Ingmar Ljones (KrF) (ordførar for
saka):
Når vi i dag har til førehaving
Kjøsnesfjorden Kraftverk AS sin søknad om løyve til å utføra reguleringar og
overføringar i Jølstervassdraget og bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk,
avsluttar vi samstundes ei sak som grunneigarar på sju gardsbruk i
Kjøsnesfjorden starta for meir enn 50 år sidan. Dei har arbeidd truge og
målmedvite for å kunna byggja ut vasskrafta på eigedomane sine. Dei har
hatt mange kontaktar både til lokale og ikkje minst til sentrale
styresmakter, og målbore verdien av kraftutbygginga både ved utarbeidinga av
Samla Plan, då planen vart utarbeidd første gongen ved St.meld.nr.63
(1984-1985), og seinare ført vidare og teken til behandling i Stortinget i
samband med Samla Plan i 1993 på grunnlag av St.meld.nr.60 (1991-1992).
Grunneigarane har vist både pågangsmot og tolmod, og då saka om opprettinga
av Jostedalsbreen nasjonalpark med utgangspunkt i St.meld.nr.25 (1987-1988)
vart vedteken, var det ein føresetnad at nasjonalparken ikkje skulle vera
til hinder for kraftutbyggingsprosjektet.
Saman med entreprenørselskapet
Veidekke ASA skipa grunneigarane i 1996 selskapet Kjøsnesfjorden Kraftverk
AS og inviterte det lokale energiselskapet Sunnfjord Energi AS til å vera
med på eigarsida. Etter fire år med planlegging og konsekvensutgreiingar
sende selskapet i år 2000 søknad med fire ulike alternativ om konsesjon for
bygging av kraftverket. Selskapet søkte primært om utbygging etter
alternativ 2, som årleg ville gi om lag 230 GWh ny kraft.
Ei synberr ulempe ved
utbyggingsalternativ 2 var at det skulle byggjast veg opp gjennom
Søgnesandsdalen. Olje- og energiministeren gjorde det tidleg klårt at eit
så stort naturinngrep som ein veg i Søgnesandsdalen ville representera,
ikkje kunne aksepterast. Selskapet tok også denne utfordringa og la eit
justert alternativ 2 til grunn, der anleggsvegen er lagd i tunnel, slik at
Søgnesandsdalen kunne vernast mot vegframføring. Olje- og energiministeren
kunne då etter ei samla vurdering gå inn for utbygging etter det justerte
alternativ 2.
Når eg tek med dette historiske
attersynet, er det for å visa at vegen fram til den positive tilrådinga og
vedtaket i Stortinget i dag ikkje har vore verken rett eller slett.
Vi må ta innover oss at denne
kraftutbygginga vil skje i nærleiken av og til dels innanfor nasjonalparken
og føra med seg varige inngrep i naturen. Dei mest synberre inngrepa vil
bli ved Trollavatnet og, ved redusert vassføring, i Sægrova, Lundeelva og
Søgnesandselva.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke
medlemmene frå SV, meiner likevel at omsynet til Jostedalsbreen nasjonalpark
ikkje kan vera avgjerande for om konsesjon kan gjevast eller ikkje. Det
same fleirtalet i komiteen meiner føremonene ved ei regulering av
Trollavatnet og Langevatnet, overføring av bekkeinntaka som det er søkt om,
og bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk i samsvar med det justerte alternativ
2 utan anleggsveg i Søgnesandsdalen er større enn skadar og ulemper for
allmenne og private interesser i vassdraget. Ei slik løysing er i samsvar
med NVE si subsidiære tilråding. Utbyggingsplanane for kraftverket har hatt
brei politisk tilslutnad både i Jølster kommune og i fylkeskommunen.
Opplevinga av landskapsbiletet der
turløypa går opp gjennom Søgnesandsdalen, vil etter det justerte alternativ
2 ikkje bli skipla som følgje av vegutbygging, og det er stilt krav om
minstevassføring i Lundeelva. Både Jølster kommune og Jølster Reiseliv og
Service har halde fram at anleggsvegen burde vera open for trafikk etter at
utbygginga var avslutta. Dette ville ha ført til at utbyggingskostnadene
hadde blitt om lag 45 mill. kr høgare. Dette alternativet er difor ikkje
vurdert nærare.
