TALERE:
Sigvald Oppebøen Hansen (A) (ordførar for saka):
Når det gjeld dei foreslåtte endringane på statsbudsjettet for 1999, skal eg berre knyte nokre korte merknader til dei enkelte områda i denne saka.
Regjeringa sitt framlegg til endringar er på mange måtar ein konsekvens av aktivitetsnivået på dei enkelte områda, derfor er det sjølvsagt naturleg med justeringar i løpet av eit heilt kalenderår. Men på eitt område finn fleirtalet det rett å bruke pengane på eit anna område enn det som er foreslått frå Regjeringa si side. Det gjeld netto salsmidlar frå sal av M/S « Sjøvegen ». Dette beløpet, som er på i alt 3,4 mill. kr, vil eit fleirtal bruke til prosjekteringsmidlar for samlokalisering av høgskulane i Akershus, Bergen og Bodø. Komiteen sitt mindretal, medlemene frå Høgre, meiner at denne løyvinga òg skal gjelde for høgskulane i Østfold, Stavanger og Nesna i tillegg til dei tre som fleirtalet går inn for.
Eg skal ikkje grunngje dette nærmare nå, for eg reknar med at dette vil me kome attende til i morgon når Stortinget skal debattere budsjettet for neste år. Eg vil berre vise til Regjeringa sine eigne prioriteringar når det gjeld byggesaker og komiteen sine merknader i budsjettinnstillinga.
Så skal eg seie nokre ord om budsjettposten som omhandlar tilskott til undervisning for framandspråklege elevar. Komiteen har stor forståing for at det kan vere vanskeleg å budsjettere denne posten meir presist. All erfaring dei siste åra viser dette. Det heng saman med at talet på barn i asylmottak varierer stort frå år til år.
Når det gjeld det statlege tilskotet til denne undervisninga, er nok det ei større sak, idet det kan sjå ut som om det er ein stor forskjell på det som staten overfører av midlar, og det som er den reelle utgifta for kommunane. Derfor er det ein samla komite som gjer framlegg om at Regjeringa skal sette ned eit partssamansett utval for å vurdere denne situasjonen og legge fram ei eiga sak for Stortinget våren 2000.
Utover dette har komiteen ingen merknader bortsett frå det som komiteen generelt peiker på innleiingsvis i sine merknader om budsjetthandsaminga.
Arne Lyngstad (KrF) : Jeg skal på vegne av Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre ta opp mindretallsforslaget som er gjengitt i innstillingen, og viser også til de merknader som er skrevet der.
For øvrig vil jeg for så vidt bare konstatere at flertallet i Stortinget i dag ikke finner grunn til å gi bevilgninger til utdanningstilbud knyttet til deltidsbrannmenn og dykkeropplæringen. Det er en prioritering som vi hadde foretrukket i denne sammenheng.
Presidenten: Representanten Lyngstad har tatt opp det forslaget han refererte til.
Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 6.
(Votering, se nedenfor)