TALERE:
Sigvald Oppebøen Hansen (A) (ordførar for saka):
Som ordførar for saka skal eg berre få gi nokre korte kommentarar.
Den eine kommentaren gjeld skulefritidsordninga. Regjeringa finn det altså nødvendig å auke tilskotet til skulefritidsordninga for inneverande år med 5 mill. kr. Det har komiteen ikkje nokon merknader til når det gjeld kronesummen, men det er påfallande og litt underleg at Stortinget nå i kveld skal gjere ei påplussing for 1998, for så i neste omgang - altså for budsjettet 1999 - å redusere tilskotet med 137 mill. kr.
Ein kan med rette stille spørsmål om kva som blir att av denne ordninga, eller om det likevel framleis vil bli ein stor aktivitet i skulefritidsordninga i 1999. Dersom det skjer, lurer eg på kva slags tilleggsrekning Stortinget må løyve på denne tida neste haust når me skal behandle proposisjonen om endringar på statsbudsjettet for 1999.
Eg skal ikkje utdjupe denne saka vidare, men berre vise til det representanten Dørum sa i innlegget sitt under debatten tidlegare i dag.
Når det gjeld merknader elles, går dei fram av innstillinga. Komiteen har ingen kommentarar eller endringsforslag til Regjeringas forslag til budsjettendringar. Komiteen sluttar seg samrøystes til det endringsforslaget som har kome frå Regjeringa.
Statsråd Jon Lilletun : Eg skal prøve å klargjere kva som er grunnen til at vi no føreslår 5 mill. kr meir kontra det som er på årets budsjett.
Det er fastsett ein takst som er stipulert ut frå venta oppretta skulefritidsplassar, der ein fekk eit meirbehov. Det ein gjer no, er at ein regulerer takstane i forhold til budsjettframlegget, og det vil jo vere logisk at det neste år kan kome ein bom med litt pluss eller minus, ut frå kor mange plassar som eventuelt vert oppretta. Men då er takstane sett i forhold, slik at det ikkje skulle bli like dramatisk som det no vert framstilt.
Inge Lønning (H) : Jeg bad egentlig om ordet til replikk til representanten Oppebøen Hansen. Jeg har tidli-gere anmerket at jeg synes det er underlig at landets største parti gjør nesten hele budsjettbehandlingen for utdanningsområdet til en sammenhengende fritidsbeskjeftigelse. Det er enda mer bemerkelsesverdig at man benytter anledningen til å gjøre det med tilbakevirkende kraft i tillegg. Man kan selvfølgelig tillegge kutt i skolefritidsordningen varierende betydning, men det er vel rimelig lett å innse at det som er effekten av det bevilgningsvedtaket som vil bli gjort i dag, er akkurat det som statsråden sa. Det foreligger ingen lovbestemt fordeling av utgiftene i forbindelse med skolefritidsordningen. Hvis de statlige bevilgningene går noe ned, så er det selvfølgelig slik at da må de andre andelene reguleres tilsvarende opp. Mer komplisert er det knapt.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.
(Votering, se side 1083)