Jon Lilletun (KrF) : Det er lett å la
seg forføre av Cuba. Øya begeistrar sansane og grip om hjartet. I bøker og
turistbrosjyrar vert Cuba framstilt som ein magisk stad - med musikk og
salsa til langt på natt, krydra mat, handrulla sigarar og varme og
lidenskaplege menneske. Kombinert med revolusjonsromantikk fungerer desse
inntrykka som skylappar for den verkelege situasjonen på Cuba. Dei som tør
tale fritt, fortel om ein annan kvardag. Forskar Distad Andreassen ved
Universitetet i Bergen skriv i ein kronikk i Dagbladet 8. mai i fjor:
« Cuba var vår eksotiske sosialistiske
drøm, eller mareritt, avhengig av politisk tilhørighet, fordi det så ut til
å fungere. »
Han viser til at mange har mykje å
takke Fidel Castro for: at revolusjonen redda Cuba frå kaos og korrupsjon,
og at landet fekk bukt med fattigdom, rasisme, utbytting av arbeidarane og
enorme skilnader mellom fattig og rik. Men, understrekar Distad, dette er
lenge sidan. Helsevesenet har framleis stor legedekning, men manglar
medisin og utstyr. Verdas matvareorganisasjon fortel at ein femtedel av
cubanarane er underernærte. Prostitusjonen er aukande. Sjølv om landet har
hatt ei viss økonomisk liberalisering, vart denne aldri følgd opp med
politisk fridom. Eit system med intens kontroll på grunnivå hindrar det.
Cubanarar som torer snakke fritt, talar om ein kvardag med redsle, om brot
på menneskerettane og harde kår for ytringsfridomen, om tryggingspoliti og
nabolagskomitear som gjennom eit effektivt apparat kan kartleggje
innbyggjarane si verksemd på alle livets område, og om familiemedlemer som
vert trakasserte.
Det har ikkje vore noka merkbar
betring av menneskerettane på Cuba dei seinare åra, tvert imot. Rett nok
har landet makta å forbetre helse- og skulesektoren på ein måte andre
fattige land ikkje har, og det skal det sjølvsagt gjevast ros for, men
ytrings- og forsamlingsfridomen vert framleis krenkt. Trass i oppmodingar
frå FN og det internasjonale samfunnet vil ikkje Cuba slutte seg til dei
internasjonale og interamerikanske konvensjonane om politiske og sivile
rettar.
I vår vart situasjonen dramatisk
forverra. Då auka talet på arrestasjonar av opposisjonelle, uavhengige
journalistar og representantar frå det sivile samfunnet. Det er ikkje i
samsvar med prinsippa om ytringsfridom og grunnleggjande sivile og politiske
rettar. Denne sanninga må fram. Vi kan ikkje vere tause så lenge cubanske
styresmakter ikkje respekterer menneskerettane og demokratiet.
Det er viktig for meg å seie at eg
ikkje ynskjer å isolere Cuba. Eg er kritisk til den politikken USA fører
overfor Cuba. Han har ikkje verka slik han var tenkt, og har i mange høve
vorte brukt som eit argument frå Castro for å øve meir kontroll. Eg er på
linje med nobelpristakar Jimmy Carter, som meiner amerikanske styresmakter
bør arbeide saman med cubanske styresmakter for å skape eit samarbeid basert
på gjensidig respekt. Eg trur vegen til reformer går gjennom kontakt og
samarbeid med cubanarane, ikkje ved isolasjon. Noreg har saman med andre
land i Europa og Amerika normale kommersielle og diplomatiske samband med
Cuba. Dette synet vert òg reflektert ved at Noreg i FN sidan 1993 har stemt
for resolusjonen som tek avstand frå den amerikanske embargoen av Cuba. Vi
har òg gjenopna vår ambassade i Havanna, noko som gjev eit godt grunnlag for
samarbeid. Men Noreg tek samstundes avstand frå brota på menneskerettane og
mangelen på demokrati på Cuba, og stør resolusjonar i FN som kritiserer
dette. Noreg har såleis gjeve uttrykk for at vi kan ha eit godt samarbeid
med Cuba, sjølv om vi kritiserer delar av politikken som vert ført i landet.
Difor stiller eg spørsmål om kva vi frå norsk side konkret kan gjere for å
auke respekten for demokratiet og menneskerettane på Cuba, og korleis dette
samarbeidet kan verte styrkt. Eg veit at Noreg, saman med mange andre land,
har forsøkt å halde i gang ein dialog med cubanske styresmakter om
menneskerettar, men at denne vart suspendert frå cubansk side etter at Noreg
stemte mot Cuba i FNs menneskerettskommisjon våren 2000. Cubanske
styresmakter har ikkje vore villige til å ta opp igjen denne dialogen.
