Modulf Aukan (KrF) (ordførar for
saka):
Utviklinga i revisjonsarbeidet, både i
Riksrevisjonen og i revisjonen på fylkesnivå og kommunenivå, har dei siste
åra gått i retning av meir fokus på forvaltingsrevisjonen. Det er ei
utvikling eg ser positivt på. Kontrollen stoppar ikkje med tala i
rekneskapen, men også effektiviteten, måloppnåinga og organiseringa i ulike
verksemder vert gått nærare inn på og vurdert, slik at politikarane kan sjå
om vedtaka er følgde opp.
Rettesnora i forvaltingsrevisjonen må
likevel vera klar: Ein skal sjekka om politiske vedtak og føresetnader vert
følgde opp. Riksrevisjonen, eller t.d. eit fylkeskommunalt kontrollutval,
har ikkje mandat til sjølv å vurdera kva for mål som er viktige, eller kva
for politiske val som bør takast.
Vi må nok innrømma at det er gråsoner
her. Dersom ein forvaltingsrevisjon t.d. avdekkjer at ei politisk vedteken
organisering fører til at politisk vedtekne mål ikkje vert nådde på ein
effektiv måte, må revisjonsrapporten kunna påpeika dette. Enkelte rapportar
kan tena på ei brei tilnærming fordi dei kan skapa debatt om eit system.
Kontrollorgan som Riksrevisjonen må likevel vera svært varsame her og vakta
seg mot faren for å verta ein politisk aktør.
For hovudprinsippet må vera klart:
Kontrollorganet skal ikkje vurdera dei politiske vedtaka. Riksrevisjonen
skal ikkje vurdera Stortinget sine vedtak og føresetnader, sjølv om eg godt
kan forstå at det sikkert er freistande i ein del tilfelle.
Eg har innleia med desse prinsipielle
vurderingane fordi Riksrevisjonen i rapporten vi behandlar i dag, kjem svært
nær å gjera ei sjølvstendig vurdering av eit stortingsvedtak. For å seia
det slik: Utforminga av inntektssystemet for kommunane, med fordelingsnøklar
og prinsipp for inntektsfordeling og utgiftsutjamning, er faktisk avgjord av
Stortinget, ikkje av Kommunaldepartementet.
Hovudtrekka i det inntektssystemet for
kommunane som vi har i dag, vart vedtekne av Stortinget i juni 1996. Saka
vart lagd fram 10. mai 1996 av regjeringa Harlem Brundtland, da Gunnar Berge
var kommunalminister, i St.prp.nr.55 (1995-1996), om kommuneøkonomien for
1997.
Framlegget fekk i all hovudsak
tilslutning i Stortinget, med vekslande støtte. Høgre støtta Regjeringa i
omfordelingane som følgje av Rattsø-utvalet si innstilling, omfordeling til
større kommunar og meir sentrale strøk. Kristeleg Folkeparti var med på å
støtta dei lange overgangsordningane Regjeringa hadde gjort framlegg om, med
tanke på å skjerma småkommunar og distriktskommunar mot for rask
inntektssvikt, noko Rattsø-utvalet sin modell ville ha ført til.
Populært sagt måtte altså regjeringa
Harlem Brundtland køyra slalåm for å få saka igjennom, og innstillinga frå
kommunalkomiteen,
Innst.S.nr.286
(1995-1996), er altså ikkje heilt enkel å lesa. Støtta frå Kristeleg
Folkeparti og Senterpartiet til overgangsordningane og dei
distriktspolitiske måla inntektssystemet skal vera med og nå, var subsidiær,
så det er få fleirtalsmerknader til støtte for denne delen av proposisjonen.
Men dersom ein les heile innstillinga, er det likevel ingen tvil om at
regjeringa Harlem Brundtland fekk tilslutning frå eit fleirtal også når det
gjeld det distriktspolitiske. Poenget var at Kristeleg Folkeparti og
Senterpartiet ville gå lenger enn regjeringa i distriktsvenleg retning.
Riksrevisjonen tek i sin rapport
utgangspunkt i, som fleirtalet i kommunalkomiteen også viser til i denne
innstillinga, at inntektssystemets mål er at alle kommunane i landet skal ha
moglegheit til å gje innbyggjarane eit mest mogleg likeverdig tenestetilbod
uansett kvar i landet dei bur.
