Olav Akselsen (A) (leiar for
komiteen):
Det siste året har 20.000
industriarbeidsplassar forsvunne. I Noreg i dag er det no faktisk fleire
uføretrygda enn det finst industriarbeidarar. Dette er etter mitt syn svært
bekymringsfullt, men det som bekymrar meg endå meir, er at så få bekymrar
seg.
Me er no sannsynlegvis det landet i
Europa som har lågast industrisysselsetjing. Sjølv om det er ein del
positive signal som me skal gle oss over, trur eg det er stor fare for at
nedgangen i industrisysselsetjinga i Noreg held fram. Kraftforedlande
industri står overfor kjempeutfordringar. I gjennomsnitt betaler denne
bransjen i dag 11 øre for krafta, som er ein av dei viktigaste
innsatsfaktorane. Om få år vil dei fleste kontraktane på dette området gå
ut, og alt tyder i dag på at mange vil få både dobla og tredobla utgiftene
sine til ein av dei viktigaste innsatsfaktorane. Mange av desse bedriftene
driv heilt på marginen i dag, og det er ikkje særleg vanskeleg å spå at
nedgangen vil halda fram, og at det i verste fall vil bety nedlegging for
mange av desse bedriftene.
Ein annan bransje som slit, er
næringsmiddelindustrien. Me les jo stadig vekk om auka import av halvheva
brød og andre halvferdige produkt, som fyller opp ein stadig større del av
dei norske butikkhyllene. Me les om import av øl, og me ser at
sannsynlegvis er dette berre begynnelsen på ein trend. På grunn av WTO og
andre internasjonale avtalar vil ein god del av importreguleringane på desse
områda forsvinna eller bli reduserte, og i tillegg vil WTO sannsynlegvis
føra til redusert produksjon av mat i Noreg, noko som igjen vil slå negativt
ut for denne bransjen.
Det siste året har 5.000
arbeidsplassar forsvunne i offshorenæringa. Dessverre er det veldig mykje
som tyder på at dette berre er begynnelsen. Med dei planane som no ligg på
bordet for investeringar på norsk sokkel, ser ein at nivået på slike
investeringar vil bli halvert under få år. Konsekvensane av dette kan bli
svært dramatiske. Me veit at norsk fiskeindustri på mange måtar ligg med
broten rygg, og det skal svært mykje til før ein kjem seg opp og fram igjen.
Det som Noreg hadde trunge i den
situasjonen som Noreg no er inne i, er ei aktiv regjering som tok desse
utfordringane på alvor, og som sette ein innsats inn for å snu utviklinga.
Dessverre må me konstatera at ei slik regjering har ikkje Noreg i dag.
Regjeringa har gjort altfor lite for å snu den negative trenden, og har
heller ikkje noka offensiv haldning til korleis ein skal møta dei nye
utfordringane. Skal me få industrien på fote igjen, må me føra ein aktiv
politikk, og me må kanskje ha både ein stor og ein liten næringspolitikk i
Noreg.
Den store politikken må sjølvsagt gå
på å ha orden i økonomien. Me må ha låg rente. Me må ha låg kronekurs, og
me må ha ein smidig offentleg sektor. Dette har sjølvsagt betydning for kor
mykje pengar me kan bruka i denne nasjonen, og det har betydning for kor
mykje me som politikarar kan bruka over dei offentlege budsjetta. Orden i
økonomien er ein føresetnad for å lukkast, men det er ikkje nok. Derfor er
det òg nødvendig med det me kan kalla ein liten næringspolitikk - dei
tiltaka som ein set i verk for å få hjula i gang igjen. Slike tiltak er
verkemiddel og program for å stimulera til ny vekst, løyvingar til SND, å
setja i gang program som « Innovasjon Møbel », program for nye marine artar,
program for skjelnæringa og f.eks program for kulturbasert næringsutvikling
i Noreg. På dette området har Regjeringa dessverre svikta totalt.
Dessverre har ein nok ein gong foreslått å kutta kraftig i dei postane som
kunne bidra til å få fram dei nye jobbane.
Så vidt eg veit, er Noreg det einaste
landet som baserer politikken sin på såkalla næringsnøytralitet. Sjølv dei
mest liberalistiske landa er opptekne av å skjerma og ta vare på eige
næringsliv. Alle andre land har ein ambisjon om å få til noko på dette
området, men den norske regjeringa lèt ideologien vera viktigare enn omsynet
til å finna fram til praktiske løysingar for eige næringsliv. I Noreg er
det berre finanspolitikken og skattelette og ingen andre verkemiddel som
skal hjelpa. Med Høgre si haldning til EU burde det vera eit stort paradoks
at EU sjølv har ein svært aktiv næringspolitikk og store ambisjonar om å
vera verdsleiande på mange område. Dei har ført ein aktiv politikk for å nå
desse måla, og dei set parameter som dei stadig vekk måler seg etter. Dette
burde vera noko som me i Noreg kunne læra av.
