Etter at det var ringt til votering i
5 minutt, sa Presidenten: Det skal no voterast i
sakene nr. 2-4.
Presidenten: Presidenten foreslår at
fiskeriministeren si utgreiing i Stortingets møte 3. mai 2001 om
ulovlegheiter i fiskerinæringa vert lagd ved protokollen. - Det er vedteke.
Presidenten: Det vil bli votert over
forslag frå stortingsrepresentant Jon Lilletun på vegner av Kristeleg
Folkeparti og Senterpartiet sendt over frå Odelstingets møte 26. april 2001:
![]()
![]()
« Stortinget ber Regjeringen om å gjennomføre en grundig evaluering av gjeldende ordning med enhetskvoter. Konsekvenser i forhold til vedtatte mål for fiskeripolitikk og bosetting må legges fram for Stortinget før en eventuell utvidelse av ordningen med enhetskvoter til å gjelde for båter under 28 meter. »
(Voteringsutskrift kl. 14.58.07)
Magnhild Meltveit Kleppa (KrF) (frå salen):
Eg må få lov å seia at eg stemde feil, eg skulle ha stemt for.
Presidenten: Det har presidenten merka seg. Forslaget frå Kristeleg
Folkeparti og Senterpartiet er då med 71 mot 37 røyster ikkje vedteke.
Presidenten: Under debatten har Einar Steensnæs sett fram eit forslag på vegner av Hilde Frafjord Johnson og seg sjølv.
Under debatten er forslaget gjort om til eit oversendingsforslag. Forslaget vil då lyde:
« Det henstilles til Regjeringen å ta kontakt med de politiske partiene i Norge med sikte på å opprette et institutt for demokratiutvikling f.eks etter modell av Institute for Multiparty Democracy (IMD) i Nederland. Instituttet bør ha som hovedoppgave å bidra til utvikling og styrking av partiorganisasjoner samt kompetanseutvikling innenfor partier og parlamenter, primært i ODA-godkjente land. »
Presidenten foreslår at forslaget vert sendt over til Regjeringa utan realitetsvotering. - Det er vedteke.
Presidenten vil så foreslå at utviklingsministeren si utgreiing i Stortingets møte 24. april 2001 om utviklingspolitikk vert lagd ved protokollen. - Det er vedteke.