Utbygginga vil eliminera flaumskadar i
Sægrova og Søgnesandsdalen. Den flaumdempande effekten av utbygginga vil
vera svært verdfull for dei som opplever flaum i elvane som ein fare for liv
og helse og som eit trugsmål mot bygningar, jordbruksområde, bruer og vegar.
Etter fleirtalet si vurdering vil
utbygginga etter det justerte alternativ 2 føra med seg relativt små inngrep
sett i høve til mengda energi som vil bli produsert.
Eg vil takka komitemedlemmene for godt
samarbeid i denne saka og ta opp komiteen si tilråding.
Reidar Sandal (A) : Utbygging av vasskrafta i Kjøsnesfjorden er ei stor og
viktig sak. Saka har ein god del å seie for energitilførselen ved at denne
utbygginga vil gi ein årsproduksjon på 228 GWh. Prosjektet vil auke
leveringstryggleiken i eit utsett område, og vi vil få eit redusert nettap.
Energipolitisk er dette tunge argument for ei utbygging.
Når Stortinget i dag gir klarsignal
for utbygging, blir det sett punktum for ei lang historie. I meir enn 50 år
har det vore arbeidd for å få til ei kraftutbygging i området. Opphavleg
har saka vore driven fram av lokale interessentar. I sluttfasen har
Kjøsnesfjorden Kraftverk AS og Sunnfjord Energi AS vore dei dominerande
aktørane.
Ei sentral innvending mot utbygginga
har vore at utbygginga grip inn i Jostedalsbreen nasjonalpark. Det er eit
faktum at det utbyggingsalternativet som er valt, vil redusere
nasjonalparken med 1,5 km2. Eg vil heller ikkje sjå vekk frå den
innvendinga at utbygginga vil føre til ein del inngrep i landskapet i eit
sårbart område. Det kan sjølvsagt gi noko redusert oppleving av variasjon i
naturen frå fjellet og ned mot Kjøsnesfjorden. I ei samla vurdering av saka
har desse miljøomsyna ein viktig plass. Dei skal og bør leggjast vekt på.
Miljøargumenta har vore grundig
vurderte. Eit breitt fleirtal i energi- og miljøkomiteen har komme til at
argumenta som taler for ei utbygging, er sterkare enn argumenta for vern.
Det synet deler eg så avgjort.
Dei utgreiingane som er gjorde, viser
at dei negative følgjene av ei utbygging er moderate i forhold til den
energiproduksjonen som ein oppnår. Konsekvensane for fisk og fiske, for
vegetasjon, dyreliv og forureining vil vere heller små. Når det derimot
gjeld naturvern og tradisjonelt friluftsliv, vil følgjene vere klart
negative. Det er likevel eit faktum at lite av dei tekniske installasjonane
vil bli synleg. I hovudsak blir desse plasserte inne i fjellet. For
arbeids- og næringslivet i regionen vil dei positive konsekvensane vere
klart dominerande. Det er også hovudgrunnen til at prosjektet har fått så
brei tilslutning frå lokale og fylkeskommunale styresmakter.
Eg vil gi honnør til
konsesjonssøkjaren og til olje- og energiministeren fordi dei kvar på sin
måte har vist evne og vilje til å arbeide seg fram til ei balansert løysing.
Sjølv om behandlinga av saka har teke mykje tid, er i alle fall resultatet
blitt klart tilfredsstillande.
Folk som bur i området som utbygginga
vil få følgjer for, har poengtert at det vil bli langt tryggare å bu og
arbeide i bygda. Når vi får utbygging av energien i Kjøsnesfjorden, vil det
i stor grad dempe faren for flaum og redusere risikoen for ras. Kvardagen
blir dermed langt tryggare for dei som bur i området.
Kjøsnesfjorden ligg i Jølster kommune,
ein av dei mange kommunane som i det daglege slit med å få midlar nok til å
finansiere velferdstiltak for innbyggjarane sine. Ei kraftutbygging vil gi
kommunen ei årleg inntekt på ca 8,5 mill. kr i form av skattar og avgifter.
