Olav Akselsen (A) [ 10:51:55 ] : Det er mykje som
kunne vore sagt om den tragiske situasjonen som Raufoss-konsernet har hamna
i. Det skal eg likevel ikkje nytta denne anledninga til - berre eit par ord
knytte til det denne saka konkret dreiar seg om, nemleg kven som skal ha
ansvaret for tidlegare miljøsynder.
Pr. i dag veit me ikkje omfanget av
den eventuelle oppryddingskostnaden som vil koma. Dette kan bli eit stort
problem, men vonleg vil naturen sjølv ordna opp i dette. Det som i alle
høve er eit stort problem, er at denne utryggleiken gjer det vanskeleg å få
til ny aktivitet eller å ta vare på den aktiviteten som allereie eksisterer
ved tidlegare Raufoss sine anlegg. Derfor er det avgjerande viktig at me
får avklart denne situasjonen. Eg er veldig glad for at ein samla komite i
dag støttar opp om at staten skal ta dette ansvaret for framtida og dermed
lettar situasjonen for dei som prøver å få til ny aktivitet og ta vare på
den aktiviteten som allereie er der. Me får håpa at denne avklaringa er med
på å sikra arbeidsplassane i området.
Det er òg slik at om ein ser nærare på
historia, er det iallfall moralsk forståeleg at staten no tek på seg
ansvaret, for i den perioden desse miljøproblema oppstod, var det staten som
var ansvarleg - dette er på ein måte aktivitetar som har vore knytte til
staten gjennom forsvarsaktivitetar. Eg er derfor glad for at denne saka no
ser ut til å koma ut av verda. Så får me håpa at dette ikkje betyr at det
blir store utlegg for det offentlege framover.
Sjølv om det ikkje er ein del av denne
saka, er det slik at dette i verste fall kan bli ein miljøkatastrofe. Det
er derfor viktig at ein har eit sterkt overvakingsprogram, slik at ein kan
rydda opp dersom det blir behov for det. Det er òg viktig at ein har
kontroll over situasjonen, slik at han ikkje får utvikla seg på ein måte som
gjer at eventuelle oppryddingskostnader og miljøproblem blir større enn
høgst nødvendig.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.
(Votering, se side 2298)