For Arbeidarpartiet vil sysselsetjing
alltid vera ei av dei aller viktigaste sakene. Derfor er dette ein raud
tråd i budsjettet vårt. Me ønskjer å utstyra næringsministeren med verktøy
til å gjera jobben, og derfor foreslo me i fjor haust ei rekkje ordningar
som ville gjort dette mogleg. Me foreslo det same i vår, og me foreslår det
same no i haust. Me ønskjer ein aktiv næringspolitikk. Dette har sjølvsagt
betydning for budsjetta våre, men ein aktiv næringspolitikk kan ein òg føra
utan at det slår ut i budsjetta. Berre for å nemna eit eksempel: I førre
periode la utbyggjarane av Snøhvit-feltet den saka i skuffen fordi dei
meinte det ikkje var lønsamt. Så kalla finansministeren dei inn og spurde
kva som skulle til for få dette prosjektet på skjenene igjen. Så blei dei
etter nokre forhandlingar einige om at her trong ein endringar i
skattereglane. Finansministeren foreslo det, og på den bakgrunnen har ein
no fått den største investeringa i Nord-Noreg nokosinne.
Eit anna eksempel er eit ønske frå
Vestlandet om å få bygd nokre gassbåtar. På bakgrunn av det gjekk Olje- og
energidepartementet inn i ein dialog med utbyggjarane og fekk til ei ordning
der Statoil skulle få trekkja dette frå på ein framtidig årsrekneskap. Dei
fekk investert i to nye gassbåtar, noko som igjen har ført til at ein måtte
byggja LNG-anlegg og nye føringsbåtar. Ein har fått stor optimisme og bruk
av gass på dette området.
Med dagens regjering ville ingen av
desse prosjekta blitt realiserte, dels fordi ingen ville ha gjort den jobben
som hadde vore nødvendig for å leggja tilhøva til rette, og dels fordi eg
skjønar at Venstre skal ha vetorett på slike område.
Det Regjeringa burde gjort, var å
setja seg ned med dei ulike bransjane, avdekkja problem og foreslått
konkrete ordningar for å avhjelpa situasjonen. Den førre regjeringa hadde
t.d. eit kontaktforum for norsk prosessindustri som møtte med jamne
mellomrom. Dette blei med ein gong nedlagt av den noverande regjeringa. På
same måten som den førre regjeringa greidde å setja Snøhvit på kartet igjen,
er eg heilt sikker på at ein større innsats frå Regjeringa òg kunne vore med
og gjort det mogleg å få investeringar i norsk aluminiumsindustri. Det er
heilt nødvendig for å ta vare på ein viktig bransje og viktige
arbeidsplassar i eit område som har få andre alternativ.
Eit av resultata av det forliket som
Arbeidarpartiet og regjeringspartia inngjekk ved årets budsjett, er at
Regjeringa no forpliktar seg til ein langt meir aktiv politikk for å få
nyinvesteringar og omstilling i dei kommunane som blei ramma av Hydro sine
vedtak. Eg håpar at næringsministeren i dag kan gjera greie for for kva
initiativ han allereie har teke, og kva han skal gjera vidare for å
gjennomføra denne delen av forliket.
Sjølv om dette er viktig for dei
lokalsamfunna som eg har nemnt her, og som er nemnde spesielt i avtalen, er
det dessverre òg andre samfunn som slit med store omstillingsproblem. Eit
slik samfunn er Florø. I løpet av neste år vil sannsynlegvis ein av fire
arbeidsplassar forsvinna. 25 % av arbeidsplassane er vekk i løpet av nokre
få månader. Dette slår sjølvsagt negativt ut for heile samfunnet. Mens
resten av landet i dag opplever kjøpefest, er situasjonen i Florø den at
òg handelsstanden slit.
Eg håpar at Regjeringa òg vil støtta
Florø og andre samfunn som skulle koma i denne situasjonen. Hadde me hatt
ein meir aktiv næringspolitikk, hadde me fått gassferjene på beddinga
tidlegare, hadde me satsa på ein auka oljeaktivitet i nord, kunne me fått
bygd offshorebåtar og anna som kunne gjort at folk i dag kunne vore i arbeid
i staden for å heva trygd. Men då treng ein altså ein offensiv
næringspolitikk, og det har me dessverre ikkje i dag.