I tillegg kjem midlar til næringsfond. Dette vil sjølvsagt representere ein
ny kvardag for dei som styrer kommunen, og for dei som skal ta imot
velferdstenester. På denne måten syter vi for at fellesskapen får bruke
ressursane sine på ein byggjande og framtidsretta måte.
Eg er sikker på at utbygginga av
energien i Kjøsnesfjorden også vil medverke til at busetjinga kan bli sikra,
og at det kan bli lagt eit godt grunnlag for turisme og aktivitetar som er
med på å halde oppe kulturlandskapet i området. Det er avgjort positivt.
I denne saka ser vi eit godt eksempel
på at nye verdiar blir skapte i eit lokalsamfunn - verdiar som er fornybare,
og som kjem både lokalsamfunnet og storsamfunnet til nytte. Det vil
Sosialistisk Venstreparti ikkje vere med på. Ei slik negativ haldning er
det all grunn til å merke seg.
Ei viktig sak finn si endelege løysing
i dag. Det er eg svært tilfreds med. Mange har lagt ned eit omfattande
arbeid med saka. Eg vil gi ros til dei som har hatt tru på prosjektet, og
som har stått heile distansen.
Øyvind Halleraker (H) : Dette er en stor dag for folk i Jølster, som i mange
år har arbeidet sammen med Sunnfjord Energi AS for å få realisert
Kjøsnesfjorden kraftverk.
Vi husker også at vår tidligere
kollega, Magne Aarøen, som dessverre gikk bort så altfor tidlig, var en
ivrig talsmann for denne utbyggingen og de positive virkningene den vil ha
for bygdelagene rundt Jølstravatnet.
Moderne teknologi muliggjør i dette
tilfellet et skånsomt utbyggingsprosjekt, basert på det såkalte
takrenneprinsippet, med bekkeinntak og lange fjelltunneler.
Saksordfører Ljones har på en utmerket
måte redegjort for prosjektet og for komiteens innstilling. Dette
prosjektet dreier seg om å utnytte en lokal ressurs etter ønske fra -
nærmest enstemmig - kommune og fylkesting, hvor faktisk også SV inngikk i
flertallet.
Lokale myndigheter er selvsagt også
opptatt av Kjøsnesfjordens naturkvaliteter for rekreasjon og visuelle
storslåtthet, men har likevel funnet fram til en skånsom løsning, som i stor
grad ivaretar dette. Kraftutbyggingen bidrar også til flomsikring og
reduserer risikoen for ras, som jo har gått på livet løs langs
Kjøsnesfjorden flere ganger.
Kommune og fylke tilføres betydelige
inntekter ved utbyggingen, noe som ikke er uvesentlig i et perspektiv hvor
vi ønsker større grad av lokalt selvstyre og disponering av egne ressurser
til beste for lokalsamfunnet. Jeg er overbevist om at lokale og regionale
politiske myndigheter, herunder SV-ere, vurderer fordeler, ulemper og
konsekvenser av en slik utbygging på en minst like god måte som vi i denne
salen. Det er dessuten de som skal fortsette å leve og bo i området, for
ikke å si leve av naturressursene lokalt, som folk har gjort i dette landet
i uminnelige tider.
Et annet viktig aspekt ved utbyggingen
av Kjøsnesfjorden kraftverk som jeg vil trekke fram, er
forsyningssikkerheten i Nordfjord og Sunnfjord. Gjennom denne utbyggingen
får regionen 56MW i ny magasinbasert effekt, som vil minske dagens
usikkerhet i et utsatt område på vestsiden av Jostedalsbreen. For
næringslivet og den enkelte forbruker vil dette også bety lavere nettleie,
som i dette området faktisk ligger 10 øre over landsgjennomsnittet.
Avslutningsvis: Denne saken er et godt
eksempel på at Regjeringen og stortingsflertallet mener alvor med å sikre
nasjonen ny kraft. De siste to årene har denne regjeringen lagt fram flere
prosjekter med dobbelt så mye utbygd vannkraft som Arbeiderpartiet gjorde de
sju-åtte første årene på 1990-tallet.
Denne gangen dreier det seg om 230 GWh
ny, ren og fornybar energi, til glede for både brukere lokalt og nasjonens
kraftbalanse.
