Sak nr. 2
Interpellasjon fra representanten Hallgeir H Langeland til
utenriksministeren:
« USA har lenge arbeidd med planar for utplassering av eit
nasjonalt rakettforsvar (NMD), og ulike kjelder, m.a. russiske, har knytt
ein radar i Vardø til planane. President Bush og den nye amerikanske
administrasjonen har sagt at dei vil utvikle og utplassere NMD. Det er stor
skepsis til dette i heile verda. Dette m.a. fordi eit amerikansk
rakettforsvar vil bryte med den viktige ABM-avtalen frå 1972. Det verste er
likevel at ei utplassering av NMD vil utløyse ein ny rustningsspiral, noko
Russland og Kina allereie har varsla, og andre land, som India og Pakistan,
kan følgje etter.
Kva har Noreg gjort for å klargjere at radarsystem på
norsk jord ikkje inngår i planane, og for å sørgje for at USA ikkje går
vidare med NMD, og kva vil utanriksministeren sjølv gjere, eventuelt i
samarbeid med andre NATO-land, for å stanse USA i å utvikle og utplassere
eit slikt rakettforsvar, som altså kan starte eit nytt atomvåpenkappløp? »
TALERE:
Presidenten: Sak nr. 2 utgår.