Samtidig har altså eit anna fleirtal i
kommunalkomiteen framheva at inntektssystemet også skal ta
distriktspolitiske omsyn og tena til å nå distriktspolitiske mål. Dette
politiske målet, som det heile tida sidan 1996 har vore fleirtal for i
Stortinget, er i liten grad reflektert i Riksrevisjonen sin rapport.
Lat meg gå gjennom hovudpunkta i
fleirtalet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, sine
synspunkt på rapporten, slik dei går fram av innstillinga.
Dette fleirtalet merkar seg at det
etter Riksrevisjonen si vurdering kan stillast spørsmål ved om det vart lagt
nok vekt på omsynet til likeverdige tenestetilbod då inntektssystemet vart
lagt om i 1997. Fleirtalet peikar derfor på at inntektssystemet, med dei
trekka Riksrevisjonen viser til, faktisk er vedteke av Stortinget. Eg vil
også meina at det er vanskeleg å sjå at effektane Riksrevisjonen
demonstrerer i sin rapport, er vesentleg annleis enn det som måtte vera
forventa ut frå den proposisjonen eg nemnde, frå regjeringa Harlem
Brundtland.
Fleirtalet tek derfor synspunkta frå
Riksrevisjonen « til orientering », som det heiter. Sagt med andre ord, og litt
meir direkte: Her har Riksrevisjonen gjeve seg inn på å vurdera sjølve
inntektssystemet som Stortinget har vedteke. Det er etter mi meining ikkje
Riksrevisjonen si oppgåve.
Som eg alt har vore inne på:
Inntektssystemet siktar mot fleire mål enn inntektsmessig likskap, det
siktar m.a. også mot distriktspolitiske mål. Dessutan har skilnadene i
inntektsnivå med skatteinntektene til kommunane å gjera, f.eks i samband med
skatt på kraftverk. Det har vore eit avklart politisk mål at kommunane skal
ha ein økonomisk gevinst igjen for å satsa på næringspolitikk og auka lokal
skatteinngang. Konsekvensen av denne politikken må verta moglege
inntektsforskjellar mellom kommunane. Denne sida av saka har Riksrevisjonen
etter det eg kan sjå, ikkje drøfta i rapporten.
Når Arbeidarpartiet i sin merknad
viser til at velståande kommunar i 1996 framleis er velståande kommunar i
2001, har det nok noko med desse tilhøva å gjera, altså lokal skatteinngang
og distriktspolitiske mål. Dessutan er eg noko usikker på kva
Arbeidarpartiet meiner med « velstående kommuner ». Inntekter pr. innbyggjar er
neppe noko godt kriterium her, når vi ser kor ulike kommunane våre er med
omsyn til innbyggjartal og avstandar.
Lat meg seia at eg undrar meg noko
over kva som er Arbeidarpartiet si eigentlege haldning til substansen i
denne saka. Da Stortinget i haust drøfta kostnadsnøkkelen for sosiale
tenester, etter eit framlegg frå Regjeringa om å innføra eit såkalla
urbankriterium, gjekk Arbeidarpartiet, representert ved sin fraksjon i
kommunalkomiteen, imot denne endringa. Arbeidarpartiet ville da behalda det
gamle systemet også i 2004.
Den lina Arbeidarpartiet sin fraksjon
i kontrollkomiteen har lagt seg på i den saka vi drøftar i dag, ser ut til å
gå ut på å vera noko meir venleg innstilt overfor kommunar i sentrale strøk
med store sosialutgifter, enn det Arbeidarpartiet var i kommunalkomiteen før
jul. Eg vel å tolka dette som at det skulle vera godt håp om å verta einige
i denne saka neste gong ho skal opp i Stortinget.
Når det gjeld nøkkelen for
kostnadsutjamninga, meiner Riksrevisjonen at det ser ut til å vera behov for
ein revisjon oftare enn kvart tiande år. Den konklusjonen trur eg ikkje eg
er einig i, ut frå omsynet til stabilitet for kommunane, men det er ei sak
til ein annan gong.