Inge Lønning hadde her gjeninntatt presidentplassen.
Øyvind Vaksdal (FrP) : La meg først av
alt, i likhet med foregående talere, få utrykke min tilfredshet med at et
stort flertall i Stortinget i dag etter alt å dømme vedtar kraftutbyggingen
i Kjøsnesfjorden.
Det er faktisk en stund siden
Stortinget støttet opp om et kraftutbyggingsprosjekt av denne størrelse -
altfor lenge, etter min mening. Gjennom de siste åtte-ti år har samtlige
vannkraftprosjekter enten blitt kraftig redusert eller avslått i sin helhet.
Eksempler på dette er utbyggingen av Øvre Otta, Saltfjellet/Svartisen og
sist, men ikke minst, Sauda-utbyggingen, der man sa nei takk til 0,5 TWh
ren, ny kraft uten naturinngrep av betydning. Der sa man altså nei takk til
en kraftmengde som er mer enn det dobbelte av det vi behandler i dag.
Gjennom hele denne tiden har man
politisk grepet aktivt inn og hindret en nødvendig produksjonsøkning av
strøm. Fremskrittspartiet har advart mot konsekvensene av dette, og de
samme advarslene er òg kommet fra bl.a. NVE og Statnett - men alt dessverre
til ingen nytte.
Det sier seg selv at med en jevn
økning i strømforbruket uten at det blir produsert mer strøm, må det gå
galt, og det har det også ettertrykkelig gjort. Forrige vinters strømkrise
med fare for utkobling og rasjonering viste hvor galt det går når man aktivt
griper inn og hindrer kraftutbygging. Denne politiske inngripen var også
den direkte årsaken til den eksplosjonsartede utviklingen i strømprisen vi
hadde, som tvang tusenvis til å gå den tunge veien til sosialkontoret for å
få hjelp med strømregningen.
Selv om jeg i denne saken er enig i
Regjeringens konklusjon, finner jeg likevel grunn til å stille spørsmål ved
handlemåten, som virker svært så inkonsekvent. Da vi nylig behandlet
Sauda-utbyggingen, hadde vi en positiv innstilling fra NVE. Det var i den
saken nesten ikke naturinngrep av betydning. Der opplevde vi at Regjeringen
satte faginstansen NVEs syn til side og halverte utbyggingen.
I denne saken setter man for så vidt
også NVEs syn til side og går for utbygging, til tross for at det her
faktisk er noen naturinngrep. Jeg har problemer med å henge med i svingene
her, for Regjeringens håndtering av dette henger kort og godt ikke sammen.
Jeg hadde derfor satt stor pris på om statsråden i sitt innlegg kunne gi oss
en forklaring på dette.
Jeg finner også NVEs innstilling i
denne sak noe spesiell. Jeg var i den tro at NVE skulle foreta faglige
vurderinger av slike prosjekter og vurdere eksempelvis kraftmengde opp mot
eventuelle naturinngrep. I denne sak opplever vi derimot at NVE legger til
grunn politiske signaler fra Stortingets behandling av stortingsmeldingen om
vannkraften og kraftbalansen og fra Sem-erklæringen.
Og så skriver NVE at
« det er viktig å påpeke behovet for politisk vurdering av vektleggingen av
behovet for ny kraft i forhold til miljøhensyn ».
Jeg synes derfor NVEs opptreden i
denne sak er oppsiktsvekkende, for å si det forsiktig.
Jeg vil bare for ordens skyld til
slutt minne om at Fremskrittspartiet ikke stod bak den negative holdning til
ytterligere kraftutbygging som kom til utrykk da Stortinget behandlet
meldingen om vannkraften og kraftbalansen. Men vi tok til orde for både
opprusting og utvidelser av eksisterende kraftverk, i tillegg til nye
vannkraftverk der dette ikke medfører alvorlige konsekvenser for naturen.
Hallgeir H Langeland (SV) : Eg tek opp forslaget frå SV og ber om at
forslaget blir sett opp mot innstillinga.
