Ingmar Ljones (KrF) (ordførar for
saka):
Frigg-feltet er eit felles eigd
norsk-britisk felt, der norsk del utgjer 60,82 %. Innretningane på
Frigg-feltet er sett saman av tre betongplattformer og to stålplattformer
knytte saman med røyrleidningar og kablar. I tillegg er det eit
stålunderstell som vart øydelagt under installasjon i 1974. På norsk side
står det ei betongplattform og ei stålplattform og i tillegg det øydelagde
stålunderstellet.
Som kjent har staten rett til å overta
betongunderstellet TCP2 på Frigg, men det er ikkje funne noko område som kan
gi lønsam bruk av installasjonen på eit seinare tidspunkt. I medhald av
pliktene etter OSPAR-konvensjonen, altså konvensjonen om vern av det marine
miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet av 1992, er det gjennomført
konsultasjon med dei andre konvensjonspartane. Ingen av desse har
innvendingar mot at betongunderstellet blir ståande att på feltet.
Betongunderstellet på Frigg-feltet
blei konstruert og godkjent for transport til feltet og stasjonær plassering
for produksjon utan å ta omsyn til fjerning av installasjonane. Før 1979
blei det ikkje stilt krav om at plattformene skulle konstruerast slik at dei
skulle tola påkjenningar som heving og fjerning frå feltet kunne innebera.
I denne saka har det likevel vore vurdert fleire ulike måtar å fjerna
betongunderstellet på, men ingen av metodane har så låg risikofaktor at det
er funne forsvarleg å tilrå fjerning.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke
medlemmene frå Sosialistisk Venstreparti, er samd i at det av
tryggleiksomsyn ikkje vil vera forsvarleg med dagens teknologi å fjerna
betongunderstellet.
Det må stillast strenge miljøkrav og
krav om gjenvinning ved fjerning av plattformer og ved opprydding på
havbotnen i området. Stålkonstruksjonane og overbygningen på
betongunderstellet skal fjernast og takast til land. Innanfor ei sone på
500 meter rundt plattforma skal skrot og alle installasjonar på havbotnen,
bortsett frå betongunderstellet, fjernast og disponerast på land. Etter at
dette oppryddingsarbeidet er sluttført, må det gjennomførast tråltest med
tilfredsstillande resultat før 500-meterssona kan opphevast.
Alle tankar og røyr vil bli reingjorde
for hydrokarbon og kjemikaliar, og det må følgjast nøye med for å finna
moglege framtidige forureiningar etter at produksjonen er avslutta og
installasjonane disponerte. I medhald av retningsliner frå SFT, Kapittel
10-1, er det stilt detaljerte krav til rettshavarane om miljøovervaking og
undersøkingar etter at produksjonen er avslutta. Styresmaktene ved SFT vil
med utgangspunkt i resultata av undersøkingane vurdera om det vil vera behov
for tiltak mot forureining og eventuelle nye undersøkingar. SFT skal syta
for god kontroll og oppfølging, slik at det som selskapet får høve til å
etterlata på feltet, ikkje representerer nokon miljørisiko eller fare,
verken på kort eller lang sikt. Betongunderstellet skal merkjast av på
aktuelle sjøkart, og det skal installerast navigasjonsutstyr på
betongunderstellet i samsvar med spesifikasjon frå Kystverket, i samarbeid
med skotske Northern Lighthouse Board. Rettshavarane skal vera ansvarlege
for drift, overvaking og vedlikehald av navigasjonsutstyret så lenge
installasjonen kan representera ein fare.
Det er krevjande operasjonar å fjerna
plattformer på Frigg-feltet, og det er viktig at selskap som skal ha ansvar
for fjerninga, har høg kompetanse og kan utføra arbeidet på ein trygg,
forsvarleg og miljøriktig måte.
Eg vil takka medlemmene i komiteen for
godt samarbeid i denne saka og tilrå komiteen si innstilling.
Leif Frode Onarheim (H) : Som saksordfører nevnte, er Frigg et
norsk-engelsk-eid prosjekt. I departementets vurdering av disponering av
betongunderstellet på plattformen har det derfor vært et samarbeid med
engelske myndigheter i behandling av avslutningsplanen.
Basert på en totalvurdering, der
hensyn er tatt både til teknisk gjennomføring, trygghet for personell,
miljøet, fjerningskostnader og virkninger for andre brukere av havområdene,
er Regjeringens anbefaling at betongunderstellet, TCP2, som det heter, på
Frigg-feltet blir etterlatt på stedet. Det stilles krav om at utvendig
stål, fleksible rør og lysstoffrør fjernes og går til gjenvinning, likeledes
at navigasjonsutstyr skal installeres og vedlikeholdes, og at
betongunderstellet skal avmerkes på sjøkartene. Høyre stiller seg bak disse
konklusjonene.