Noko av det viktigaste ved det
forliket som er inngått, er etter mitt syn at me har greidd å reversera
forslaga til kutt i permitteringsordningane, noko som er blitt positivt teke
imot i bransjen, og som faktisk har gjort at fleire bedriftsleiarar i det
siste har gått ut og sagt at på grunn av forliket har dei kunna leggja
permitteringsvarsla ned i skuffane. På den måten har me greidd å sikra folk
arbeid i ei vanskeleg tid. Eg er derfor glad for at me har fått gjennomslag
for det.
Statsråd Ansgar Gabrielsen : Representanten Fossli har rett i at de
såkornfondene som har vært omtalt som denne distriktsmilliarden som
Regjeringen inngikk en avtale med SV om, hadde noen geografiske
begrensninger som betyr at det er noen områder som er hvite. Og kartet for
distriktspolitiske virkemidler - over de såkalte A-, B- og C-områder -
omfatter ikke hele Norge.
Vi har samtidig satt i gang en
evaluering av alle de såkornfondene som vi har. Det er både for å se i
hvilken grad det har vært vellykket, og om de begrensningene vi har satt,
har vært de riktige.
La meg si det slik: Vi må foreta en
vurdering også av det representanten Fossli er opptatt av, at det vil være
noen hvite flekker på kartet som vil ha bruk for midler kanskje i minst like
stor grad som områder som er omfattet av distriktsmilliarden for
såkornmidler. I den forbindelse må vi selvfølgelig komme tilbake til
Stortinget - det gjelder både innretning og eventuelt beløp - i kommende
budsjettbehandlinger.
Presidenten: Replikkordskiftet er omme.
Lodve Solholm (FrP) : Det er litt
rørande å oppleve kor begeistra regjeringspartia og Arbeidarpartiet er for
kvarandre - iallfall i den verbale delen av denne debatten, og i dei
debattane som har gått føre denne debatten. Eg legg merke til at dei
hjelper kvarandre med replikkordskifte osv., og det er jo interessant!
Det er også interessant når leiaren i
komiteen seier at han er usamd med Jon Lilletun, som uttrykte at eit godt
budsjett vart betre. Olav Akselsen sa at det var eit dårleg budsjett som
vart betre. Om ein gjer ein analyse av det, betyr det at vi framleis har
eit dårleg budsjett! Det er det Arbeidarpartiet seier. Eg er faktisk samd
med Akselsen i at det er eit dårleg budsjett, sjølv om det dårlege
budsjettet har blitt litt betre sett frå Arbeidarpartiet sin synsstad.
Vi ser auka eigendelar i helsevesenet.
Vi ser auke av skattar og avgifter. Ein har gjort det verre for
arbeidsgivarane når det gjeld permitteringsansvaret, som skal betalast av
bedrifta. Og så prøver ein å gjere eit poeng av at ein har gått frå 30 til
ti dagar, men verkelegheita er at ein har gått frå tre til ti dagar. Rett
nok var forslaget frå Regjeringa å gå frå tre til 30 dagar, men å skryte av
at ein har gått frå tre til ti dagar, blir ikkje korrekt. Ein har ikkje
klart å få ut den forskjellen, og det er ikkje god næringspolitikk. Det er
ikkje aktiv næringspolitikk å leggje fleire byrder på næringslivet enn det
det har frå før.
Som sagt er det interessant å
konstatere at Arbeidarpartiet seier at vi har eit dårleg budsjett. Høgre
gjer det også ganske klart når dei seier dei er så glade for avtalen, og dei
er glade for at det var nettopp Arbeidarpartiet som vart budsjettpartnaren
denne gongen. Det er interessant at den som kanskje sterkast stadfesta
dette, var Høgre-representant Ivar Kristiansen, som med andre ord er glad
for at vi har fått skatteskjerping i 2004! Han prøver å framstille det slik
at vi har fått 20 milliardar kr i skattelette dei to siste åra. Jo, men det
står faktisk igjen ein god del milliardar som må takast på budsjettet for
2005, om Sem-erklæringa skal vere til å tru på. No har den parlamentariske
leiaren i Arbeidarpartiet sagt at Sem-erklæringa er død, i og med at
representantar frå Høgre seier det er greitt med, og at dei er veldig glade
for, eit budsjett som faktisk inneber, realistisk og reelt sett, auka
skattar og avgifter i 2004.
