Header dokumenter

Stortinget
Møte torsdag den 27. mai kl. 10 1999

[pdf-format]
President: Lodve Solholm

Dagsorden (nr. 95)

1. Debatt om barne- og familieministerens redegjørelse om likestillingspolitikk
(Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 11. mai 1999)
2. Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om regulering av opptaket til studium ved universitetene studieåret 1999-2000 ( Innst.S.nr.184 (1998-1999), jf. St.prp.nr.64 (1998-1999) )
3. Innstilling fra sosialkomiteen om salg av aksjer i Norsk Medisinaldepot AS ( Innst.S.nr.193 (1998-1999), jf. St.prp.nr.46 (1998-1999) )
4. Referat

       Presidenten: Følgjande innkalla vararepresentantar har teke sete:

       For Vest-Agder fylke: Sigmund Kroslid

       For Akershus fylke: Julie Christiansen

       For Hordaland fylke: Terje Søviknes, Sigurd Grytten og Magnar Lussand

       For Oslo: Anders Hornslien

       For Telemark fylke: Marthe Scharning Lund

       For Vestfold fylke: Trond Mathisen

       For Østfold fylke: Morten Olsen

       Frå den innkalla vararepresentanten for Vestfold fylke, Jan Th. Langaard, ligg det føre ein søknad om å bli friteken for å møte under representanten Per Ove Widths permisjon i tida frå og med 27. mai til og med 31. mai, av velferdsgrunnar.

       Presidenten føreslår at denne søknaden blir behandla straks og innvilga. - Det er vedteke.

       Andre vararepresentant, Anders Anundsen, blir foreslått innkalt for å møte i permisjonstida. - Det er også vedteke.

       Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknader:

-frå Stortingets president Kirsti Kolle Grøndahl om permisjon i dagane 2. og 3. juni for å legge ned ein grunnstein til Sametingsbygningen i Karasjok, og 4. juni for å delta i Folketingets feiring av Danmarks Riges Grundlovs 150-års dag i København
-frå representantane Berit Brørby og Erik Dalheim om permisjon i dagane 27. og 28. mai - begge for å delta i Nordisk Råds Baltiske forsamlings 14. sesjon i Vilnius
-frå representanten Kjell Engebretsen om permisjon i tida frå og med 27. mai til og med 31. mai for å delta som valobservatør for Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa, OSSE, under parlamentsvalet i Armenia
-frå representantane Anneliese Dørum og Thore Aksel Nistad om permisjon i tida frå og med 31. mai til og med 4. juni - begge for å delta som valobservatørar under parlamentsvalet i Sør-Afrika

       Presidenten føreslår at søknadene blir behandla straks og innvilga.

       - Det er vedteke.

       Frå den møtande vararepresentanten for Vestfold fylke, Karin Lian, ligg det føre søknad om å bli friteken for å møte under representanten Jørgen Kosmos permisjon fredag 28. mai av velferdsgrunnar.

       Presidenten føreslår at søknaden blir behandla straks og innvilga. - Det er vedteke.

       Første vararepresentant for Akershus fylke, Rikke Lind, er for tida i utlandet og er såleis hindra frå å møte under høvesvis representanten Kjell Engebretsens permisjon i tida frå og med 27. mai til og med 30. mai og representanten Anneliese Dørums permisjon i tida frå og med 31. mai til og med 1. juni.

       Tredje vararepresentant for Akershus fylke, Anita Orlund, er for tida i utlandet og er såleis hindra frå å møte under representanten Kjell Engebretsens permisjon 31. mai.

       Frå første vararepresentant for Oppland fylke, Kjell Ivar Fossnes ligg det føre søknad om å bli friteken for å møte under representanten Berit Brørbys permisjon i dagane 27. og 28. mai, av velferdsgrunnar.

       Presidenten føreslår at søknaden blir behandla straks og innvilga. - Det er vedteke.

       Presidenten gjer framlegg om at følgjande vararepresentantar blir innkalla for å møte i permisjonstida:

       For Akershus fylke: Rikke Lind, Åge Tovan og Lars Rovik Ødegård

       For Buskerud fylke: Frank Willy Larsen og Gerd Johnsen

       For Oppland fylke: Gry Larsen og Fredrik Färber

       For Vestfold fylke: Trine Gjersøe

       - Presidenten ser dette som vedteke.

       Presidenten gjer framlegg om at Frank Willy Larsen, Gerd Johnsen, Anders Anundsen og Trine Gjersøe blir valde inn i Lagtinget for den tida dei møter for høvesvis representantane Kirsti Kolle Grøndahl, Erik Dalheim, Per Ove Width og Ann Helen Rui - og ser også det som vedteke.

       Gerd Johnsen, Gry Larsen og Anders Anundsen er til stades og vil ta sete.