Rettighetshaverne presenterte i sin
avslutningsplan fem ulike disponeringsalternativer, nemlig heving og
gjenbruk på annet sted, eller disponering på land eller på dypt vann,
kutting av betongunderstellet til 55 meter under havoverflaten eller å
etterlate betonginstallasjonen på stedet. Deres anbefaling er det siste
alternativet, som også er i tråd med det som er Regjeringens forslag, og som
en tilnærmet samlet komite stiller seg bak.
Det er viktig at ved dette valg av
løsning har vi ivaretatt de internasjonale forpliktelser som Norge har
gjennom OSPAR-konvensjonen, som er konvensjonen om vern av det marine miljø
i det nordøstlige Atlanterhavet.
Jeg vil også vise til og understreke
kommentaren fra Havforskningsinstituttet, som er referert i proposisjonen,
hvor de støtter at betongunderstellet blir værende på stedet, og mener at
installasjonen er blitt en del av økosystemet og således ikke vil være
skadelig for fiskeressursene eller annet marint dyreliv, og at det motsatte,
nemlig delvis fjerning av installasjonen, kan være forstyrrende for det
marine miljøet og innebære negative effekter for miljøet generelt.
Til slutt vil jeg nevne at denne typen
saker, avvikling av felt og infrastruktur rundt disse, på sett og vis er noe
vemodige. Men så er det heldigvis slik at denne delen av aktiviteten på
sokkelen også har sine positive sider i forhold til oppdrag for
næringslivet. Det er viktig at vi i våre industrielle miljøer får
videreutvikle en kompetanse rundt fjerning og opprenskningsarbeid etter
oljeinstallasjoner og ha utstyr og kompetanse på store og tunge løft i slike
operasjoner. Modenhetsgraden på vår sokkel tilsier at dette er et økende
marked, og da er det viktig at våre industribedrifter kan være
konkurransedyktige, både som hovedentreprenører og som underleverandører,
med de ringvirkninger dette kan skape.
Hallgeir H Langeland (SV) : Eg tek opp SV sitt forslag.
Eg kan starta med å takka
saksordføraren for å ha samla komiteen om det aller meste, med unntak av
éin ting, nemleg det som går på betongunderstellet. Elles er komiteen
relativt einig om det som står i sakspapira.
SV ønskjer derimot at ein skal stoppa
opp og tenkja seg om i denne saka. Ein kan vinna litt tid ved å forsegla
plattforma og sjå om ein faktisk kan utvikla selskap med teknologi som gjer
det mogleg å fjerna ho. Derfor er vårt forslag at ein skal utgreia saka
vidare med tanke på fjerning.
Det me fryktar dersom ikkje Stortinget
og Regjeringa på eit eller anna tidspunkt set foten ned, er at alle 16
betongunderstella blir ståande i Nordsjøen. Det vil vera uheldig etter SV
og miljøbevegelsen si oppfatning.
Ekofisk står igjen, og Frigg står
igjen. Ein kan risikera at ein får ein bråte med betongunderstell som står
ute på norsk sokkel, og det er etter SV si oppfatning uheldig.
Som Onarheim peikte på, er det klart
at dette er ein marknad. Ein del plattformer er gjenvunne og er i bruk.
Det vil òg kunna skje med betongplattformer dersom ein bruker tid og krefter
på å utvikla teknologi for å flytta desse plattformene. Då kan det bli
viktige arbeidsplassar, og dessutan får ein gjenbrukt betongen i
plattformene.
Me ønskjer med denne saka å få reist
eit par prinsipielle problemstillingar knytte til ansvar. Ein kan seia at
her i Stortinget er vi einige om at forureinar skal betala, men i denne saka
blir det på sett og vis slik at når rekninga for flyttinga av eit svært
betongunderstell kjem, gjeld ikkje forureinar betaler-prinsippet lenger, for
då blir det for stort og for vanskeleg. Vår tilnærming er at då burde ein
ha brukt mykje meir tid på dette og sørgt for at operatøren framleis hadde
ansvaret for plattforma der ho stod, og dersom ein fann ut at det var mogleg
å flytta ho på eit seinare tidspunkt, ville operatøren stå ansvarleg for
dette.
SV ønskjer også å gå inn i
problemstillingar knytte til om operatøren skal betala SFT for dei ulike
undersøkingane som no skjer. Ingen av dei andre medlemmene i komiteen har
gripe fatt i desse prinsipielle problemstillingane, og SV står derfor aleine
om dette.
SV sitt forslag er altså at ein skal
la betongunderstellet på TCB2 bli forsegla der det står, og så utgreia
moglegheita for å fjerna det på eit seinare tidspunkt.