Så seier Ivar Kristiansen vidare at
næringslivet er fornøgd. Eg kan jo nemne to-tre næringslivsleiarar i Møre
og Romsdal. To av dei er medlem i Høgre. Stål Rasmussen melde seg ut av
Høgre på grunn av næringspolitikken til Regjeringa. Gunvor Ulstein,
administrerande direktør i Ulsteinkonsernet, gjekk ut med knallhard kritikk
av den innovasjonspolitikken til Regjeringa som kom fram i
innovasjonsmeldinga. Ein annan industrileiar hadde lyst til å melde seg inn
i Høgre for å få gleda av å melde seg ut på grunn av næringspolitikken til
partiet. Eg veit ikkje om dei forskjellige partia er så nøgde.
Når det gjeld strukturfond, er det
ikkje snakk om at dei skal vere politikarstyrde. Dei skal vere profesjonelt
styrde og vere til hjelp for det same næringslivet. Det gler vel sjølvsagt
heller ikkje næringsministeren at det som skal skje i samband med IT
Fornebu, no ser ut til å løyse seg.
Elles registrerer eg at
næringsministeren forsvarer at ikkje ei krone av det nye såkornfondet skal
kome næringslivet i heile landet til gode, at det berre er utafor dei
sentrale stroka ein skal få ei krone til å skape nytt arbeidsliv.
[Neste innlegg av Lodve Solholm]
Åsa Elvik (SV) : Eg skal bruke 5 minutt på å snakke om eit av dei minste
rammeområda som Stortinget har til behandling, nemleg den delen av
budsjettet til Fiskeridepartementet som næringskomiteen har ansvaret for.
Den siste dagen i 2002 stod det på
framsida på Fiskeribladet med store, feite bokstavar: « Dramatisk nedtur ». Det
var spådomen for utviklinga av norsk fiskerinæring for 2003. Det skulle
vise seg å vere ein spådom som på mange måtar slo til. Vi har sett veldig
mange konkursar i norsk fiskeindustri dette året. Vi har sett at
flåteleddet, spesielt kystflåteleddet, har fått redusert inntektene sine med
opptil 20 %. Vi har sett utfordringar for oppdrettsnæringa som har vore så
spesielle at ein no ser ein omstruktureringsprosess som det er nokre år
sidan vi såg sist, med store eigarkonsentrasjonar. Det skulle vise seg at
Fiskeribladet langt på veg skulle få rett i spådomen sin om at 2003 skulle
bli ein dramatisk nedtur.
For SV er det logisk å tenkje at
dersom 2003 var ein dramatisk nedtur, må vi ta i bruk verkemiddel for å
sørgje for at 2004 blir eit år med positiv utvikling for fiskerinæringa.
Det har vi lagt til rette for i det alternative budsjettet vårt. Men eg må
seie at når eg ser innstillinga frå fleirtalet i næringskomiteen til dette
budsjettet, er det i det heile ikkje det som skjer. Etter mi meining er
fiskeribudsjettet redusert til nesten eit reint administrativt budsjett. Av
dei litt over 400 mill. kr som vi fordeler, går 250 mill. kr til
Fiskeridirektoratet, 75 mill. kr går til departementet, 70 mill. kr går til
kondemnering av fartøy under 15 meter, der halvparten er finansiert av
næringa sjølv, og etter at Arbeidarpartiet inngjekk forlik og tok frå oss 10
mill. kr til, sit komiteen igjen med 14 mill. kr som vi skal fordele på
velferdsstasjonar, Finko, informasjon om sjøpattedyrforvalting, erstatningar
og marint innovasjonsprogram. Vi skulle helst også hatt litt til nyskaping
og den type tiltak i næringa. Det seier seg sjølv at det ikkje går.
Hovuddelen av desse pengane går altså til reint administrative tiltak. Det
synest eg er litt spesielt, med den Regjeringa vi har i dag.
Dei postane som vi har på
Fiskeridepartementets område, er små, men dei betyr mykje. Etter talet på
førespurnader å døme, betyr det veldig mykje for folk langs kysten. Finko
er eit eksempel. Fiskerinæringens Kompetansesenter får altså ikkje pengar
og vil sannsynlegvis bli lagt ned. Opplæringa i tryggleik for fiskarar som
ikkje er på rammeområdet vårt, kan kanskje få nokre kroner frå kyrkje-,
utdannings- og forskingskomiteen, men i all hovudsak vil fiskarane sjølve
måtte finansiere dette.
