Hallgeir H Langeland (SV) : Eg tek opp
alle SV-forslag og dei forslaga som SV er med på. Dei ville, om dei blir
vedtekne, ha gjeve Noreg den miljøpolitikken som framtida treng.
Ei samla miljørørsle, alle
ungdomsparti og Kyrkja, Kåre Willoch, Thorbjørn Berntsen og SV ber om meir
tid og skikkeleg avgjerdsgrunnlag før det blir opna for meir olje- og
gassverksemd i nord. Direktoratet for naturforvalting seier at det
noverande avgjerdsgrunnlaget er utilstrekkeleg. SFT si nye vurdering seier
statsråden me ikkje skal få sjå, den skal haldast hemmeleg. I tilfelle det
blir resultatet, er det ein skandale. Derfor håper eg at statsråden
allereie på møtet her i dag, før det er svart på brevet frå SV, klart seier
at dette skal vera ope, sjølvsagt.
SV kan gje Regjeringa fleirtal for ei
haldning om å venta, ei haldning som ikkje driv hasardspel i nord, med dette
viktige, økologisk sårbare området og sentrale matfatet til Noreg og Europa.
Det kan altså Regjeringa få fleirtal for. Og det finst alternativ. Sist
torsdag deltok m.a. eg på ein konferanse i Kristiansund, og ei rekkje
selskap var veldig optimistiske med tanke på verksemda i Nordsjøen og på
norsk kontinentalsokkel, fordi dei ser eit potensial for å driva ut meir frå
dei eksisterande felta, frå satellittar og frå haleproduksjon. Altså: Ei
rekkje norske selskap, inkludert Kongsberg, Aker Kværner, Talisman,
forskingsinstitusjonen SINTEF m.fl. peiker på at her er det eit potensial
som ein no ikkje tek ut, for ein tek ikkje ut meir enn 44 % i gjennomsnitt.
Ein stikk unna eller lèt olje og gass for tusenvis av milliardar liggja og
aldri blir teke ut om ein ikkje har ein bevisst politikk på dette. SV har
fleire gonger forsøkt å få ei aktiv haldning frå Regjeringa på dette
punktet, men me opplever ikkje at det skjer. Her er det altså eit
potensial.
SV har i dag eit forslag om å bruka
CO2 som trykkstøtte, men det blir ikkje støtta av regjeringspartia av ein
eller annan grunn. Heller ikkje Onarheim svarte meg i replikkordskiftet på
spørsmålet om korfor ein ikkje støttar dette med aktivt å bruka CO2 som
trykkstøtte. Då ville ein jo løysa fleire problemstillingar på ein gong,
nettopp det Oljedirektoratet ved Gunnar Berge òg har fått ein ny profil på,
nemleg å sjå på kva ein kan få til for å auka utvinningsgraden. Det gjev
miljøgevinst i forhold til klimarekneskapen. Det reduserer behovet for å gå
inn i nye område, slik som dei store selskapa vil. Det gjev utvikling av ny
verdsleiande teknologi knytt til arbeidet med petroleum, og ikkje minst gjev
det arbeid og optimisme. Det beviste konferansen i Kristiansund. SV synest
det er heilt forunderleg at Venstre og Kristeleg Folkeparti og Regjeringa
ikkje støttar opp om forslaget frå SV på dette punktet.
Delar av Østlandet har vore mørklagde,
og nokre er det fortsatt, slik som det òg har vore i New York, London,
Nord-Italia og ved Øresund. Det har vore ein svikt i bl.a
vedlikehaldsarbeid knytt til nettet. Då forundrar det SV at alle partia,
unnateke SV, faktisk ranar til seg mykje meir pengar frå Statnett enn det
dei tidlegare har gått inn for. No tek ein ut 90 % av det selskapet også.
Det er uforsvarleg med tanke på forsyningssikkerheita, og det burde få
fleire til å tenkja seg om. Men SV skal vita å plassera ansvaret når og
eventuelt viss det skjer nokon uhell knytte til sentralnettet.
SV kan laga fleirtal for noko som
tilsvarer 13 gasskraftverk. Me har i våre forslag ei rekkje tiltak som vil
bidra til å løysa den straumkrisa me hadde i vinter, og som kan komma igjen.
Me meiner at dei ambisjonane som Regjeringa har på dette området, er altfor
små og må aukast. Vårt forslag til Regjeringa er at ein bør ha 20 TWh inne
i marknaden som eit mål innan 2010.