Vekslande regjeringar har oppfatta at
det har vore tilslutning i Stortinget for at ein revisjon bør skje om lag
kvart tiande år. Den neste hovudrevisjonen er sett i gang og vil truleg
kunna få verknad frå 2007. Dessutan har Stortinget vedteke fleire
justeringar i nøkkelen under marsjen, seinast i haustsesjonen 2003, med
verknad frå 2004.
Eg synest uansett ikkje det kler
Riksrevisjonen å gje Stortinget råd om kor ofte inntektssystemet bør
reviderast.
Så vil eg gå over til dei vurderingane
Riksrevisjonen har gjort av kvaliteten på forvaltninga sitt operative arbeid
med inntektsfordelinga. Her peikar Riksrevisjonen på fleire viktige
problem, som dei aktuelle departementa må sjå på.
For det første viser undersøkinga at
det skjer ein del feil i samband med innrapporteringa frå kommunane til
Sosialdepartementet om talet på psykisk utviklingshemma, som er grunnlag for
utgiftsutjamninga. Dette kan ha ført til at nokre kommunar har fått for
mykje i tilskot, og at andre kommunar har fått for lite.
Sosialdepartementet har sagt at dei vil arbeida vidare saman med Kommunal-
og regionaldepartementet for på sikt å finna fram til eit betre
kriterieopplegg. På kort sikt vil ein m.a. vurdera å skjerpa
kontrollrutinane i samband med innhentinga av data frå kommunane.
Eg reknar med at Regjeringa gjer det
ho kan for å få løyst dei problema Riksrevisjonen peikar på her. Samtidig
vil eg stilla meg bak påpeikinga frå Kommunal- og regionaldepartementet om
at det er kommunen sitt ansvar å syta for at rett dokumentasjon av psykisk
utviklingshemming ligg føre.
For det andre tek Riksrevisjonen opp
Kommunal- og regionaldepartementet si fylkesvise fordeling av
skjønstilskotet. Riksrevisjonen stiller spørsmål ved om den fylkesvise
fordelinga av skjønsmidlane er rimeleg ut frå behovet til kommunane i kvart
fylke, om fordelinga er for lik frå år til år, og om ein i for stor grad tek
regionalpolitiske omsyn ved fordelinga.
Riksrevisjonen si påpeiking av at
skjønsmidlane ikkje må verta ei fast inntektskjelde for kommunane, er rett.
Samtidig må eg få seia at det ikkje er spesielt overraskande at ein god del
kommunar med behov som ikkje vert fanga opp i det objektivt baserte
inntektssystemet, det eine året har om lag dei same behova som dei har året
etter.
Når det gjeld fordelinga mellom fylka,
har eg merka meg at det har skjedd ei viss omfordeling mellom dei dei
seinare åra - i den retninga Riksrevisjonen meiner ein burde gå. Om
Stortinget vil gje signal om at departementet bør gå vidare med ei slik
omfordeling, reknar eg med at kommunalkomiteen vil ta opp ved eit passande
høve.
Departementet og Riksrevisjonen har
ulike syn på i kor stor grad og på kva måte departementet skal kontrollera
fylkesmennene sine tildelingar av skjønsmidlane. Departementet har
utarbeidd eit regelverk som fylkesmennene skal følgja ved tildelinga av
skjønstilskot. I utgangspunktet må ein leggja til grunn at fylkesmennene
følgjer dette.
Samtidig har departementet det
overordna konstitusjonelle ansvaret for fordelinga av tilskota. Eg legg
derfor til grunn at departementet på eigna måte held seg orientert om
fylkesmennene si praktisering av regelverket, og eg reknar med at
kommunalministeren vil koma inn på korleis ein løyser dette.
Til slutt til kanskje ein kuriositet:
Som mangeårig kommunestyrerepresentant meiner eg at offentlege dokument skal
ha eit lett tilgjengeleg språk. Delar av denne rapporten har ikkje det.
Eit døme på side 35 syner kva eg siktar til:
« I analysen med data for 2000 viste
effekten av arbeidsgiveravgiften på sosialhjelpsutgiftene seg ikke å være
statistisk signifikant forskjellig fra null. »
Med dette tilrår eg innstillinga frå
komiteen.