Header dokumenter

Stortinget
Møte tirsdag den 11. april kl. 10 2000


Sak nr. 9
Forslag fra stortingsrepresentant Kenneth Svendsen på vegne av Fremskrittspartiet og Høyre oversendt fra Odelstingets møte 7. mars 2000
(Jf. Innst.O.nr.53):
« Stortinget ber Regjeringen legge frem lovforslag om at rederibeskattede selskaper med inntektsutjevnende virkning skal kunne yte konsernbidrag seg imellom innenfor rammene av årets netto finansinntekt og inntektstillegget for høy egenkapital. »

TALERE:


       Ingebrigt S Sørfonn (KrF) : Eg bed om ordet for å minna om den presiseringa som eg gav med omsyn til dette temaet under Odelstinget si handsaming av Innst.O.nr.53, den 7. mars.

       Finansdepartementet har tolka skattelova § 8-18 fjerde ledd bokstav a slik at konsernbidrag mellom selskap innanfor rederiskatteordninga ikkje skal ha inntektsutjamnande verknad.

       I samband med finanskomiteen si handsaming av Ot.prp.nr.21 (1999-2000) dukka så spørsmålet opp om dei endringane i rederiskattereglane som er innførte med verknad frå og med inneverande inntektsår, bør føra til ei endring av den nemnde praksisen.

       I brev av 10. februar i år til Høgre si stortingsgruppe skreiv dåverande finansminister m.a. at det på bakgrunn av dei vedtekne endringane i rederiskattereglane kan vera materielle grunnar for å vurdera eit avgrensa høve til å yta konsernbidrag med inntektsutjamnande verknad mellom selskap innanfor rederiskatteordninga. Finansministeren skreiv vidare at han ville koma attende til dette i samband med skatteopplegget for 2001.

       I presiseringa mi den 7. mars sa eg at i og med at dei endringane som har ført til ein slik konklusjon - som dåverande finansminister hadde - gjeld frå og med inntektsåret 2000, er det rimeleg at det i den varsla vurderinga vert sett på om òg eit eventuelt høve til å yta konsernbidrag med inntektsutjamnande verknad mellom selskap innanfor rederiskatteordninga bør gjelda frå same tidspunkt - altså frå og med 2001.

       Eg går ut frå at òg den nye finansministeren har teke inn dette elementet i samband med framlegg til skatteopplegget for 2001. Ikkje minst er det viktig at eventuelle endringar vert gjorde med verknad frå og med inntektsåret 2000.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 9.

       (Votering, se side 2733)