TALERE:
Presidenten: Etter ønske fra kommunalkomiteen vil presidenten foreslå at debatten blir begrenset til ett hovedinnlegg fra hver gruppe og fra statsråden.
Videre vil presidenten foreslå at det blir gitt anledning til replikkordskifte på inntil 3 replikker med svar etter innlegg av hovedtalerne fra hver partigruppe og etter innlegg av statsråden.
Videre blir det foreslått at de som måtte tegne seg på talerlisten utover de fordelte innlegg, får en taletid på inntil 3 minutter.
- Det anses vedtatt.
Lodve Solholm (Frp)
(ordførar for
saka):
Den saka vi i dag handsamar, er ei grenseregulering mellom Østre og Vestre Toten som gjeld tettstaden Kolbu. Sjølve saka har hatt ei lang historie, som eg ikkje finn det rett å gå inn på. Når det gjeld grensereguleringssaker, er det slik at det i veldig mange av dei blir gitt høve til at Kongen i statsråd kan avgjere dei.
Når det gjeld denne saka, er det ei regulering som gjeld 2,5 % av Vestre Toten sitt areal, som då blir foreslått overført til Østre Toten. Dette vil føre til at 546 innbyggarar må skifte kommune. Dette er veldig lite når ein veit at Vestre Toten har om lag 13.000 innbyggarar og Østre Toten har om lag 15.000 innbyggarar. Derfor meiner fleirtalet i komiteen at dette er ei sak som departementet kunne ha avgjort.
Når det er sagt, synest fleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, at departementet og fylkesmannen ikkje har gjort nok for å få til eit forslag som ein kunne ha fått større semje om, fordi det er ein realitet at kommunane ikkje er samde. Det har vore gjort nokre undersøkingar som peikte i motsette retningar. Vi er av den meining at denne saka vil stå seg på å bli send tilbake til departementet, at ein gjer eit nytt forsøk på å finne fram til ei løysing som kan samle større oppslutning blant dei innbyggarane i Kolbu dette gjeld, og også kan få dei to kommunane til å bli samde om ei naturleg grense.
Lat det vere sagt - det meiner heile komiteen: Det bør gjerast ei grenseregulering i dette området, for slik grensene er i dag, er dei ikkje naturlege, dei er ikkje tenlege og svært lite praktiske.
Eg vil peike på at departementet den 16. oktober 1997 sende eit brev til fylkesmannen i Oppland, der det blei stilt ein del spørsmål - 12 i talet, trur eg. Det blei bedt om ei utgreiing av konsekvensane for tenesteytinga i området, problematisering av dei aktuelle grenselinene, status for planarbeidet i Kolbu, arbeidsmønster og ekspansjonstrekk for tettstaden. Fleirtalet meiner at fylkesmannen her kanskje ikkje har svart grundig nok på desse spørsmåla - ikkje av vrang vilje, men på grunn av tidsaspektet, at det var for kort tid til å gå djupare inn i desse spørsmåla og problemstillingane. Det er også semje i kommunane og folket der, hos fylkesmannen og departementet, og for så vidt også blant alle her i salen, om at det trengst ei grenseregulering.
Det fleirtalet i dag vil foreslå, er at saka blir send tilbake til departementet, og at dei tek ein ny runde med dei impliserte partane i samråd med fylkesmannen. Framstegspartiet, Høgre og SV meiner at det kanskje er naturleg at det resultatet som ein då kjem fram til, blir lagt fram for ei folkerøysting i krinsen og dei partane det gjeld, slik at ein kan få eit fleirtal på ei eller anna side som gir eit signal. Derfor synest vi det er naturleg at departementet legg opp til ei slik folkerøysting, men det meiner for så vidt ikkje fleirtalet. Fleirtalet innstiller på at saka blir send tilbake til departementet for avgjerd.
Med det tilrår eg Stortinget å gjere vedtak i tråd med innstillinga.
Signe Øye (A) : Regjeringen har fremmet en proposisjon med forslag om å endre grensen mellom Østre Toten kommune og Vestre Toten kommune, slik at kretsene Smågarda og Kolbu, som utgjør den delen av Moen skole som ligger i Vestre Toten kommune, overføres til Østre Toten kommune. Dette er en grenseregulering som berører om lag 550 personer. Innbyggertallet i de to kommunene, Vestre Toten og Østre Toten, er henholdsvis ca 12.000 og 14.000. Det er med andre ord to jamnstore kommuner vi har med å gjøre når det gjelder folketall.
