Anita Apelthun Sæle (KrF) : Aldri før
har auken i midlar frå eitt år til det neste vore større for kommunesektoren
enn frå 2003 til 2004. Aldri!
Auken er på ufattelege 6,685
milliardar kr. Det er mykje pengar. Auken er også stor i prosent, 6,1 %
Dette betyr auka velferd i
Kommune-Noreg. Det betyr at Noreg vert ein endå betre plass å leva til
neste år. Det er ikkje usannsynleg at vi endå eit år får ei ranking som
verdas beste land å leva i.
Eg synest denne debatten er for
negativ, for sytete. Det er faktisk tid for litt glede, kanskje eit bitte
lite jubelrop. Når skal vi elles gle oss, om ikkje over at 6,6 milliardar
kr meir skal byggja velferda der velferda vert skapt, nemleg i
Kommune-Noreg?
Sjølv om opposisjonen held seg til
klagesongen, så høyrer eg faktisk ein del tilslutnad frå kommunane.
Jo, dei må framleis hushaldera med
pengane. Problema står i kø, seier dei. Eksempelvis vert vi eldre.
Eldreomsorga kjem til å kosta meir og meir kvart år framover. Det spørst om
det i det heile er mogleg å løyva seg ut av den demografiske vinteren, som
vi neppe kan unngå.
Og skolen slit med elevar som treng
ekstra oppfølging. Barnevernet har større utfordringar enn nokon gong før.
Alt dreier seg ikkje eingong om
kommuneøkonomi - gatene er utrygge, hærverk er omfattande, med stress og
ruin i sine fotefar. Vi må kanskje etter kvart stilla oss spørsmål om
kvifor det er slik.
Som russ fekk eg eit russekort der det
stod: « Noen får resultater - andre konsekvenser ... »
Har vi eit samfunn som ikkje sørgjer
for at vi får dei gode resultata, men snarare eit samfunn som haustar også
uynskte konsekvensar? Eg er einig med filosofen Alexis de Tocqueville når
han seier at alternativet til ein verdistat er ein politistat. Alle samfunn
treng eit sett verdinormer som borgarane føler seg forplikta til å følgja,
seier han i sitt store verk om staten. Derfor trur Kristeleg Folkeparti og
eg at det er slike verdinormer som at du skal ikkje stela, du skal ikkje
lyga, du skal ikkje drepa og dessutan skal du æra far og mor, som har skapt
fridom for heile samfunnet. Alternativet er faktisk ei kontrollerande
statsmakt som stryper fridomen og dermed grunnlaget for folkestyret vårt, og
det er både for dyrt og for dumt.
Denne regjeringa har som prosjekt å
demma opp for den raske veksten i Oslo-regionen. Derfor har vi bl.a flytta
ut statlege arbeidsplassar. Det har alle snakka om før, men ingen har gjort
det. Eg lurer på når vi får eit lite hurrarop frå Senterpartiet.
Men for distrikts- og
regionalpolitikken er ikkje statlege arbeidsplassar nok, naturlegvis ikkje.
Fyrst og fremst må næringslivet få vilkår som gjer at folk får
arbeidsplassar. Høgt rentenivå, skyhøg kronekurs saman med eit lønnsnivå
som ligg langt over nivået i våre naboland, kunne knekt konkurranseutsett
næringsliv.
Men « nu går alt så mye bedre »:
Rentenivået er gått ned med 4,5 %, og kronekursen er dermed svekt.
Lønningane er dei same og vel så det. Men optimismen er på veg tilbake, og
arbeidsløysa flatar ut. Det er dette som er det viktigaste for distrikta,
og for at folk vil byggja og bu der.
Men vi skal ikkje underslå det faktum
at ein del av sentraliseringsstraumen er eit kulturval. Det er vanskeleg
for distrikta å konkurrera dersom opera og kafear vert viktige gode. Og med
ein reproduksjon på 1,8 har ikkje bygdene lenger råd til å senda ein einaste
ungdom til byen utan at det har store konsekvensar, eller at dei får
innvandring. Demografien, eller befolkningsutviklinga, er viktigast også
for distrikta si framtid.