Lat meg først få takka Høgre og
Arbeidarpartiet for rørande omsorg i forhold til at SV og miljøbevegelsen i
denne saka er imot utbygging. Blant anna er utgangspunktet at me då sørgjer
for at kommunane ikkje får dei inntektene og den stimulansen dei treng i
kvardagen, bl.a. Jølster kommune. Då er vel heller utfordringa til dei
partia, regjeringspartia og Arbeidarpartiet, som no har fleirtalet i forhold
til budsjett, å sørgja for at kommunane får ein økonomi som gjer at dei
slepp å pressa fram utbyggingar i strid med viktige natur- og
miljøverninteresser.
Sem-erklæringa seier følgjande:
« Hensynet til kommende generasjoners
naturopplevelser tilsier en restriktiv holdning til videre
vassdragsutbygging. »
Det høyrest jo flott ut, og det skulle
ein tru ville ha konsekvensar i den praktiske verkelegheita. Men i denne
saka seier NVE at dei har forstått dei politiske signala, ut frå det eg no
las, som at dei skal gå imot utbygging av Kjøsnesfjorden.
Likevel vel altså Regjeringa å gå inn
for denne utbygginga, trass i dei faglege råda ein har bede om - og fått.
Då er spørsmålet og utfordringa frå SV si side, som heile tida konsekvent
har tilbode Regjeringa fleirtal for dei beste miljøløysingane: Kva er det
som no kjem til å skje, når me snart får Vefsna og Bjerkreim? Vil me få den
same haldninga der? Vil ein ikkje ta imot den invitasjonen som SV til kvar
tid gjev til fordel for ei meir restriktiv vassdragsutbygging, i samsvar med
det som står i Sem-erklæringa?
SV tilbyr òg fleirtal for forslag som
kan gje oss 20 TWh ny kraft innan 2010. I dag har me lagt fram eit forslag
om bioenergi. Tidlegare har me lagt fram ei rekkje forslag som vil skaffa
nok energi på ein naturvennleg måte inn i den norske marknaden. Blant anna
ved å rydda opp i PCB-armaturproblematikken i offentlege bygg kan ein skaffa
kraft.
Kjøsnesfjorden er altså ein samla
miljøbevegelse pluss SV av mange grunnar imot skal byggjast ut, ikkje berre
fordi ein øydelegg - eg heldt på å seia - dei flotte måleria som Nicolai
Astrup har teikna og måla frå området, eller fordi det renn bekkar der som
vil forsvinna. Det er mange grunnar til å gå imot dette.
Om ein f.eks er litt aktuell og ser
kva National Geographic beskriv som verdas beste turistmål, er det bl.a
norske fjordar. Det er fleirtalet no med på å øydeleggja ved å gå til dette
inngrepet som ein no gjer, i Kjøsnesfjorden. Her er ein på litt farlege
vegar: Tenkjer ein på turistmålet, må ein òg tenkje på at om me skal få
turistar hit, må me bevare dei naturkvalitetane me har.
Dette er òg eit inngrep i sjølve
nasjonalparken, og det er verkeleg bekymringsfullt. Når ein no går laus på
område ein trudde var verna - faktisk bevegar ein seg inn i nasjonalparkane
- då er det fare på ferde. Kva då med alle dei nasjonalparkane som Børge
Brende opprettar? Kan ein i neste runde berre gå inn og gjera inngrep i dei,
sånn som ein gjer her i Jostedalen? Dette er ikkje bra, og det skaper
kanskje ein presedens for kommande saker. Det som er sikkert, er at ein tek
vekk viktige naturkvalitetar i dette området, og dermed svekkjer ein
opplevingsverdien, som SV og mange miljø- og naturorganisasjonar har peikt
på.
SV går altså ikkje inn for å gje denne
konsesjonen. Me går til faginstansen, som ein pleier å vera veldig ivrig
etter å lytta til - eg siterer:
« NVE meiner føringane i
St.meld.nr.37 (2000-2001)
om vasskrafta og kraftbalansen og Sem-erklæringa om auka vektlegging av
miljøomsyn i den framtidige forvaltninga av vassdragsressursane tilseier eit
endra syn på dei vurderingane ein gjorde i samband med handsaminga av
prosjektet. »
SV er heilt einig med faginstansane i
denne saka, og det forundrar oss at ikkje regjeringspartia og Regjeringa
sluttar seg til det. Då hadde dei hatt fleirtal.