Velferdsstasjonar for fiskarar har
etter forliket med Arbeidarpartiet fått 500.000 kr i forhold til 3 mill. kr,
som var forslaget til SV og Senterpartiet. Eg har lyst til å sitere frå eit
brev som vi har fått frå Norges Fiskarkvinnelag:
« Fiskere og sjøfolk som er borte fra
heimen i lange perioder har behov for å ha et godt sted å gå når de går på
land. På velferdsstasjonene kan de slappe av, lese aviser, få post
hjemmefra og ha et sosialt samvær med andre fiskekamerater. »
Velferdsstasjonane er ein kulturberar
langs kysten. Eg synest det er litt spesielt at ein i forliket med
Arbeidarpartiet har fjerna 2,5 mill. kr frå velferdsstasjonane, når vi
samtidig ser at ein på eit anna rammeområde innafor Næringsdepartementet har
lagt til 2,5 mill. kr, var det vel, til aviser til norske sjøfolk. Eg
synest den type flytting av små midlar er litt spesiell. Eg synest det er
veldig sørgjeleg at ein tek frå det bitte litle rammeområdet som fisk
faktisk er, og omfordeler på den måten.
Det har blitt sagt mykje om
fiskeriavtalen i denne salen. Fiskeriavtalen inneber frå 2003 til 2004 i
reine pengar nesten ei halvering, når vi held strukturmidlane utanom. Eg
synest faktisk det er ganske oppsiktsvekkjande når industrileddet og
flåteleddet står så samla som dei gjer, og når industrileddet, FHL, seier i
eit brev til komiteen:
« Dette handler om å ta ansvar for en
hel næring som sliter med å tilpasse seg en stadig vanskeligere
internasjonal konkurransesituasjon. Støtteavtalen kan i så måte sies å være
et lite bidrag fra staten, til en mer eller mindre subsidiefri næring » - det
er et viktig poeng - « for å utlikne noe av den konkurranseulempen vi har ved
fortsatt å fiske, produsere og eksportere fisk fra Norge. »
Det har vore eit poeng for SV, og at
fiskeriavtalen ser ut til å bli halvert, har vore hovudgrunnen til at vi
ikkje har sett oss i stand til å fremme nokre forslag innafor ramma.
Eg har oppfatta at det kjem ein del
signal frå Høgre. Eg har oppfatta at representanten Kristiansen ikkje vil
svare på spørsmålet vårt om Høgre er villig til å sjå på ramma på nytt. Men
eg ønskjer veldig sterkt at den sitjande regjeringa ser på ramma for
fiskeriavtalen. Fiskerinæringa er ei næring nesten fri for subsidiar. Det
er altså 50 mill. kr det er snakk om til neste år. Eg skulle ønskje at ein
kunne sjå på å utvide ramma i samband med revidert.
Rigmor Andersen Eide (KrF) : Vi har fått et budsjett som legger til rette
for arbeid til alle, økt verdiskapning, rettferdig fordeling og bærekraftig
utvikling. Når det gjelder fiskeriforvaltningen, er bærekraft et nøkkelord
for at hensynet til både fiskebestanden, næringsutøverne og kystsamfunnene
ivaretas. En lønnsom og bærekraftig fiskerinæring er en forutsetning for
verdiskapning og sysselsetting langs kysten. At de mange kystsamfunnene
lever videre i beste velgående samtidig med at fiskeressursene forvaltes på
en mest mulig bærekraftig måte, er derfor helt avgjørende for forvaltningen
av fiskeripolitikken.
I forhold til budsjettprosessen har vi
i år satt stor pris på den måten budsjettet kom i havn på. Takk til
Arbeiderpartiet for dette - uten spill og spetakkel, men med ro, saklighet
og ansvarlighet. Dette synes jeg alle parter skal være stolte over.
I næringskomiteen har budsjettet også
kommet greit i havn med de rokeringer vi har foretatt innenfor de gitte
rammene. Jeg vil likevel påpeke en sak jeg synes har fått et uheldig
utfall. Det gjelder saken som omhandler tilskudd til velferdsstasjoner for
fiskere. Denne saken ble i det « store » forliket om budsjettet kuttet med 2,5
mill. kr. Disse midlene skulle gått til delfinansiering av
velferdsstasjoner for fiskere, drevet av Norges Fiskarlag, Den indre
Sjømannsmisjon og Norsk Sjømannsforbund. I vårt interne næringsbudsjett
klarte vi bare å få tilbake på plass 500.000 kr til disse
velferdsstasjonene. Dette er på ingen måte tilstrekkelig, og vi holder
derfor saken åpen fram mot revidert nasjonalbudsjett til våren. Vi er
likevel fornøyd med at Regjeringen skal foreta en gjennomgang av de
eksisterende velferdsordningene for fiskere, med sikte på å kunne
vedlikeholde kvaliteten og nivået på disse ordningene. Det vil være svært
viktig å ha en nær og god dialog med organisasjonene i fiskerinæringen i
forhold til dette arbeidet.