Cubanske styresmakter avviser dialog med å vise til vårt stemmemønster og
vår haldning i Menneskerettskommisjonen. Det er difor ikkje resten av
verda, med unntak av USA, som isolerer Cuba, men det er Cuba som under det
noverande regimet isolerer seg sjølv. Eg meiner ikkje at Noreg skal ta opp
ein formell dialog med Cuba, om det fører til at vi ikkje kan røyste i FN
slik vi ynskjer. Vi kan ikkje tillate at cubanske styresmakter set slike
krav. Men om ein formell dialog ikkje er mogleg no, må det vere andre måtar
Noreg kan vere med og betre situasjonen på. Menneskerettane på Cuba vert
brotne, og det er viktig at Noreg styrkjer samarbeidet og kontakten med
styresmaktene i Havanna når det gjeld menneskerettsspørsmål.
Vi kan ikkje vente på endring til
Castro går av eller USA opphever sin boikott. Det er viktig at vi handlar
no. Situasjonen er dramatisk forverra på Cuba. I ly av Irak-krigen sette
cubanske styresmakter i vår inn ein offensiv mot opposisjonelle på Cuba.
Dei fyrste månadene i 2003 har regimet auka undertrykkinga av
opposisjonelle. Journalistar, politiske opponentar og
menneskerettsforsvararar er vortne trakasserte, og fleire fengsla. Meir enn
80 opposisjonelle vart arresterte. Den mest framståande er kanskje
Vladimiro Roca, stiftar av det sosialdemokratiske partiet på Cuba, sonen til
ein av revolusjonsheltane. Amnesty skildra arrestasjonane som dei verste
mot opposisjonen på tiår. Desse systematiske brota på menneskerettane og
forfølginga er ein bevisst politikk for å undertrykkje krefter som ynskjer
eit fritt og demokratisk Cuba. Vi kan ikkje teie om dette. Regimet
strammar grepet no, for dei opposisjonelle kreftene på Cuba har vakse i det
siste, særleg gjennom arbeidet til Oswaldo Paya. Paya har uttrykt seg
optimistisk om at det er mogleg å få til ei positiv utvikling i landet, men
at dette ikkje vil skje utan internasjonalt press.
Paya er opposisjonsleiar og leiar av
det kristendemokratiske partiet på Cuba. Paya er òg initiativtakar og leiar
av det såkalla Varela-prosjektet. Det er ein borgarrettsorganisasjon som
vart skipa i 1988. Varela-prosjektet er internasjonalt godkjent, ikkje
minst etter at Paya fekk Sakharov-prisen av Europaparlamentet. Han var òg
nominert til Nobels fredspris, m.a. av Vaclav Havel. Varela-prosjektet
samlar opposisjonen. Rørsla er retta inn mot kampen for menneskerettane på
Cuba og er i seg sjølv partinøytral. Det er ein underskriftskampanje med
krav om folkeavstemming for betre vilkår for menneskerettane som allereie er
heimla i den cubanske grunnlova. Ytringsfridom, forsamlingsfridom og
likebehandling av cubanarar og utanlandske borgarar står sentralt her. Paya
har på vegner av Varela-prosjektet framsett og kravd behandla konkrete
forslag om dette i nasjonalforsamlinga. I 2003 vart over 11.000
underskrifter overleverte nasjonalforsamlinga, noko som etter grunnlova gjev
rett til folkeavstemming. Den cubanske nasjonalforsamlinga med sitt eine
kommunistparti har trass i dette forkasta kravet frå Varela-prosjektet om ei
slik behandling.
I gruppa av samvitsfangar frå i vår er
nesten halvparten frå Varela-prosjektet. 40 sentrale medlemer vart
arresterte. Det einaste dei hadde gjort, var å arbeide for at cubanarane
skulle få nyte dei same rettane som vi nyt i Noreg. Difor vart dei fengsla.
Mange i Varela-prosjektet vil halde fram, men andre er redde og vel å ikkje
arbeide aktivt i demokratirørsla. Både dei leiarane som er fengsla, og dei
som enno ikkje er tekne, fryktar no for fyrste gong på mange år for sine
liv. Dei fengsla er desperate etter ei endring. Det er svært nedverdigande
forhold i fengsla, summariske rettargangar og minimal kontakt med
familiemedlemer. Dei aller fleste er plasserte i isoleringsceller.
Dødsstraff er på ny teke i bruk på Cuba. Dissidentar har alltid vore klare
over den risikoen dei tek, men desse dommane var uvanleg harde. Det har
ikkje vorte dømt så harde straffer på fleire tiår. Castro har i ei rekkje
talar forsvart arrestasjonane ved å seie at dei opposisjonelle undergrev det
cubanske samfunnet, at dei er støtta av USA og er med på å planleggje ein
amerikansk invasjon. Paya har heile tida vore klar på at Varela-prosjektet
er ei rørsle som er heilt uavhengig både av parti, kyrkje, eksilcubanske
miljø og USA. Eg trur Castro opplever Paya, Varela-prosjektet og
demokratirørsla som eit trugsmål. Kva annan grunn kan regimet ha hatt for å
arrestere dei? Etter rettssaker på tre dagar vart dei dømde til straffer på
mellom 12 og 28 års fengsel og plasserte saman med tungt kriminelle fangar,
i fengsel langt frå deira pårørande. Kan det vere noko anna enn ein
strategi for å svekkje demokratiarbeidet og sikre eiga og revolusjonens
framtid? Eg trur ikkje det.
Med bakgrunn i dette ber Kristeleg
Folkeparti Regjeringa halde fram med si klare tale til det cubanske regimet
og føre ein politikk som leier fram til ein fredeleg overgang til demokrati.
Noreg må på ein eigna måte og gjennom eigna kanalar reagere på det som
skjer. Med dette som bakgrunn vil eg spørje utanriksministeren: Korleis kan
den norske regjeringa medverke til demokratiske reformer og auka respekt for
menneskerettane på Cuba? Kva vil utanriksministeren gjere for at dei
politiske fangane på Cuba skal verte frigjevne? Kva for ytterlegare grep vil
utanriksministeren gjere for å stø demokratirørsla på Cuba?
Utenriksminister Jan Petersen : I flere tiår var forbindelsene mellom Norge
og Cuba nærmest av ren formell karakter. Men fra 1998 og i et par år
fremover lyktes Norge å komme i en konstruktiv dialog med Cuba om
menneskerettigheter. Det ble organisert to seminarer med fokus på
rettssystem, demokrati, pressefrihet og menneskerettigheter. Disse ble
oppfattet som et godt utgangspunkt for et videre samarbeid, og det ble lagt
planer for flere nye møter.
Imidlertid suspenderte cubanerne
dialogen etter FNs menneskerettighetskommisjons 56. sesjon våren 2000.
Bakgrunnen var at Norge, som tidligere, stemte for en resolusjon med kritikk
av situasjonen for menneskerettighetene på Cuba. Gjentatte forsøk fra norsk
side på å gjenoppta dialogen har ikke ført frem.
Utviklingen etter
Menneskerettighetskommisjonens møte i 2000 har ikke gitt oss noen grunn til
å endre vår kritiske holdning når det gjelder situasjonen for
menneskerettighetene på Cuba. Blant annet har det internasjonale samfunn
fordømt massearrestasjonene av dissidenter og uavhengige journalister, samt
de summariske rettssakene mot disse og mot tre båtkaprere som ble anholdt i
mars/april i år. Dissidentene ble dømt til svært lange fengselsstraffer og
kaprerne henrettet.
Også fra norsk side tok vi disse
menneskerettighetsbruddene opp med cubanske myndigheter og gjorde det klart
at en slik rettspraksis er fullstendig uakseptabel. Den cubanske chargé
d'affaires i Oslo ble i april i år innkalt til Utenriksdepartementet og fikk
utvetydig forklart de norske synspunkter.
Dessverre ser det foreløpig ut til at
cubanske myndigheter i liten grad tar hensyn til det internasjonale samfunns
reaksjoner. Myndighetene har suspendert mye av kontaktene med de land som
protesterte kraftigst, herunder EU-landene og Norge. Kontakten med landets
politiske og administrative myndigheter er kraftig redusert etter at vår
chargé d'affaires i Havanna ikke lenger tas imot i ministeriene.
Cuba avviser også bistand fra EU-land
og Norge og tillater ikke oppfølgingsbesøk til prosjekter fra ambassaden.
Bistand gjennom frivillige organisasjoner og FN fortsetter imidlertid. Men
organisasjoner som Amnesty International og Det internasjonale Røde Kors
tillates ikke å arbeide på Cuba, noe som øker vår bekymring for
menneskerettighetene i landet.
