Header dokumenter

Stortinget
Møte fredag den 14. desember kl. 10 2001


Sak nr. 6
Innstilling fra finanskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2002 vedkommende rammeområdene 21 (eksportgarantier mv.), enkelte kapitler under Nærings- og handelsdepartementet, rammeområde 22 (finansadministrasjonen), enkelte kapitler under Finansdepartementet, enkelte garantier under Finansdepartementet, statsbudsjettets 90-poster og kapitlene som gjelder overføring til eller fra Statens petroleumsfond (
B.innst.S.nr.6 (2001-2002), jf. St.prp.nr.1 (2001-2002) og St.prp.nr.1 Tl.04 (2001-2002) )

TALERE:


       Tore Nordtun (A) : Debattene i disse sakene har vi jo hatt, så for Arbeiderpartiets del vil jeg nå bare oppta våre forslag og de forslagene der vi står sammen med andre - så det er herved gjort.


Presidenten: Tore Nordtun har teke opp dei forslaga han gjorde greie for.


       Gjermund Hagesæter (FrP) : Framstegspartiet er oppteke av effektivisering, forenkling og avbyråkratisering. Derfor har vi i vårt primære budsjettforslag gått inn for ein rammesum for ramme 22 som er 199 mill. kr lågare enn den vedtatte rammesummen. Vi trur nemleg at det er behov og moglegheit for å setje i verk effektiviseringstiltak innanfor finansadministrasjonen.

       Toll- og avgiftsetaten og skatteetaten har dei siste fire åra fått auka sine netto driftsutgifter med ca 28 %. Vi har derfor gjort eit beskjedent kutt på ca 5 % på driftsutgiftene på desse nemnde etatane.

       Sidan vårt primære forslag heller ikkje denne gongen har fått fleirtal, vil vi likevel innanfor den vedtatte ramma slutte oss til regjeringspartia sitt forslag.

       Framstegspartiet har heile tida vore imot det nasjonale registeret for fritids- og småbåtar. Vi meiner at dette er eit unødvendig register som med fordel kan avviklast, noko vi også legg fram forslag om.

       Når det gjeld provenyet som blei frigjort ved at Oslo Børs blei omdanna til aksjeselskap og seld, synest vi det er positivt at ein del av dette provenyet blir brukt til å opprette eit finansmarknadsfond. Vi meiner likevel at ikkje berre 90 mill. kr, men heile provenyet bør bli sett av til eit slikt fond. Dette bør skje seinast ved revidert nasjonalbudsjett. Grunngivinga for dette er todelt. Vi trur nemleg at fondet må opp på ein slik storleik for å kunne oppfylle sitt formål på ein tilfredsstillande måte. Vi synest også det er urimeleg at staten direkte skal profittere på salet av Oslo Børs. Vi er derfor av den klare oppfatning at heile provenyet frå salet av Oslo Børs bør gå uavkorta inn i eit finansmarknadsfond.

       På bakgrunn av denne gjennomgangen vil Framstegspartiet gjenta forslaga i innstillinga frå finanskomiteen.


[Neste innlegg av Gjermund Hagesæter]

Presidenten: Presidenten oppfattar det sånn at Gjermund Hagesæter har teke opp forslaga frå Framstegspartiet.


       Gjermund Hagesæter (FrP) : Ja.


Heidi Grande Røys (SV) : Eg skal berre få lov å ta opp forslaga frå SV i innstillinga.


Presidenten: Heidi Grande Røys har teke opp dei forslaga ho gjorde greie for.


       Morten Lund (Sp) : Jeg vil ta opp de forslag Senterpartiet har, alene eller sammen med andre, i innstillingen.


Presidenten: Morten Lund har teke opp dei forslag han gjorde greie for.


       Jan Tore Sanner (H) : Jeg vil tillate meg å gjøre det samme. På vegne av samarbeidspartiene tar jeg opp våre forslag, og anbefaler den delen av innstillingen som vi står bak.


Presidenten: Jan Tore Sanner har teke opp dei forslaga han gjorde greie for.

       Presidenten trur då at alle forslaga er opptekne.

       Fleire har ikkje bede om ordet til sak nr. 6.

       (Votering, sjå side 1145)