Så litt om fiskeriavtalen og
strukturfondet. I forhandlingsforslaget fra staten til Norges Fiskarlag som
førte til brudd, var statens siste tilbud på 85 mill. kr. Av dette var 35
mill. kr beregnet å avsettes til strukturtiltak for kystflåten. Når det
gjelder strukturtiltak, innebærer disse 35 mill. kr en 50 % deling mellom
staten og næringen til strukturfondet. Dette er jeg fornøyd med, ikke bare
ut fra behandlingen vi hadde av strukturmeldingen her i huset i vår, men av
hensyn til kystfiskeflåten sett under ett. Selv om bruddet er et faktum, er
det viktig at de 50 mill. kr blir forvaltet og prioritert på beste måte.
Behovet for føringsmidler er stort, og vi ønsker midler til et størst mulig
uttak av sel. Viktig er det derfor at Regjeringen følger utviklingen i
bruken av midlene nøye, og om nødvendig kommer tilbake til Stortinget dersom
situasjonen tilsier det.
Kongekrabben har vi etter hvert hørt
veldig mye om, og det er ikke til å stikke under stol at vi er engstelige og
bekymret for de mulige konsekvensene utbredingen av denne arten kan få for
de økologiske forholdene i Barentshavet og langs norskekysten. Likevel har
vi tillit til Regjeringens arbeid, ikke bare i forhold til forskning på
området, men også i forhold til å sette i gang nødvendige tiltak. Det vil
naturlig nok ta noe tid før vi kan se endelige konsekvenser av disse
tiltakene, men dette arbeidet er det svært viktig å holde fram med. Det er
bra at kvotene blir økt, og det er bra at myndighetene har fått aksept for å
sette ned en vestgrense. Jeg håper også på fritt fiske etter krabbe sørvest
for Magerøya på nyåret. Det er viktig å ha kontroll og stoppe krabbens ferd
nedover langs norskekysten. Jeg mener at arbeidet som pågår i Vadsø i denne
forbindelse, er av stor betydning.
Så noen ord om Fiskeridirektoratet,
som gjennomgikk en kraftig innstramming i budsjettforliket med
Arbeiderpartiet. Fiskeridepartementet skal sikre en lønnsom og bærekraftig
fiskeri- og havbruksnæring, med fokusering på økt verdiskapning,
regelendring og service for brukerne. For at Fiskerdirektoratet skal være i
stand til å opprettholde sin målsetting under rådende situasjon, må det snus
på alle steiner for å finne måter eventuelt å effektivisere ytterligere på.
Det som forundrer meg, er at Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, SV og
Senterpartiet - og da i særdeleshet Arbeiderpartiet, som er medansvarlig for
dette kuttet - også står for en detaljert instruering som gjør det vanskelig
for direktoratet å foreta den nødvendige effektiviseringen som er en
konsekvens av dette kuttet. Kristelig Folkeparti tror Regjeringen følger
opp det vedtaket som er gjort i Stortinget, og vi mener at
Fiskeridirektoratet med sine kutt på 5 mill. kr vet den beste måten å
forvalte disse midlene på. Utover dette har jeg ingen kommentarer til en
grei prosess.
Grethe Fossli (A) : I Næringsdepartementets budsjett er den store saken i år
etableringen av Innovasjon Norge. Selv om dette navnet ikke er annonsert i
budsjettet, har komiteen i et annet dokument sagt seg enig i at dette navnet
skal være det nye navnet på innovasjons- og internasjonaliseringsselskapet
som skal starte opp fra 1. januar neste år - en spennende sak, og en sak som
de fleste av oss i Stortinget har stor tro på. Vi ønsker dem lykke til med
etableringen.
Når en går i gang med en slik
storsatsing som en gjør i det nye selskapet, burde en ha hatt mye mer midler
å satse med. Det var dessverre ikke tilfelle da Regjeringen la fram
budsjettet for 2004. Men forliket med Arbeiderpartiet gav noe mer, selv om
jeg innrømmer at vi gjerne skulle hatt enda mer. Vi har konsentrert oss om
noen av SNDs programmer. Vi foreslo og fikk gjennomslag for 60 mill. kr til
forsknings- og utviklingskontrakter, 10 mill. kr til videreføring av
programmet som skal ruste opp skipsflåten vår, dvs.
NOx-reduksjonsprogrammet, som bidrar til å oppgradere og redusere utslippene
fra skipsflåten, bl.a ferger, fraktebåter og fiskefartøyer. Videre tilførte
vi den landsdekkende innovasjonsordningen 80 mill. kr. Disse skulle bl.a
brukes innenfor kulturbasert næringsutvikling og til Innovasjon Møbel.
