Jon Lilletun (KrF) : Noreg er eit land
som er kjent for å stå i teneste for freden, slik fleire talarar har vore
inne på, og som den tidlegare refererte artikkelen frå Newsweek viser. Vi
deler ut Nobels fredspris. Vi prøver å hjelpe til med mekling mellom
partane i ulike konfliktar. Og vi har kjempa for FN som eit sterkt organ
for fredsbevaring og fredsskaping.
Trugslane mot freden ser annleis ut i
dag enn dei gjorde under den kalde krigen. I dag vert freden mange stader
truga av borgarkrig og interne konfliktar, og av ikkje-statlege aktørar, som
terroristnettverket Al Qaida.
Desse trugslane må vi i fyrste rekkje
møte gjennom FN. Det er Tryggingsrådet i FN som har, og skal ha, det primære
ansvaret for å oppretthalde internasjonal fred og tryggleik. Det skal ikkje
vere nokon tvil: Noreg skal støtte opp om FN og vere med på å stille
ressursar til disposisjon, slik at FN kan få gjennomført sitt oppdrag med å
opprette og oppretthalde freden.
Utanriksministeren peika i utgreiinga
på at det kan vere behov for ulike verkemiddel i fredsoperasjonane for at
desse skal kunne lukkast. På den eine sida trengst det gjerne bidrag til
oppbygging av det sivile samfunnet, som humanitær bistand, utviklingsbistand
og bidrag til oppbygging av eit rettsvesen og av eit sivilt politi. Det kan
vere viktige element her. Men på den andre sida trengst det ofte òg eit
militær nærvere for å skape og sikre stabilitet, slik at økonomisk og
politisk utvikling kjem i gang. Frå norsk side må vi stille opp med begge
delar.
Men utanriksministeren slo i
utgreiinga fast at det for norsk deltaking i militære operasjonar er eit
klart krav at operasjonane er i samsvar med folkeretten. Ministeren
understreka at all maktbruk må vere folkerettsleg forankra, anten gjennom
samtykke frå partane, gjennom retten til sjølvforsvar eller gjennom eit
mandat frå FNs tryggingsråd. Det vil eg slutte meg til. Og eg vil leggje
til: Eg oppfattar faktisk etter det siste innlegget frå representanten
Halvorsen at ho òg erkjenner at styrkane som i dag står i Irak frå vår side,
er der i samsvar med eit klart FN-vedtak, slik kravet har vore frå SV gong
på gong. Eg synest at dei som krev at vi skal ta styrkane heim med ein
gong, underslår den realiteten at det faktisk er eit klart FN-vedtak som
ligg til grunn for at styrkane er der. Og eg synest det hadde vore meir
reieleg i debatten, i staden for denne mistenkeliggjeringa, å erkjenne den
biten sjølv om ein var ueinig i at dei skulle vere der.
Denne haldninga, som eg har referert
til, har fått klare praktiske konsekvensar det siste året. Krigen i Irak
hadde ikkje noko klart folkerettsleg mandat, og Noreg kunne difor ikkje
støtte den amerikanskleia invasjonen.
No er situasjonen ein annan. Sjølve
krigen er over, og USA og Storbritannia står som okkupasjonsmakt i Irak.
Den humanitære situasjonen i Irak er eit stort problem. Mange
enkeltmenneske lid, og livet er utrygt i dei fleste områda.
Denne situasjonen har FNs tryggingsråd
peika på. Og det er denne situasjonen som gjer at Tryggingsrådet i fleire
resolusjonar har oppmoda medlemslanda i FN om å stille opp med ulike former
for hjelp, inkludert militære bidrag. Og minst like viktig: Det irakiske
styringsrådet, som er det næraste vi kjem ein slags representasjon for det
irakiske folket, har òg bede oss om å hjelpe til.
Ja, det er å hjelpe til det er snakk
om - om bistand til å skape orden, til å få orden på infrastruktur som
straumforsyning og vegar, og å få fram drivstoff og å sikre
matvareforsyningar. Dette er oppgåver som sivile organisasjonar i og for
seg normalt kan gjere, men som bistandsorganisasjonane ikkje kan gjere i
Irak, fordi det er for farleg. Difor er det bruk for militære folk som kan
forsvare seg sjølve dersom dei vert angripne.
Enkelte representantar har i debatten
forsøkt å så tvil om rolla til dei norske militære mannskapa som gjer
teneste i Irak, og framstilt skiljet mellom okkupasjonsstyrke og
stabiliseringsstyrke som noko akademisk. Ei slik tilsløring, eller dyrking
av tvilen, vil eg ta avstand frå.
Noreg har stilt opp med militært
mannskap for å hjelpe til med stabilisering og for å utføre viktige oppgåver
av humanitær karakter. Dette er ei form for hjelp som det irakiske folket
treng, og som FN har bede medlemslanda om å hjelpe til med.
Samstundes er det heilt klart - heilt
klart - at det er USA og Storbritannia, og berre dei to landa, som har
ansvaret som okkupasjonsmakt. Dette har også FNs tryggingsråd slått fast.
