Header dokumenter

Stortinget
Møte tysdag den 30. januar kl. 10 2001

Votering

       Etter at det var ringt til votering i 5 minutt, sa

       Presidenten: Vi går då til votering.



Votering i sak nr. 1

      

       Presidenten: Under debatten har John Dale sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet og Senterpartiet. Forslaget lyder:

       « Stortinget ber Regjeringa på eigna måte, og før Regjeringa fattar vedtak i saka, gjere Stortinget kjent med kva konsekvensar gjennomføringa av nytt forvaltningsområde for ulv vil få for utmarksnæringar, ressursutnytting, økologi, dyrevern og trivselen i lokalsamfunna, og også gjera greie for økonomiske fylgjer, medrekna omfanget av framtidige erstatningar. »

       Det blir votert alternativt mellom I i tilrådinga og forslaget frå Framstegspartiet og Senterpartiet.

      

       Komiteen hadde tilrådd:

I

       Dok.nr.8:92 (1999-2000) - forslag fra stortingsrepresentantene Morten Lund og John Dale om å sørge for at forvaltningen av de fire store rovdyra er i tråd med Stortingets intensjon - vedlegges protokollen.

      

Votering:
Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet og Senterpartiet vart tilrådinga vedteken med 64 mot 29 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 12.47.46)

      

       Vidare var tilrådd:

II

       Stortinget ber Regjeringen om å iverksette tiltak som ivaretar effektivt uttak av rovdyr utenfor kjerneområdene og skadedyr der fellingstillatelse er gitt, en styrking av bestandsregistreringen, større satsing på forebyggende tiltak og særskilte tiltak for reindrifts-næringen.

       Presidenten: Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti har varsla at dei ønskjer å stemme imot.

      

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 70 mot 22 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 12.48.21)

      

       Vidare var tilrådd:

III

       Stortinget ber Regjeringen utvikle et forsøksprosjekt med forebyggende og forskningsbasert arbeid i rovdyrutsatte områder, basert blant annet på erfaringene fra tilsvarende problemområder i andre land.

       Presidenten: Framstegspartiet har varsla at dei ønskjer å stemme imot.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 78 mot 14 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 12.48.49)



Votering i sak. nr. 2

      

       Presidenten: Under debatten har Øyvind Korsberg sett fram fire forslag på vegner av Framstegspartiet og Senterpartiet.

       Forslag nr. 1 lyder:

       « Stortinget ber Regjeringen om å avvikle kjerneområdene for rovvilt. »

       Forslag nr. 2 lyder:

       « Stortinget ber Regjeringen om å fremme de nødvendige endringer slik at man kan oppnå et mer effektivt uttak av rovvilt som gjør skade eller skaper truende situasjoner (skadedyr). »

       Forslag nr. 3 lyder

       « Stortinget ber Regjeringen om å fremme de nødvendige endringer slik at det kan åpnes for mer fleksible jakttider og metoder som i større grad hensyntar de lokale forhold. »

Votering:
Forslaga frå Framstegspartiet og Senterpartiet vart med 60 mot 32 røyster ikkje vedtekne.

       (Voteringsutskrift kl. 12.49.30)

      

       Presidenten: Forslag nr. 4 frå Framstegspartiet og Senterpartiet lyder:

       « Stortinget ber Regjeringen fremlegge de totale kostnadene knyttet til dagens rovviltforvaltning der både kostnader knyttet til forskning, skade og forebygging fremkommer. »

Votering:
Forslaget frå Framstegspartiet og Senterpartiet vart med 56 mot 35 røyster ikkje vedteke.

       (Voteringsutskrift kl. 12.49.51)

      

       Komiteen hadde tilrådd:

       Dok.nr.8:07 (2000-2001) - forslag fra stortingsrepresentantene Robert Eriksson, Øyvind Korsberg og Per Roar Bredvold om avvikling av kjerneområdene for rovvilt, samt å fremme de nødvendige endringer slik at man kan oppnå et mer effektivt uttak av rovvilt som gjør skade eller skaper truende situasjoner - vedlegges protokollen.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.


Votering i sak nr. 3

      

       Presidenten: Under debatten har John Dale sett fram eit forslag på vegner av Framstegsgpartiet og Senterpartiet. Forslaget lyder:

       « Stortinget ber Regjeringa om å leggja fram for Stortinget forslag til nytt forvaltingsområde for ulv. »

       Det blir votert alternativt mellom I i tilrådinga og forslaget frå Framstegspartiet og Senterpartiet.

      

       Komiteen hadde tilrådd:

I

       Dok.nr.8:08 (2000-2001) - forslag frå stortingsrepresentant John Dale om at Stortinget skal få seg førelagt planen om å etablere eit forvaltingsområde for ulv - avvises.

      

Votering:

       Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet og Senterpartiet vart tilrådinga vedteken med 63 mot 29 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 12.51.03)

      
Vidare var tilrådd:

II

       Det geografiske området for den nye forvaltningsplanen for ulv avgrenses så mye at konfliktene kan reduseres til et minimum innenfor målsettingen om levedyktig bestand av ulv i Norge.

       Presidenten: Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har varsla at dei ønskjer å stemme imot.

      

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 59 mot 33 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 12.51.30)

      

       Vidare var tilrådd:

III

       Regjeringen bes på egnet måte legge frem for Stortinget en konsekvensanalyse av forvaltningsplanen, herunder forhold knyttet til økonomi og forvaltningspraksis i de aktuelle områdene planen omfatter, så raskt som mulig etter at de fylkesvise forvaltningsplaner foreligger, og senest i løpet av første halvår 2002.

IV

       Stortinget ber Regjeringen vurdere og igangsette tiltak for å avhjelpe de menneskelige omkostninger som er knyttet til rovdyrpolitikken, herunder frykt og andre psykiske belastninger, redusert trivsel og nedsatt livskvalitet for deler av befolkningen i rovdyrnære områder.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.


Votering i sak nr. 4

      

       Presidenten: Under debatten har Øyvind Korsberg sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet og Senterpartiet. Forslaget lyder:

       « Stortinget ber Regjeringen legge frem en ny stortingsmelding om rovdyrforvaltningen, senest innen utgangen av 2001. »

      

       Komiteen hadde tilrådd:

       Stortinget ber Regjeringen legge frem en ny stortingsmelding om rovdyrforvaltningen, senest innen utgangen av 2003.

Votering:
Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet og Senterpartiet vart tilrådinga vedteken med 62 mot 29 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 12.52.26)