LO, Framstegspartiet og
Arbeidarpartiet, gjerne òg kalla klimabandittane, har hatt som mål å byggja
gasskraftverk, å byggja gasskraftverk, å byggja gasskraftverk. Dei har
ikkje bygd eit einaste gasskraftverk, men dei har ropt om det i ti år og
sagt at no må me byggja gasskraftverk. Så har dei sete i regjering, og dei
har ikkje bygd gasskraftverk, eller så har dei inngått forlik, slik som både
Arbeidarpartiet og Framstegspartiet har gjort, og ikkje bygd gasskraftverk.
Dei har ikkje forlangt det heller. Eg synest at det er noko lite truverdig
ved parti som roper på løysingar som dei sjølve aldri går inn for.
LO og Arbeidarpartiet må no velja om
SV er hovudfienden i energipolitikken, eller om dei sjølve snart må vera med
på ein strategi som faktisk verkar, og som SV har stått for i lange tider.
Nokre eksempel på det: Prosessindustrien, Enova, seier at ein kan spara 5,3
TWh ved energieffektivisering i industrien. Nei, der skjer det ingenting.
Der vil ikkje Arbeidarpartiet vera med på noko offensivt. Byggjenæringa
seier at det er 14 TWh å spara i forhold til enøk i bygg. Og som folk har
sett, har SV teke opp eit forslag om å fasa ut PCB-armatur, som er giftig og
kan drysja i hovudet på folk på skulane. Ein kan spara 1 TWh ved å skifta
dette ut, samtidig som ein set elektromontørar i arbeid. Alle desse
forslaga burde SV ha fått fleirtal for.
I vinter fekk me fleirtal for våre
forslag om investeringsstøtte til varmepumper, pelletskaminar og
styringssystem. No burde tida vera der igjen til å velja løysingar som
ikkje går ut over miljøet, og som ikkje lagar problem i forhold til
klimaproblematikken.
Også innafor ny fornybar energi er
moglegheitene til stades. I bioenergi er f.eks. 10 TWh innan 2010 innan
rekkjevidd dersom ein vil satsa. Sponheim sa i oktober 2003 at dersom ein
satsa på dette, ville det skapa 6.000-8.000 arbeidsplassar nettopp i
distrikt der ein slit mest. Dette ville ikkje fleirtalet av partia på
Stortinget vera med på. Då kan ein gjerne ropa på gasskraftverk. Men
dersom ein gjennomførte alle dei tiltaka som SV foreslår, finst det
løysingar som gjer at Noreg både får kraft til industrien og får grøn kraft
å eksportera, noko som verkeleg ville ha vore inntektsbringande både for
staten og for mange forbrukarar som ville oppleva større stabilitet i
prisen.
SV prøvde å få til et spleiselag under
Statens forureiningstilsyn, som Vaggen Malvik har vore inne på, i forhold
til Fundia. Trass i høg sigarføring, bl.a av Arbeidarpartiet og andre i
valkampen, har Høgre og andre landa på at ein ikkje kan gjera noko likevel.
Då fortset altså Fundia med dei same utsleppa og med dei same problema
knytte til forureining. Dette beklagar SV.
SV har òg teke opp eit forslag som
Arbeidarpartiet har fremja før, nemleg om eit pilotprosjekt for
omnspantordningar for å redusera problema knytte til vedfyring, slik at
fleire vel reintbrennande omnar. Nei, SV får berre med seg Senterpartiet på
det. Dei andre partia sviktar i denne saka òg, også dei som har reist dette
forslaget før.
SV har òg eit forslag som ein er
einige om fleire plassar i landet. Ein samrøystes Stavanger kommune har
gått inn for miljøkulvertar på støyutsette og forureiningsutsette område
knytte til dei. Trass i at alle partia lokalt har gått inn for det, har
ingen parti her på Stortinget snust på det i det heile. Det er
forstemmande, synest SV.
Arbeidet for å styrkja innsatsen for
auka løyvingar til friluftsliv, kulturminnevern og biologisk mangfald har
vore vanskeleg å få til med denne regjeringa. Kalking er eitt av mange
eksempel på dette. No kuttar ein kolossalt i kalkinga, og ein kan på den
måten skapa større fare med omsyn til bevaring av villaksen. Friluftsliv,
nasjonalparksentra og frivillige organisasjonar får ikkje det lyftet som
trengst. Det får dei berre dersom dei satsar på SV, for SV har den
miljøpolitikken som Noreg treng.