Kristeleg Folkeparti vil styrkja
fylket som regional utviklingsaktør. Vi trur på at vit og forstand vert
forvalta bra av folkevalde på regionalt nivå. Og vi er glade for at
fylkeskommunane fekk 400 mill. kr meir ved budsjettforliket. Dei hadde
faktisk bruk for det.
Den store og vanskelege saka i dette
budsjettet er arbeidsgjevaravgifta. Det er eit trist faktum at vi er
tvungne av EØS og av ESA til å forlata det mest treffsikre
distriktspolitiske tiltaket som vi hadde. Slik går det når reglane skal
vera like frå Sør-Italia til Lofoten. Det er heilt sprøtt. Regjeringa har
gjort det beste ut av situasjonen. Heldigvis kan vi fortsetja som før i
Finnmark og Nord-Troms, og fiskeri- og landbruksnæringa er unnatekne fordi
vi har EØS-medlemskap og ikkje EU-medlemskap. Dei meirutgiftene som
næringlivet får, skal i sin heilskap tilbakeførast til distrikta. Det må no
gjerast som såkalla bagatellmessig støtte, som er viktig og av stor betyding
ikkje minst for dei bedriftene som har mindre enn 20 tilsette. Dei skal
faktisk ikkje koma dårlegare ut med det nye systemet. Og i Noreg har vi
heldigvis mange slike små bedrifter. Pengar vert også tilbakeførte som
transportstøtte, og Regjeringa har fått på plass overgangsordningar.
Kristeleg Folkeparti meiner at det
staten tek inn i meir arbeidsgjevaravgift, må tilbakeførast i sin heilskap
til dei regionane som vert råka, og ein må sørgja for at det ikkje vert for
store skeivfordelingar. Stortinget har i denne saka bestilt ei årleg
oversikt der meirkostnadene og kompensasjonar vert framlagde. Viktig er det
også at reduksjonen i elavgifta ikkje vert rekna med som kompensasjon for
arbeidsgjevaravgifta.
I eit samarbeid mellom
regjeringspartia og Arbeidarpartiet har Stortinget i dette budsjettet gjerda
inne endringane i arbeidsgjevaravgifta slik at vi trur at kvar krone skal
tilbakeførast til distrikta der dei kjem frå, og at færrast mogleg skal tapa
på denne omlegginga, som vi likevel beklagar.
Det er ingen tvil om at det vert ei
utfordring å redusera tilstrøyminga av asylsøkjarar til Noreg. Når heile 49
% av dei som søkjer asyl, kjem frå land i Europa, er det noko som er riv
ruskande gale. Sjølv om vi aukar løyvingane på dette området med meir enn 1
milliard kr, må vi få redusert dei ugrunna asylsøknadene for å vera i
balanse.
For Kristeleg Folkeparti er det
likevel viktig å understreka at Noreg må ta imot dei som treng vårt vern -
må ta imot dei som faktisk er forfølgde. Og Kristeleg Folkeparti meiner at
vi i Noreg, med våre ressursar, må prioritera kvinner og barn når det gjeld
kvoteflyktningar. Og dei som skal vera her, må fortast mogleg læra seg
norsk og koma seg i jobb, for slik vert integreringa effektiv - til beste
for asylsøkjaren og til beste for Noreg.
Eg viser til at kollegaen min vil gå
nærmare inn på tema som minoritetar, samepolitikk og arbeidsmarknaden. Men
lat meg no slå fast at resepten for neste år lyder slik: Kommuneøkonomien
vert betre, arbeidsløysa vil gå ned, renta vil halda seg låg, det vert ein
gryande optimisme i næringslivet, og Noreg vil sannsynlegvis endå ein gong
verta kåra til verdas beste eller i alle fall blant verdas beste land å leva
i. Då synest eg det er lite å gråta for.