Header dokumenter

Stortinget
Møte onsdag den 2. desember kl. 10 1998


Sak nr. 3
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om tilleggsløyving på statsbudsjettet for 1998 for å dekkje kontingenten til CERN (
Innst.S.nr.36 (1998-1999), jf. St.prp.nr.7 (1998-1999) )

TALERE:


       Petter Løvik (H) (ordførar for saka):

       Frå komiteen si side har vi valt å sjå på denne saka som ein rein formalitet. Vi er medlem i den internasjonale samarbeidsorganisasjonen CERN, og det vi skal behandle i dag, er berre spørsmålet om å berekne kontingent for 1998. På grunn av endringar i valutakursar og endringar i bruttonasjonalprodukt får vi her behov for ei tilleggsløyving på 20 mill. kr. Vi har elles ikkje gått inn i realiteten i problemstillingane, vi har ikkje merknader til det som er føreslått frå departementet, og vi har ei samrøystes tilråding i denne saka.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

       (Votering, se denne side)