Noreg er ikkje med på å okkupere Irak. No vert det hevda at det er
vanskeleg for den vanlege irakar å sjå denne skilnaden mellom ulike
kategoriar av militært personell. Og dette er nok rett, det skal eg
innrømme. Mange irakarar er nok ikkje klar over at FN og det irakiske
styringsrådet har oppmoda andre land enn USA og Storbritannia om å hjelpe
til, eller er klar over kva for soldatar eller land som har kva for roller.
Men folkerettsleg er skiljet heilt avgjerande. Vi kan ikkje seie nei til
FNs oppmodingar om bidrag berre fordi vi er redde for at irakarane kan
misforstå kva for rolle dei norske styrkane skal spele.
Noreg er eit lite land med avgrensa
ressursar. Vi kan ikkje svare ja til alle oppmodingar om bidrag. Vi har
løyvd dei midlane som er naudsynte for å bidra i Irak i fyrste halvår av
2004, m.a. til eit ingeniørkompani. Om Kristeleg Folkeparti vil gå inn for
å forlengje bidraget i Irak lenger enn dette, er ikkje avgjort. Det vil vi
kome attende til seinare. Vi vil difor ikkje stemme for forslaget frå SV,
som ville innebere at vi konkluderer allereie no. Vi vil sjå utviklinga an
både i Irak og andre stader der vår innsats er ynskt, før vi dreg vår
endelege konklusjon. Likevel vil eg seie: Det kan godt hende at vi då bør
prioritere å stille opp i andre område enn i Irak med våre avgrensa
ressursar.
For det fyrste må vi stille opp med
stabiliserande militært nærvere i dei områda der vi har støtta den militære
aksjonen, dvs. i Kosovo og i særleg grad i Afghanistan.
Når det gjeld Afghanistan, er det
norske bidraget todelt, slik utanriksministeren gjorde greie for. For det
fyrste deltek Noreg i « Operation Enduring Freedom », som har sitt
folkerettslege grunnlag i det kollektive sjølvforsvaret etter terrorangrepa
på USA. For det andre deltek vi i ISAF, som har sitt folkerettslege grunnlag
både i vedtak i Tryggingsrådet og i samtykke frå regjeringa til Karzai i
Kabul. Det siste er viktig for meg og Kristeleg Folkeparti. Då Hamid
Karzai var i Noreg på besøk, bad han om hjelp til å skape ro i landet, slik
at gjenoppbygginga og utviklingsarbeidet i landet kunne kome skikkeleg i
gang. No held den afghanske storforsamlinga på med å skrive ei ny afghansk
grunnlov. Det vert ikkje enkelt, men eg håper at forsamlinga vil lukkast i
å kome fram til ei samlande og demokratisk løysing. Eit norsk vakt- og
sikringskompani er med på å sikre gjennomføringa av dette møtet, og det
skulle vel vere eit oppdrag som dei fleste i denne salen kan stille seg bak.
Noreg har vore aktiv i forsøka på å få
til fredsløysingar ulike stader i verda. Den siste tida har norske krefter
arbeidd for å skape fred og forsoning på Sri Lanka og i Sudan. Særleg i
Sudan ser det positivt ut no, etter at landet har vore plaga av ein grufull
borgarkrig i to tiår. Partane i krigen er samde om at dei ynskjer ein
fredsavtale, men enno står fleire vanskelege spørsmål att. Lat oss alle
håpe at avtalen kjem heilt i hamn.
Dersom det kjem til ein endeleg
avtale, vil det vere behov for militære styrkar til å overvake den nye og
skjøre freden. Noreg og norske krefter har spelt ei viktig rolle i
fredsarbeidet. Norske soldatar vil ha stort truverde som ein nøytral part.
Kristeleg Folkeparti vil difor sjå positivt på at Noreg deltek i ein
FN-leidd styrke i Sudan, i samsvar med dei gode tradisjonane Noreg har på
det området. Og eg vil spørje Framstegspartiet: Trur Framstegspartiet òg at
det i Sudan kanskje kan vere meir tillit til styrkar som kjem frå Noreg, som
dei har tillit til, enn til heilt andre styrkar i FN-tenesta? Eg er overtydd
om at det er vesentleg at Noreg er med der òg, og det trur eg inst inne at
Framstegspartiet òg er einig i.
Lat meg oppsummere med å understreke
det eg opna med:
For det fyrste: Når Noreg deltek
internasjonalt, skal det vere med eit klart folkerettsleg mandat. Vanlegvis
vil det vere eit FN-mandat.
For det andre: Vi må særleg prioritere
å byggje freden der vi har vore med og stilt oss bak ein militær
intervensjon, slik vi har gjort i Afghanistan og i Kosovo.
For det tredje: Også overvaking av
fredsavtalar av meir tradisjonell fredsbevarande karakter må prioriterast.
Eg for min del, og Kristeleg
Folkeparti, håper t.d. at Noreg ein gong i nær framtid kan vere med på å
overvake ein vellukka fredsavtale i Sudan.