Innovasjon Møbel tok Arbeiderpartiet inn i budsjettet for ca et år siden, og
fikk flertall for dette da. Vi er glad for at vi fikk dette med også i år,
slik at det treårige programmet kan fortsette, og at vi kan få en
møbelindustri som er enda mer innovativ og kan møte et internasjonalt marked
på en enda mer offensiv måte enn tidligere.
Kulturbasert næringsutvikling ble et
nytt programområde i SND etter revidert nasjonalbudsjett i sommer. Da la vi
inn 5 mill. kr. Dette medførte mange spennende søknader til SND. Hele 231
søknader, som representerte til sammen 75 mill. kr, kom inn til disse 5
mill. kr. Dette har fortalt oss at her trengs det mer penger. Derfor
foreslo Arbeiderpartiet å legge inn 20 mill. kr mer i 2004, og det er det nå
blitt enighet om, noe vi setter veldig stor pris på. Av de 20 mill. kr har
imidlertid komiteens flertall, Arbeiderpartiet og regjeringspartiene, satt
av 2 mill. kr til et like spennende prosjekt, nemlig et prosjekt som heter
Norway Now, i regi av Music Export Norway. Vi har en rekke gode musikere i
Norge som greier seg som musikere her, men som gjerne skulle vist sine
kunnskaper i utlandet, og det får de nå anledning til gjennom et spennende
prosjekt som Music Export Norway står for. Det er det også flertall for i
komiteen.
Vi flyttet også på 5 mill. kr etter
forliket, slik at vi kan høyne reiselivssatsingen enda mer i det nye
Innovasjon Norge. Reiseliv er en næring som kan kombineres med andre
spennende prosjekter. Vi tror at ved å få reiseliv inn i Innovasjon Norge
vil en ha mye større mulighet til å spre seg på forskjellige områder, og
kreativ tenkning kan bidra til enda flere arbeidsplasser i
reiselivsbransjen, sammen med f.eks kultur og næring. Vi har stor tro på
reiselivsbransjen, og økningen på 5 mill. kr skulle egentlig vært enda
større.
Så en liten visitt til
såkornordningene også i mitt innlegg, selv om jeg har vært innom det en del
i replikkveksling. Som jeg sa, er altså Arbeiderpartiet med på disse
merknadene, og vi har stor tro på at det skal skje noe. Samtidig må jeg som
østlandsrepresentant si at jeg er litt bekymret for østlandsområdet, men jeg
ble litt mer beroliget da næringsministeren sa at han skulle se på
evalueringsrapporten for såkornordningen og komme tilbake til Stortinget.
Men det blir altså et år uten noe særlig midler til området. Et eksempel er
altså Kamphus-Kjeller i Akershus, hvor vi har Institutt for energiteknikk,
som forsker bl.a på vindkraft. Vindmøller er et stikkord i så måte, og de
vindmøllene som bygges i Verdal, er altså forsket fram i Trondheim og
Akershus. Det har gitt arbeidsplasser til Nord-Trøndelag, men
forskningsmidlene burde komme til Kjeller.
Så kort om det nye Mattilsynet, som vi
ser fram til å få etablert. Men som noen har sagt i innleggene sine her,
det blir dyrt for næringen. Det bekymrer oss. Arbeiderpartiet la i sitt
alternative budsjett inn 100 mill. kr for å redusere næringens utgifter. Vi
fikk ikke flertall for det, men har i en del skarpe merknader både i dagens
dokument og dokumenter som skal behandles senere denne uka, sagt at vi
kommer til å følge utgiftene til kjøttindustrien/næringsmiddelindustrien med
argusøyne, og vil håpe at Regjeringen greier å redusere de avgiftene så fort
som mulig.
Statsråd Svein Ludvigsen : Jeg registrerer at mange i fiskerinæringen nå er
langt mer optimistiske og forventer at 2004 skal bli et bedre år, ikke minst
fordi Regjeringens økonomiske politikk har gitt resultater. En stram
finanspolitikk og generelt gode næringspolitiske rammevilkår har vist seg å
være av avgjørende betydning for en internasjonal og konkurranseutsatt
næring som fiskerinæringen.
Men 2002 og 2003 har vært svært
vanskelige år. Regjeringen har tatt og tar nå flere grep for ytterligere å
styrke fiskerinæringens konkurranseevne og muligheter til økt verdiskaping,
for på den måten å trygge arbeidsplasser på land og hav. I høst har vi
strammet inn praksis rundt leveringsvilkårene for torsketrålerne, først og
fremst for å sikre bearbeidingsindustrien som ryggrad i mange fiskevær.
