom erfaringer og kvalifikasjoner skal ha betydning for prioritering ved tilsettinger, bør vi legge vekt på at bredden i erfaringer og kvalifikasjoner blir representert i det aktuelle politimiljøet. Kvinners erfaringer og tenkning om innholdet i erfaringer er i dag underrepresentert.

       Barnehagetilbud, gode nærmiljø osv. kan også være bidrag til en bedre rekruttering av kvinner til politi-/lensmannsetaten.

       Handlingsplaner, nettverksbygging og positiv særbehandling av kvinner kan være gode hjelpemidler for å oppnå målene, nemlig 1) like vilkår for kvinner og menn i politi- og lensmannsetaten og 2) flere kvinner i ledende stillinger.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 6.

       Lodve Solholm tok her over presidentplassen.