Olav Akselsen (A) : Eg skal avgrensa
merknadene mine til spørsmålet om Statkraft. Statkraft er Noregs tredje
største selskap. Statkraft har ein verdi som tilsvarar 10 % av
petroleumsfondet. Statkraft er Noregs desidert største kraftprodusent.
Statkraft er i realiteten det einaste norske selskapet som spelar ei rolle i
den nordiske energimarknaden.
Stortinget har fleire gonger diskutert
og har gjeve støtte til Statkrafts strategi. Stortinget har slått fast at
Statkraft skal bli ein leiande aktør i den nordiske marknaden, og at
selskapet skal vera leiande innan fornybare energikjelder som m.a. vind- og
vasskraft.
Desse målsetjingane frå Stortinget
krev kapital. Det er ei stor omstrukturering innanfor kraftbransjen, og for
å vera med der må ein ha pengar til å driva oppkjøp. Men nye investeringar
i ny kapasitet krev kapital. Mellom anna er det slik at det å byggja
vindkraft kostar pengar. Den situasjonen som Statkraft er i i dag, gjer den
satsinga som Stortinget tidlegare har sagt at me ønskjer på dette området,
umogleg. Selskapet treng kapital, og for å nå dei målsetjingane Stortinget
tidlegare har trekt opp for selskapet, har ein fleire gonger gjeve selskapet
denne typen kapital, seinast våren 2001.
Det har vore stor semje her i salen om
den rolla Statkraft skal spela. Unntaket har vore Høgre og
Framstegspartiet, som har hatt som mål å privatisera dette selskapet - helst
snarast mogleg. Desse partia har tidlegare òg røysta mot kapitalpåfylling.
No ser det ut som om Framstegspartiet har skifta syn. Det er eg sjølvsagt
glad for. Det som eg er mindre glad for, er at det ser ut som om dei òg har
skifta plass med Kristeleg Folkeparti, som i denne omgangen ikkje stiller
opp slik som dei tidlegare har gjort. Eg tolkar det slik at her har
Kristeleg Folkeparti ofra eit område der dei tidlegare har hatt eit
offensivt syn.
Mens Stortinget og tidlegare
regjeringar har hatt store ambisjonar for Statkraft, synest det som om
Regjeringa, med næringsministeren i spissen, berre har ein ambisjon, nemleg
å visa at staten er ein dårleg eigar. Det må eg seia at næringsministeren
har lukkast særdeles godt med. Det er no snart to år sidan
Næringsdepartementet sjølv varsla Stortinget om at dei ville koma med ei
eiga sak om Statkraft. Det skulle skje i løpet av 2002. Denne saka har
enno ikkje kome. For over eit år sidan søkte Statkraft om kapitalpåfylling.
Dei har enno ikkje fått svar.
Bortfall av statsgarantiar og brot med
vedteken utbytepolitikk har sett selskapet i ein situasjon der dei ikkje kan
følgja opp tidlegare stortingsvedtak. Selskapet har i dag ikkje økonomi til
å delta i den omstruktureringa som skjer i Noreg og i resten av Norden.
Derimot har Statkrafts utanlandske konkurrentar pengebøkene sine fylte opp.
Statkraft har heller ikkje pengar til nødvendige nyinvesteringar i Noreg,
noko som m.a. har gjort at dei har mått leggja planane sine om å spela ei
aktiv rolle for å byggja ut vindkraft, i skuffen. Stortinget har tidlegare
sett som mål å byggja 3 TWh med vindkraft innan 2010. Denne målsetjinga er
heilt urealistisk utan Statkrafts deltaking.
I juni i år vedtok Stortinget å be
Regjeringa tilføra Statkraft ny eigenkapital for å styrkja selskapet. Dette
vedtaket har Regjeringa ikkje følgt opp. Ein del av motivasjonen bak
vedtaket i vår var at då var eit av dei største norske kraftselskapa,
Hafslund, til sals. For at det òg skulle vera norske tilbydarar, meinte me
i Arbeidarpartiet det var nødvendig med ein del tiltak. Eitt av dei tiltaka
var kapitalpåfylling i Statkraft. Ei slik påfylling kunne gjera selskapet i
stand til å by på dette eller på andre norske selskap som ville koma til
sals.
Per i dag er det ingen store norske
selskap som er lagde ut for sal. Regjeringa har no varsla at dei utpå
nyåret vil koma med ei eiga sak om Statkrafts situasjon.
Eigenkapitalsituasjonen i Statkraft vil vera ein viktig del av den saka. Me
i Arbeidarpartiet vil då undersøkja og vurdera spørsmålet om ytterlegare
kapitalpåfylling.
