Header dokumenter

Stortinget
Møte måndag den 31. mai kl. 12 1999

Votering

       Etter at det var ringt til votering i 5 minutt, sa

       Presidenten: Stortinget går då til votering over sakene på dagens kart.



Votering i sak nr. 1

       Komiteen hadde tilrådd:

       På statsbudsjettet for 1999 gjøres følgende endring:


Kap. Post Formål Kroner
1070    Elektroniske navigasjonshjelpemidler  
   71 Tilskudd til personellutgifter, Omega senderstasjon bevilges med 11 300.000

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

       Presidenten: I sak nr. 2 ligg det ikkje føre noko voteringstema.



Votering i sak nr. 3

      

       Presidenten: Under debatten er det sett fram tre forslag. Det er

-forslag nr. 1, frå Anita Apelthun Sæle på vegner av Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre
-forslaga nr. 2 og 3, frå Ansgar Gabrielsen på vegner av Høgre

       Det blir først votert over forslaga frå Høgre, vidare alternativt mellom tilrådingas I og forslaget frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre, deretter blir det votert over resten av tilrådingas framlegg til vedtak.

       Det blir opna for røysteforklaringar.


       Ansgar Gabrielsen (H) : Jeg vil anbefale Høyres gruppe, og for så vidt alle andre, å stemme for forslagene nr. 1, 2 og 3 og for II, og stemme imot I, III og IV.


Karin Andersen (SV) : Jeg vil tilrå SVs gruppe å stemme for forslagene nr. 1 og 2, for II og imot resten.


Anita Apelthun Sæle (KrF) : Eg vil tilrå Kristeleg Folkeparti sine representantar og for så vidt heile sentrum å røysta for forslag nr. 1, der vi sjølve er forslagsstillarar, dessutan for II, III og IV og imot resten.


Presidenten: Forslag nr. 2, frå Høgre, er teke opp til votering. Forslaget lyder:

       « Stortinget ber Regjeringen utpeke hvilket eller hvilke selskap som skal få i oppdrag å utvikle og gjennomføre planene om et IT- og kunnskapssenter på Fornebu, basert på den anbudsinnhenting og den kravspesifikasjon som Regjeringen selv har utført. »

Votering:
Forslaget frå Høgre vart med 84 mot 23 røyster ikkje vedteke.

       (Voteringsutskrift kl. 20.30.38)

      

       Presidenten: Forslag nr. 3, frå Høgre, er teke opp til votering. Forslaget lyder:

       « Stortinget ber Regjeringen snarest mulig legge frem en proposisjon for Stortinget om de økonomiske disposisjoner vedrørende etablering av et IT- og kunnskapssenter på Fornebu, som Regjeringen mener den ikke har fullmakt til å gjøre på egen hånd. »

Votering:
Forslaget frå Høgre vart med 89 mot 15 røyster ikkje vedteke.

       (Voteringsutskrift kl. 20.31.01)



       Komiteen hadde tilrådd:
I.

       Dok.nr.8:58 (1998-1999) - forslag fra stortingsrepresentantene Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Terje Knudsen og Øystein Hedstrøm om å legge opplegget for oppretting av et IT- og kunnskapssenter på Fornebu fram for Stortinget - vedlegges protokollen.

       Presidenten: Her har Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre sett fram følgjande forslag:

       « Dok.nr.8:58 (1998-1999) - forslag fra stortingsrepresentantene Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Terje Knudsen og Øystein Hedstrøm - om å be Regjeringen legge alle avtaler, kontrakter og vedtak fram for Stortinget til endelig godkjenning før iverksetting - avvises. »

       Det blir votert alternativt mellom tilrådinga til I og forslaget frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre.

Votering:
Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen til I og forslaget frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre vart tilrådinga vedteken med 55 mot 52 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 20.31.32)



       Vidare var tilrådd:
II.

       Stortinget ber Regjeringen snarest foreta verdifastsettelse av statens eiendommer på Fornebu i henhold til EØS-regelverket.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.



       Vidare var tilrådd:
III.

       Stortinget ber Regjeringen legge frem en stortingsmelding i vårsesjonen 1999 der Regjeringen redegjør for status i saken og hvilke selskaper Regjeringen vil forhandle videre med.

IV.

       Stortinget ber Regjeringen legge fram en egen proposisjon om saken for Stortinget senest 1. oktober 1999.

       Presidenten: Her har Høgre og Sosialistisk Venstreparti varsla at dei vil røyste imot.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 84 mot 22 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 20.32.15)



Votering i sak nr. 4

       Komiteen hadde tilrådd:

       Dok.nr.8:23 (1998-1999) - forslag fra stortingsrepresentant Steinar Bastesen om kartlegging av vannrør av eternitt og eventuell kreftfare ved bruk av slike rør - vedlegges protokollen.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.