Som i svært mange grensejusteringssaker er det ikke enighet mellom de kommunene som er berørt. Østre Toten kommune ønsker en slik grenseregulering, mens Vestre Toten kommune ikke ønsker den foreslåtte grensereguleringen.
Regjeringen har derfor valgt å sende saken til Stortinget til avgjørelse. Nå er det ikke slik at Regjeringen mener at dette er en sak som klart skal sendes til Stortinget, og som Regjeringen selv ikke kunne ha avgjort. Statsråden skriver i brev til komiteen, datert 29. april 1999, at dette er en sak som ligger i en « gråsone » for om den skal betraktes som en sak av « ikke mindre omfang », og dermed avgjøres av Stortinget. Statsråden mener at reguleringen får konsekvenser for et forholdsvis stort antall personer, ca 550, men at dette likevel utgjør en forholdsvis liten andel av det totale innbyggertallet i de berørte kommunene. Geografisk er det også snakk om et lite areal. Statsråden argumenterer med andre ord for at dette er en forholdsvis mindre endring, som dermed hører hjemme til avgjørelse i departementet. Et flertall i komiteen, inklusiv medlemmene fra Arbeiderpartiet, mener også at dette er en sak som Regjeringen kunne ha avgjort, men likevel havner altså saken i Stortinget. Det burde vært unødvendig.
Dette er en gammel sak. Derfor mener Arbeiderpartiet at det burde vært tid til å utrede saken skikkelig. Det er den ikke. Det virker som om dette har blitt en hastesak nå rett før valget. Det er heller ikke gjort nok fra Regjeringens side for å finne en løsning som begge parter er tilfreds med. Mange spørsmål svirrer i luften og har ikke funnet sin løsning. Grensejusteringer er ikke noe man driver med annethvert år. Derfor må det gjøres skikkelig når det først skal skje en endring.
Arbeiderpartiet er enig i at det er behov for en grensejustering i Kolbu sentrum. Og under høringene med de berørte aksjonsgruppene var det også enighet om at det er behov for en grensejustering, men at det forslaget som Regjeringen har fremmet, ikke løser de problemene som er i tettstedet Kolbu og omegn. At begge aksjonsgruppene mener at det er behov for justeringer, burde være et ypperlig utgangspunkt for Regjeringen til å komme fram til en løsning som begge kommunene aksepterer som fornuftige og framtidsrettet, og som de kan leve med.
Derfor er Arbeiderpartiet ikke i tvil om at dette er en sak som Regjeringen kan avgjøre. Her er det bare snakk om vilje.
Arbeiderpartiet støtter flertallsinnstillingen om å sende saken tilbake til Regjeringen for ny behandling og avgjørelse.
Per Ove Width hadde her overtatt presidentplassen. Olaf Gjedrem (KrF) : Kristeleg
Folkeparti og Senterpartiet meiner at dette er ei sak av avgrensa omfang, og
eg har for så vidt sansen for den konklusjonen som føregåande talar hadde,
nemleg at dette er ei sak som departementet bør kunna avgjera.
Me har likevel fremma eit forslag om
at me burde vedta den tilrådinga som Stortinget fekk frå departementet.
Bakgrunnen for dette er at me meiner at tida er inne til å skjera gjennom og
ta ei avgjerd.
Dette distriktet har lenge nok vore
plaga av kjensleladde stridar og konfliktar for å få til ei løysing, og det
er eit stort fleirtal som ynskjer den løysinga som Regjeringa har lagt opp
til i sitt forslag til Stortinget. Derfor meiner desse to partia at me
burde ha teke ei avgjerd i dag og lagt denne striden død. I departementet
sitt forslag er det også teke med at fylkesmannen skulle ha dei beste
føresetnadene for i detalj å vurdera kor grensene skal gå i det omstridde
området rundt « Smågarda », men at omfordelinga mellom Østre og Vestre Toten
elles i hovudsak burde vera grei.
Desse kommunane har gjennom ein lang
prosess prøvd å bli einige, men dei har ikkje klart det, og det er
belastande for eit distrikt å ha ein slik tvist i lang tid. Det går alltid
an å forlengja ein slik prosess ved å be om meir utgreiing, meir
detaljutgreiing og fleire svar. Men eg trur det er lite nyttig å gjera noko
særleg meir enn det som allereie er gjort. Kjensgjerningane er etter
vurderinga vår klare nok til å ta ei avgjerd, slik at dette nærområdet i
Kolbu kan verta tilslutta Østre Toten kommune på ein meir naturleg måte.
Ut frå dette foreslår då Senterpartiet
og Kristeleg Folkeparti at me støttar Regjeringa sitt framlegg, og eg tek
med dette opp mindretalet sitt framlegg.