Erlend Nornes (H) [ 14:26:22 ] (ordførar for
saka):
Eg trur ikkje det er grunn til å
frykta at denne debatten vert like lang som den førre. Men ei lita
orientering kan vera på sin plass.
MODINIS er eit sentralt verkemiddel i
realiseringa av Lisboa-strategien i EU for å gjera Europa innovativt og
konkurransekraftig. MODINIS er eit program for overvaking av
handlingsplanen e-Europa og spreiing av god praksis og betring av nett- og
informasjonstryggleiken, og det er ei vidareføring av det tidlegare
programmet, PROMISE. Deltakinga i programmet krev budsjettvedtak over tre
år, og det er i samsvar med Grunnlova nødvendig med Stortinget sitt
samtykke.
Dei årlege kostnadene i perioden
2003-2005 vil totalt vera om lag 4,4 mill. kr pr. år. Det vart avsett
midlar for 2003 ved salderinga av 2003-budsjettet for Nærings- og
handelsdepartementet, og det er sett av midlar for 2004 på Nærings- og
handelsdepartementet sitt budsjett for 2004.
Elles er denne tilrådinga lagd fram av
ein samla komite.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.
(Votering, se side 2430)