TALERE:
Torstein Rudihagen (A)
(ordførar for
saka):
Denne saka har sin bakgrunn i at Folketrygdfondet i januar søkte om mellombels dispensasjon til å sitje med eit ansvarleg lån. Det vart søkt om dispensasjon fordi reglementet for Folketrygdfondet ikkje eksplisitt opnar for at Folketrygdfondet kan investere i ansvarlege lån. Det er reglementets § 5 som regulerer kva for finansielle instrument som Folketrygdfondet kan investere i. Det var i samband med restruktureringa av gjelda i Kværner at Folketrygdfondet vart sitjande med eit ansvarleg lån - ei restrukturering som fondet fann det nødvendig å vere med på.
Det er Stortinget som etter folketrygdlova gir føresegner om Folketrygdfondet, og Finansdepartementet vurderer det slik at Regjeringa ikkje har heimel eller fullmakt til å gi dispensasjon i tilfelle som dette. Finansdepartementet foreslår derfor at reglementet for Folketrygdfondet § 9 blir endra slik at Kongen kan dispensere frå § 5 i slike særlege tilfelle.
Ein samrøystes komite meiner at Kværner-saka viser at Regjeringa bør få fullmakt til å gi dispensasjon i slike særlege tilfelle, og at Stortinget blir orientert om bruk av fullmakta ved første høve. Komiteen sluttar seg derfor samrøystes til forslaget.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.
(Votering, se side 2924)