TALERE:
Jørgen Holte (Sp) : Hovudmålet med forslaget frå representanten Morten Lund er å få ei presisering i lovverket slik at personar med sterke tilknytingspunkt til landet skattemessig blir å rekne som busette her og slik vere alminneleg skattepliktige til Noreg. Det er sjølvsagt eit mål å hindre at dei som tener mest, slepp å betale skatt til Noreg på grunn av store hol i skattereglane.
Senterpartiet er opptatt av folk si rettsoppfatning. Det er heilt avgjerande for vanlege folk sin skattemoral at dei som tener mest, betaler skatt og yter til fellesskapet. Forslag om å tette desse skattehola er viktige for å styrkje den alminnelege skattemoralen. Eg vil òg streke under Skattedirektoratet sin merknad om at endringar/presiseringar i regelverk blir stadig meir aktuelt med auka internasjonalisering av norsk næringsliv.
Etter at representanten Morten Lund fremja forslaget, har Skattedirektoratet bedt Finansdepartementet om å ta initiativ til eit lovendringsarbeid når det gjeld bustadregistrering i Noreg og skatteplikt til Noreg. Eg er tilfreds med at finanskomiteen samrøystes viser til at Finansdepartementet vurderer å legge fram endringar/presiseringar i skattelova og folkeregisterforskrifta, og at komiteen på den bakgrunn vil vente på Finansdepartementet sitt forslag til endringar/presiseringar.
På vegner av Senterpartiet ser eg fram til at Finansdepartementet fremjar endringar/presiseringar i skattelova og folkeregisterforskrifta som kan vera med og tette skattehol som enkelte har valt å tilpasse seg på varig basis.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 10.
(Votering, se side 1000)