Under vintertorskefisket så vi at
kappkjøping og kappfiske dessverre bidrog til at et stort volum ubearbeidet
prima råstoff ble eksportert. Ja, faktisk var det slik at næringen gav bort
verdiskaping og eksporterte arbeidsplasser fra fiskeværene til utenlandsk
bearbeidingsindustri. Det er en politikk og en praksis som Regjeringen
ønsker å endre på.
Periodisering og overregulering gav
altså ikke den ønskede effekt. For å bøte på det har vi for neste år
varslet økt bruk av fartøykvoter i kystflåten. Det vil forhåpentligvis gi
jevnere tilgang på råstoff og mer helårig drift i fiskeriindustrien. Men
her er det opp til næringen å ta ansvar for lønnsomhet og sysselsetting.
Videre har vi åpnet for en
prøveordning der industribedrifter som eier trålere, kan benytte lokale
kystfartøy til å fiske alle trålfartøyets kvoter. Det er for å sikre
råstoffgrunnlaget for nøkkelbedrifter, som er viktige aktører langs kysten.
Derfor har vi også åpnet for at selskap som både eier landanlegg og trålere,
nå kan forholde seg til en eierbegrensning på sju kvotefaktorer pr. anlegg.
For bedre å tilpasse fiskeflåten til
ressursgrunnlaget ble det i sommer etablert et strukturfond som gir fartøy
under 15 meter tilgang til en frivillig kondemneringsordning. I budsjettet
har vi foreslått 35 mill. kr til dette. Fra 1. januar 2004 iverksettes
strukturkvoteordninger for kystflåten over 15 meter, og det innføres
driftsordninger i tre fylker som en prøveordning. Neste år vil vi så
vurdere hensiktsmessigheten av strukturordningene for den fiskereide
trålflåten. Dette er alle tiltak som næringen etterspør. Faktisk er det
enkelte som nå er svært aktive for å få ta i bruk ordninger som de for kort
tid siden var imot. Men i 2004 vil vi legge stor vekt på sammen med
næringen å lete etter løsninger som sikrer en bedre råstofftilgang og
råstoffordeling til industrien over hele året. Det er om å gjøre at vi
styrker bedriftenes muligheter til mer langsiktig markedsbearbeiding, og det
er viktig at vi får til ordninger som sikrer en bedre kapasitetsutnyttelse i
industrien, og ikke minst ordninger som kan bidra til en bedre finansiell
styrke og fleksibilitet i den enkelte bedrift.
Staten og Norges Fiskarlag ble ikke
enige om en støtteavtale for fiskerinæringen for 2004. Da bruddet oppstod,
var siste krav fra motparten, Norges Fiskarlag, 200 mill. kr, men innenfor
rammen av statens tilbud på 50 mill. kr vil vi kunne videreføre viktige
ordninger som garantilott, føringstilskudd og støtte til selfangst.
Fordelingen etter avtalen vil da skje etter at Stortinget har vedtatt den,
men det er helt klart at det innenfor den ramme som er, som er lavere enn
årets, ikke vil være mulig å videreføre absolutt alle ordninger på det samme
nivået. På den annen side finansierer vi f.eks. RUBIN nå utenfor
fiskeriavtalen, og med midler som vi kan overføre fra 2002 til 2003, vil 50
mill. kr i praksis være et høyere beløp.
I det siste året har vi viet
havbruksnæringen stor oppmerksomhet, igjen for å bedre lønnsomheten. I
inneværende år har vi lyst ut nye lakse- og ørretkonsesjoner. Vi har
fastsatt konkursforskriften og introdusert NYTEK, som er standard for
rømmingssikre merder. Lakseavtalen er heldigvis avviklet, men den nye
ørretsaken viser jo hvor sårbar fiskerinæringen er i EU-markedet.
Videre har vi varslet å avvikle
fôrkvoteordningen, nettopp for at næringen skal ta et større ansvar for å
balansere tilbud og etterspørsel, og vi vil få etablert et nytt
produksjonssystem.
Så registrerer jeg med tilfredshet at
årets tildelingsrunde på 50 nye konsesjoner forteller om en gryende
optimisme i oppdrettsnæringen, for det er nesten 90 selskaper som har søkt
om 140 konsesjoner, dvs. nesten tre ganger så mange konsesjoner som vi har
til fordeling. Det viser at det var riktig av Regjeringen å gi næringen et
slikt tilbud. Det var mange som spådde at næringen ikke ville ta imot det,
men jeg registrerer med tilfredshet at så ikke ble tilfellet.
Komiteen har merknader knyttet til
Fiskeridirektoratet, til sosiale ordninger, og det får jeg komme tilbake til
i replikkrunden, hvis det skulle være ønskelig.