Arbeidarpartiet har lenge satsa på at
Statkraft skulle vera det viktigaste verktyet for å demma opp mot utanlandsk
eigarskap i norsk vasskraftsektor. Slik vil det framleis vera, men me
innser òg at Statkraft åleine ikkje kan gjera den jobben. Me må derfor
satsa på at dei regionale selskapa skal kunna spela ei rolle. Me har òg
ønskt ei vurdering av om staten direkte kan spela ei rolle for å ta vare på
desse interessene. Dette er ein modell me har hatt stort hell med på norsk
sokkel, der staten gjennom SDØE faktisk er den største eigaren.
Eg sa i innleiinga at Statkraft er eit
av Noregs absolutt viktigaste selskap. Eg er heilt samd med saksordføraren
i at dette selskapet ikkje burde bli behandla gjennom eit Dok.nr.8-forslag
eller på den måten som fleirtalet no gjer. Problemet er at Regjeringa ikkje
har gjeve oss noko alternativ. Dei har lovd å koma med saker, men har
stadig vekk late vera å gjera det. I mellomtida har problema for selskapet
tårna seg opp. Derfor er det Regjeringa som må ta ansvaret for at
Stortinget i dag vel denne forma for kapitalpåfylling.
For oss i Arbeidarpartiet er det
viktig at dette store selskapet ikkje blir ein politisk kasteball. Det er
eit ansvar som me alle har. Det er derfor eg har valt å vera mild i tonen i
mitt innlegg her i dag. For viss eg hadde sagt det eg eigentleg meiner om
den måten me har opptredd på overfor dette selskapet, trur eg kanskje det
kunne ha gjort det vanskelegare å oppnå semje framover.
No er det slik at Regjeringa har
varsla ei eiga sak om Statkraft. Arbeidarpartiet vil ha ein ambisjon knytt
til den behandlinga, nemleg at me på dette området skal kunna skapa ro, få
ei semje som gjer at selskapet veit kva dei har å retta seg etter, og ikkje
slik som no, då dei med stor bekymring og uro går kvart enkelt statsbudsjett
i møte.
Men viss ein skal oppnå den semja, kan
ikkje Arbeidarpartiet bidra til det åleine. Ein er òg avhengig av at andre
stiller opp. Eg vil minna om at dei partia som tidlegare har utgjort
fleirtalet og støtta opp om den strategien me har valt for Statkraft,
framleis har fleirtal i denne salen. Eg vil håpa at ikkje Høgre nyttar
denne sjansen til å prøva å trumfa igjennom det som er deira politikk, for
dei står altså for mindretalet sin politikk på dette området. Eg håpar at
Kristeleg Folkeparti gjer ein innsats, at dei står ved tidlegare vedtak og
på den måten bidreg til at me på nytt kan skapa ro rundt selskapet, og
dermed gje dei ein moglegheit til å gjera den jobben Stortinget tidlegare
har sagt at dei skal gjera.
Øystein Hedstrøm (FrP) : Godt eierskap innebærer at man vil noe med det å
eie. Det gjelder Statkraft så vel som andre eierskap. Det man eier, står i
fare for å forvitre hvis man ikke setter ut i livet de retningslinjene for
godt eierskap man bekjenner seg til. Dette slås gjentatte ganger fast i
eierskapsmeldingen, som ble behandlet i Stortinget for halvannet år siden.
Forutsigbarhet og langsiktighet er nøkkelord.
Dessverre er Statkraft offer for et
inkompetent eierskap. Vedtatt utbyttepolitikk blir ikke overholdt, og
styrets anmodninger om avklaring av egenkapitalsituasjonen blir neglisjert
av Næringsdepartementet.
Fremskrittspartiet har tidligere
foreslått at selskapet burde børsnoteres. Med andre eiere i tillegg til
staten vil eierskapet profesjonaliseres, til beste for selskapet og for
eierne. Denne anmodningen har så langt dessverre blitt oversett av
Regjeringen. Det er bemerkelsesverdig i og med at Høyre har programfestet
dette.
Det er svært vanskelig for et selskap
å ha eiere som ikke støtter opp under vedtatte strategier når selskapet er
involvert i strategiske forhandlinger med andre aktører. Alliansebygging er
viktig for energinasjonen Norge. Næringsministeren ser ut til å være mer
opptatt av å legge ut snubletråder for selskapet enn å være aktivt
støttende.
I en artikkel i Dagens Næringsliv 3.
november skriver konserntillitsvalgt i Statkraft, Odd Vanvik: