Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) (leiar i
komiteen og ordførar for saka):
Innst.S.nr.10
(2003-2004) gjeld ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève 3.-20.
juni 2002. Meldinga gir ei kort oversikt over dei viktigaste sakene som
vart behandla på den nemnde konferansen, og dei vedtaka som vart gjorde.
Meldinga inneheld vidare ei tilråding til korleis Noreg skal stilla seg til
spørsmålet om ratifikasjon av protokollen om tryggleik og helse i
arbeidslivet, samt informasjon om rekommandasjon nr. 193 om fremje av
samvirkeføretak og rekommandasjon nr. 194 om ulykker og sjukdomar knytte til
yrkesutøving.
Det er ein samla komite som står bak
innstillinga, og difor vil eg berre koma med nokre korte merknader frå mi
side. Det eine spørsmålet gjeld konvensjon nr. 155 om tryggleik, helse og
arbeidsmiljø, som vart godkjend av Noreg så tidleg som i 1982. Denne gongen
gjeld protokollen arbeid for å harmonisera registrerings- og meldeordningar
og statistikk over sjukdomar og ulykker knytte til arbeidslivet.
Protokollen er ikkje i samsvar med norsk rett.
Høyringsutsegnene avklarar at det er
ulikt syn på om ulykker på reiser til eller frå arbeid skal reknast som
arbeidsgivaren sitt ansvar. No leier professor Asbjørn Kjønstad for tida
eit utval som ser på framtidig yrkesskadeordning i Noreg, og komiteen deler
departementet si oppfatning om at yrkesskadeutvalet tek protokollen med i si
vurdering. Komiteen meiner at både spørsmålet om ratifisering av konvensjon
nr. 161 om bedriftshelseteneste og av konvensjon nr. 121 om yrkesskadetrygd
bør vurderast i den samanhengen, og det same gjeld spørsmålet om oppfylling
av rekommandasjonen. Men lat meg understreka at vi frå komiteen si side
ikkje har sett det føremålstenleg å gå inn i ei nærmare drøfting. Det betyr
altså at vi ikkje har teke stilling til desse spørsmåla. Det vil vi gjera
når vurderingane frå Kjønstad-utvalet ligg føre.
Rekommandasjon nr. 193 gjeld
samvirkeføretak. Der seier Justisdepartementet i si høyringsutsegn at
utkastet ikkje skapar problem i forhold til norsk samvirkerett eller i
forhold til Samvirkelovutvalet sitt forslag frå 2002. Men departementet
seier òg at det kan sjå ut som om norsk banklovgiving ikkje er i samsvar med
utkastet, fordi ho inneheld eit forbod mot kooperative bankar. Komiteen
merkar seg at det same departementet meiner at dersom Banklovkommisjonen
sitt forslag om forbod mot å etablera kredittforeiningar vert vedteke, kan
det reisa spørsmål i forhold til rekommandasjonen. Komiteen er samd med
departementet i at det vert teke omsyn til tilrådingane i rekommandasjonen i
samband med det vidare arbeidet med lov om samvirkeføretak.
I tillegg vil eg ta med at ein til
slutt i utsegna frå Justisdepartementet òg peikar på det kapitlet i
rekommandasjonen som gjeld deltaking av kvinner i leiinga.
Samvirkelovutvalet har ikkje lagt fram forslag om kjønnsrepresentasjon i
samvirkeføretak, men det vert opplyst at det i 2002 er nedsett ei
arbeidsgruppe med representantar frå fleire departement og samvirkesektoren
som arbeider med tiltak for å styrkja kjønnsrepresentasjonen i dei største
samvirkeføretaka. Det er òg eit arbeid som det er viktig å følgja opp.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.
(Votering, se side 359)