Gitt de nåværende, og forhåpentligvis
midlertidige, begrensningene i våre kontakter med de cubanske myndigheter er
den norske representasjonens viktigste oppgave å opprettholde forbindelser
med det sivile samfunn, dvs. til grupper som ved fredelige midler ønsker å
gi landet en demokratisk styreform og sikre landets økonomiske og politiske
utvikling og integrasjon i verdenssamfunnet.
Vår kontakt med de opposisjonelle er
en viktig moralsk støtte og samtidig et signal til myndighetene om at vi
finner den behandling som opposisjonen utsettes for, uakseptabel. Dette vil
kanskje være vår fremste støtte til bestrebelsene på å fremme demokratiske
reformer på Cuba.
Norge har allerede i noen år gitt
humanitær støtte til de politiske fangers familier i et forsøk på å avhjelpe
den aller verste nød og sikre et minimum av mat og medisiner. Denne form
for støtte ønsker vi fortsatt å kunne yte, og vi vil benytte de kanaler som
bringer hjelpen dit den trengs mest.
Det er altså viktig å være aktive og
tydelige i internasjonale fora hvor Cuba blir omtalt og forholdet til
landets myndigheter blir behandlet.
La meg for øvrig nevne, bare for å
understreke det, president, det interpellanten også nevnte, nemlig at Norge
i FN i en årrekke har stemt mot den amerikanske embargoen av Cuba, dette
fordi vi anser at det rent prinsipielt bør være et skille mellom sanksjoner
som er vedtatt gjennom FN, og ensidige straffetiltak fra individuelle
stater. Samtidig bør vi etter Regjeringens oppfatning søke å opprettholde
kontakter med cubanske myndigheter der hvor dette lar seg gjøre.
Regjeringen har også som målsetting å gjenoppta en dialog om
menneskerettigheter med cubanske myndigheter, men dette krever en cubansk
holdningsendring.
Jørgen Kosmo hadde her gjeninntatt presidentplassen.
Kristin Halvorsen (SV) : Jeg har lyst til å berømme representanten Lilletuns
initiativ for å ta opp denne interpellasjonen om situasjonen rundt
menneskerettighetene på Cuba. Jeg tror vel at noe av æren tilfaller
representanten Hallgeir H Langeland for hans forslag. Så slik sett har det
omdiskuterte forslaget om å nominere Fidel Castro til fredsprisen kanskje
hatt én positiv avlegger i Stortinget og bidratt til at flere har blitt
opptatt av det som er den reelle menneskerettighetssituasjonen på Cuba. Men
jeg har lyst til å knytte noen kommentarer til denne debatten.
Det er slik at alle representanter på
Stortinget og tidligere parlamentarikere har mulighet til å nominere folk
til fredsprisen, men det er ingen partibehandling av dette. Jeg og SV mener
at Fidel Castro er en helt uaktuell kandidat til en fredspris. Intensjonen
fra forslagsstiller har vært å få i gang en diskusjon om det som er de
faktiske forhold. Men for SV henger kampen for sosial rettferdighet og
kampen for politiske og humanitære menneskerettigheter uløselig sammen.
Det eneste jeg har å utsette på
Lilletuns interpellasjon, er mangelen på omtenksomhet rundt forholdene for
homofile på Cuba. Det er nemlig slik at homofil praksis er forbudt der.
Det er én av de tingene som også framlegges som en avlegger av et
kapitalistisk samfunn. Så hvis vi kan utfylle representanten Lilletuns
innlegg når det gjelder bekymringer for menneskerettigheter på Cuba, med det
som dreier seg om bekymringer for minoriteters rettigheter, tror jeg kanskje
bildet kan bli komplett.
Når det gjelder noen henvisninger til
uttalelser fra SV i denne debatten, vil jeg bare si at når representanter
fra SV framholder at vi i dialog med ulike bevegelser på Cuba - og
representanter fra SV har mange møter med dem - konfronterer dem med
situasjonen når det gjelder menneskerettigheter, er det ikke slik at det er
ønsketenkning for SV at alle som er organisert i fagbevegelsen, skal stemme
på ett parti. Da framholdes det som en menneskerettighet at organiserte i
fagbevegelsen i Norge også har rett til å stemme på et høyreparti, hvis det
er det de ønsker.
Jon Lilletun (KrF) : Fyrst vil eg gje ein takk til alle som har teke ordet
og delteke. Det er ikkje ofte at ein interpellasjon fengjer så stor
interesse i salen. Eg synest det er bra når menneskerettar kjem på
dagsordenen, at det er noko som fengjer.
