Eli Sollied Øveraas (Sp) : Den 17.
november 2003 gjennomførte komiteen høyringar i samband med
Dok.nr.8:124
(2002-2003). Det var berre tre som melde si interesse. Det var få med
tanke på at forslaget frå SV hadde fått ein del merksemd i media. Eg vil
streka under at alle tre som møtte på høyringane, støtta dette forslaget.
Forbrukarombodet peikte på at
organisert svartebørssal til ulike kulturarrangement, frå konsertar til
fotballkampar, skjer i aukande omfang. Og i takt med auken når det gjeld
denne typen verksemd, har talet på klager frå forbrukarane også auka. Sett
frå forbrukarsida har dette ført til urimelege billettprisar, sal av
billettar som svartebørsselskapa ikkje har, prisar som vert endra etter
bestilling, manglande refusjon ved avlysing av arrangement, for å nemne
nokre eksempel. Også arrangørsida, det gjeld både kultur- og
idrettsarrangement, støttar forbod mot sal av svartebørsbillettar.
Senterpartiet har merka seg og lagt
sterkt vekt på utsegnene frå høyringsinstansane, og det er positivt at ein
samla komite står bak innstillinga. Men eg kan ikkje dy meg for liksom
representanten Lånke å peike på det som står på side 2, spalte 2, der
Framstegspartiet gir uttrykk for at problemet med svartebørshandel vil bli
endå større dersom ein jagar svartebørsseljarane under jorda, som forslaget
frå Sosialistisk Venstreparti-representane vil føre til. Det står jo noko i
motsetnad til at ein samla komite, også Framstegspartiet, støttar forslaget
om ei vurdering av ulike tiltak, og også ei vurdering av eit lovforbod.
Presidenten: De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3
minutter.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland
: Eg skal ikkje forlengja denne debatten noko særleg, men vil likevel kort
gjera greie for korleis vi har tenkt å følgja opp det vedtaket som
sannsynlegvis blir fatta her i dag.
Innleiingsvis vil eg seia at dei aller
fleste kultur- og idrettsarrangementa blir gjennomførte utan at det går føre
seg organisert svartebørssal av billettar - heldigvis. Dette problemet er
fyrst og fremst knytt til enkelte idrettsarrangement, i fyrste rekkje
attraktive fotballandskampar, og ikkje minst til kommersielle konsertar med
kjende utanlandske artistar. Sjølv om problemet ikkje er av dei største
samla sett, er eg heilt einig med fleirtalet i komiteen i at slik aktivitet
er uønskt og gir uheldige signal ut til samfunnet.
Eg har registrert at det er ulike
meiningar i komiteen om kva for løysingar som er best eigna. Det
kompromisset som komiteen har samla seg om i utkastet til vedtak, gir eit
klart oppdrag til departementet. Lovforbod mot svartebørshandel skal
vurderast, i tillegg til at ein skal å utgreia òg andre tiltak enn
lovforbod. Det siste vil vera tiltak som på ein eller annan måte vil gjera
det mindre attraktivt å omsetja billettar til høgare pris enn pålydande,
slik at svartebørsproblemet kan bli mindre. Dette kan f.eks vera å skriva
ut billettar på namn, som òg andre representantar har trekt fram her.
Eit lovforbod reiser ei rekkje
spørsmål som ein må koma nærare tilbake til i utgreiinga. Dette gjeld t.d.
kvar eit lovforbod skal forankrast, kven som skal vernast, arrangøren eller
forbrukaren, kven lovforbodet skal retta seg mot, firma eller
enkeltpersonar, og sanksjons- og handhevingsregimet.
Det er òg naturleg å sjå på
rettstilhøvet og erfaringane i andre nordiske land. Danmark har, som det er
peika på tidlegare, eit lovforbod mot svartebørssal, medan Sverige ikkje har
det.
Eg vil setja ned ei eiga arbeidsgruppe
som skal stå for utgreiinga, med representanter òg frå Justisdepartementet
og - for å ha med forbrukarsida - Barne- og familiedepartementet. Gruppa
vil ha kontakt med konsertarrangørar og idrettsarrangørar. Eg tek sikte på
å koma tilbake til Stortinget med ein omtale av saka i samband med revidert
nasjonalbudsjett til våren.
Ulf Erik Knudsen (FrP) : For å prøve å gjøre representanten Lånkes
forvirring om Fremskrittspartiets standpunkt noe mindre vil jeg presisere -
som jeg gjorde mot slutten av mitt hovedinnlegg også - at vi ser helt klart
at her er det et problem. Det er et problem at noen driver med svindel, med
bandittvirksomhet, med svart omsetning osv., men det kan også være enkelte
fordeler i noen tilfeller. Vi mener at håndheving av det lovverket som
finnes pr. i dag, kan gjøre veldig mye på dette området, og at man også kan
sette inn en del andre aktive tiltak fra arrangørenes side for å
minimalisere dette problemet.
Jeg har ikke veldig stor tro på
annonseringsforbud. Ja, det vil ta vekk annonsemuligheter i norske aviser,
det er helt åpenbart, og det vil ta vekk annonsemuligheter i forbindelse med
norske Internett-adresser. Problemet er at de fleste Internett-adresser i
verden faktisk ikke er norske. De kan være søramerikanske, de kan være
amerikanske, osv. Det er ikke noe problem for en norsk operatør i dette
mørke markedet å skaffe seg en dotcom-adresse eller å drive denne
virksomheten fra et eller annet sted i Venezuela eller på Cayman Island uten
at et norsk lovforbud vil kunne ramme det. Og etter hva jeg har fått
informasjon om, er det allerede en rekke operatører som retter seg mot det
norske markedet, som driver fra såkalte dotcom-adresser. Det vil altså ikke
et norsk lovforbud kunne gjøre det minste med, men en svindeltiltale, f.eks
mot enkeltpersoner, vil kunne gjøre det.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.
(Votering, se nedenfor)