TALERE:
Lodve Solholm (Frp) : Eg skal prøve å ikkje dra dette for langt ut, men eg vil likevel peike på det som Framstegspartiet har sagt i sin særmerknad, og som også eit fleirtal i komiteen har sagt, at Regjeringa i aukande grad ser ut til å bruke pengar først for så å kome til Stortinget og be om tilleggsløyving i etterkant. For meg verkar det som om ordtaket at « det er lettere å få tilgivelse enn tillatelse » er gjeldande i Regjeringa. Eg vil berre peike på at eg synest det er nokså typisk at dette har vore aukande frå i fjor til i år, men det har også skjedd i aukande grad dei siste åra. Så dette er for så vidt ein kritikk også av tidlegare regjeringar.
Det er etter mitt og Framstegspartiet sitt skjønn heller ikkje god budsjettdisiplin at ein set i gang tiltak som ein ikkje har pengar til, for så i etterkant å sende søknad til Stortinget, som er den løyvande makt. Det burde vere omvendt, at ein ser at her strekk ikkje pengane til, vi må gjennom eit tiltak eller to eller tre, og så får ein sende søknad til Stortinget om å få ei løyving.
Eg vil òg gjere merksam på at Framstegspartiet på enkelte av desse postane vil stemme imot løyvingsforslaga.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.
(Votering, se nedenfor)