Så vil eg gjerne seie til
representanten Stensaker at det var mykje gledeleg i hans innlegg i forhold
til at det verkar som om han er svært oppteken av uretten i verda, at det er
nødvendig å gjere noko med internasjonale strukturar, og at det er nødvendig
med utviklingsarbeid, bistandsarbeid, for å få orden på den uverdige
situasjonen at 40.000 ungar døyr kvar einaste dag. Eg håpar at
representanten Stensaker sitt innlegg var eit uttrykk for ei nyorientering i
Framstegspartiet sin internasjonale politikk. Det vil i så fall vere på høg
tid, og det vil vere gledeleg.
Eg vil òg presisere for Kristeleg
Folkeparti sin del at vi meiner at USA undergrev internasjonal
menneskerettsstandard gjennom behandlinga av fangane på basen på Cuba. Vi
meiner òg at det å la vere å underteikne internasjonale avtalar som skal
sikre menneskerettane, er negativt på same måten. Det er vi faktisk heilt
samde med SV i. Men vi er forundra over denne redsla - som representanten
Blankenborg uttrykte det - for å gå inn i den konkrete situasjonen som er
teken opp i interpellasjonen, og seie tydeleg frå. Det slit ein mykje med,
sjølv eit så velmeinande menneske som representanten Jacobsen.
Eg har òg fått eit brev frå
Cuba-foreininga, som omtalar den uverdige kampanjen representanten Lilletun
har mot Castro og Cuba, og framstiller humanismen på Cuba. Eg har røkt litt
etter, og eg trur nok at representanten Jacobsen vil finne mange partifellar
i denne foreininga. Og eg må seie at det var ikkje mykje sjølvkritikk i det
brevet. Der såg ein ikkje mykje til dei tinga som vi har diskutert her i
dag.
Det eg faktisk synest at debatten har
avklara, er at det er eit samla storting som seier at menneskerettane er
universelle, og at dei ikkje kan delast opp i det å ha mat og det å ha
ytringsfridom, slik representanten Langeland gjorde i går. Likeins synest
eg òg at det er heilt tydeleg at ein er nøgd med at Regjeringa engasjerer
seg. For det tredje synest faktisk eg at representanten Blankenborg peika
på at her er det framleis noko uforløyst i SV sin politikk, at her sit på
ein måte erkjenninga langt inne, og med den romantiske forhistoria har ein
eit stykkje å gå før ein er komen i mål. Men summa summarum: Eg er fornøgd
med utanriksministeren sitt svar og med debatten, og takkar for ordet.
Utenriksminister Jan Petersen : Jeg synes denne debatten i hvert fall mot
slutten manglet det alvoret som menneskerettighetsbruddene på Cuba kaller
på. Dette er alvor, og det er bakgrunnen for at Regjeringen også er tydelig
i disse spørsmålene.
Jeg synes at det er tre ting som må
kommenteres. Det ene er det som er sagt om sanksjoner. Jeg tror kanskje
denne sanksjonen lærer oss at vi burde prinsipielt drøfte om sanksjoner i
det hele tatt er et egnet virkemiddel. Det gjelder ikke bare på Cuba, men
det gjelder i en god del andre områder, også der hvor norske politikere
kaller på sanksjoner. Det bør vi ta innover oss.
Det andre jeg har lyst til å si, er at
denne debatten har vist en bred enighet om Regjeringens linje, men ikke så
bred at den også omfatter SV, ganske enkelt fordi Regjeringen er tydelig.
Slik jeg har hørt SVs talere i debatten, så er de utydelige når det gjelder
Cuba. Det er for mange unnskyldninger.
Når representanten Langeland påstår at
han ikke har hørt hva bl.a. Regjeringen og Høyre sier om Guantanamo, så er
det formodentlig fordi han rett og slett ikke lytter.
Når det så gjelder sakens innhold, må
jeg si at den mangel på klarhet som SV her har vist, synes jeg er ganske
oppsiktsvekkende. Representanten Jacobsen holdt et innlegg - jeg tenker
ikke på Langeland, men jeg tenker på representanten Jacobsen, som også holdt
et innlegg - som var preget av betydelig uklarhet og mange unnskyldninger,
og det greide partilederen altså ikke å forholde seg til. Jeg har deltatt i
mange debatter med Kristin Halvorsen gjennom de par siste årene hvor hun
stadig forlanger tydelighet i norsk politikk. Jeg går ut fra at Kristin
Halvorsen kommer til å gjenta det, og jeg går ut fra at hun vil forstå at
det da vil bli smil i forsamlingen.
Presidenten: Dermed er behandlingen av sak nr. 6 avsluttet.