Ingebrigt S Sørfonn (KrF) [ 10:17:46 ] : Nils
Kjær, den kjende norske forfattaren og kritikaren, som levde frå 1870 til
1924, skal ein gong ha sagt: « Jeg er ærlig i alt, unntagen i pengesaker. Det
har jeg ikke råd til. »
At ein forfattar og kritikar på den
tida kunne ha anstrengt økonomi, og såleis fann det tilrådeleg å lura til
seg nokre kroner ekstra, kan ein kanskje forstå. Dagens tema er dessverre
langt meir alvorleg og omfattande. Dei som står bak økonomiske skandalar,
slik me har sett ein del eksempel på i den seinare tida, har sjeldan dårleg
råd og er ofte svært profesjonelle i sine metodar. Kor stort dette
fenomenet er, og om det er aukande eller ikkje, er det ikkje enkelt å få eit
klart og eintydig bilete av, men ifølgje Statistisk sentralbyrå og Institutt
for kriminologi ved Universitetet i Oslo har talet på anmelde økonomiske
lovbrot auka dei seinare åra. Bakgrunnen kan vera både eit større fokus på
økonomiske skandalar og reelt sett fleire forsøk på økonomisk kriminalitet.
Fokus på økonomiske skandalar og økonomisk kriminalitet har iallfall auka
dei to-tre siste åra. Ein av dei viktigaste grunnane til det er den såkalla
Enron-skandalen i USA. Hovudingrediensen her var bevisst manipulering av
rekneskapsinformasjon for å villeia marknaden. I kjølvatnet av denne
skandalen har fleire store selskap både i USA og i Europa vorte avslørte for
tilsvarande forhold. Dei som sit igjen og må betala rekninga, er
investorar, småspararar og dei som misser arbeidet i kjølvatnet av
skandalane.
I Kredittmeldinga 2001 vert det peikt
på at økonomiske skandalar av den typen me såg i USA, er mindre sannsynlege
her i landet. Det vart også vist til at regelverket vårt er utforma på eit
anna vis, og at næringsstrukturen i Noreg er noko annleis. Det er likevel
naivt å tru at ikkje òg selskap i Noreg prøver seg på rekneskapsmanipulasjon
og liknande. Dessverre viser òg praksis at dette er tilfellet. Dette gjer
at me treng eit kontinuerleg fokus på - og arbeid med - denne typen saker.
Her trengst det innsats på fleire frontar.
Sannsynlegheita for å verta oppdaga og
for å verta dømt må verta større ved at dei som driv etterforsking, og
domstolsmyndigheitene, får heva kompetansen sin. Ofte dreiar dette seg om
saker som er vanskelege å avdekkja og vanskelege å føra gode bevis for.
Dette er likevel eit meir justispolitisk fokus.
Mange rettar søkjelyset mot endringar
i lov- og regelverk for å tetta smotthol og stramma inn praksisen. Det er
nødvendig. Samfunnet er i stadig utvikling. Det er på den måten all grunn
til nødvendig justering og oppdatering i gjeldande lov- og regelverk. Men
korleis kan store anerkjende bedrifter kanskje gjennom fleire år driva så
omfattande talltriksing som det som no har kome for dagen? Dette har jo
skjedd i strid med lov- og regelverket og trass i både internkontroll og
tilsyn frå seriøse revisjonsfirma.
Revisor har ein heilt spesiell og
viktig funksjon. Revisor skal sjå til at årsrekneskapen er i samsvar med
lover og føreskrifter. Det er revisor som er garantisten for at rekneskapen
er som han skal vera. Både aksjonærar, kreditorar, finansmarknaden og
styresmaktene baserer sine handlingar på at revisor har gått gjennom og
funne at rekneskapen er innafor lov- og regelverk.
Derfor er det heilt avgjerande at
revisor er uavhengig og objektiv i forhold til arbeidet sitt. Eit av dei
forholda som har kome fram i den seinare tidas økonomiske skandalar, er at
det har vore for tette band mellom selskap og revisjon. Slik har det fått
utvikla seg ein ukultur. Dei som skulle vera objektive rådgjevarar og
kontrollørar, vart for engasjerte i det interne livet. På den måten vart
dei blinde og vart ein del av kulturen i dei bedriftene dei arbeidde for. I
kjølvatnet av Enron-saka fall det leiande og velrenommerte revisjonsfirmaet
Arthur Andersen. Firmaet greidde ikkje å vera ei motvekt til den
triksekulturen som utvikla seg i Enron.
Eit større revisjonsfirma tilbyr ofte
også rådgjevingstenester. Skiljet mellom revisoren si rolle som objektiv og
uavhengig kontrollør på den eine sida og som engasjert skatterådgjevar på
den andre har skapt rolle- og målkonfliktar i mange revisjonsfirma. Sjølv
om det er ulike personar som utfører oppgåvene - formelt kan det òg vera
ulike selskap under den same paraplyen som står for revisjon og rådgjeving -
er det likevel veldig vanskeleg å vera nøytral og objektiv når ein arbeider
under same taket og på den måten har nære arbeidsmessige relasjonar. Også i
vårt land har me dessverre sett døme på dette.
Det kan òg vera nyttig å retta augo
mot advokatstanden. Spørsmålet er: Er det heilt uproblematisk at advokatar
investerer i firma, eller er medlem i styret, i den bedrifta dei arbeider
for? Min påstand er at dette kan føra med seg altfor tette band mellom kunde
og rådgjevar, og det kan viska ut det viktige skiljet som skulle gje
grunnlag for integritet og det å vera upartisk. At fleire av dei store
norske advokatfirma like før jul ikkje ville offentleggjera kva dei hadde av
etiske retingslinjer - eller om dei hadde slike - på dette området, er ikkje
akkurat tillitvekkjande.
Tillit er eit nøkkelomgrep i det eg
tek opp i denne interpellasjonen.
Eg har nemnt nokre yrkesgrupper som er
heilt avhengige av tillit for, på ein god måte, å få selja tenestene sine.
Eg vil derfor tru at desse har ei viss eigeninteresse av at det vert rydda
opp her.
For å oppnå dette er det ikkje nok
berre med eit godt lov- og regelverk. Praksis viser at der ein har hatt eit
regelverk, har det vore altfor lett å gå utover dette regelverket. Der
regelverket har mangla, har ein ikkje vore i stand til å gjera gode
vurderingar på eiga hand.
Til sjuande og sist handlar dette
altså om etikk og moral, og det handlar om å sjå « si » bedrift som ein del av
samfunnet. Det er tid for etisk refleksjon, og det er tid for etablering,
styrking og finpuss av eigne etiske retningslinjer. Me treng eit klårt og
tydeleg lov- og regelverk, men uansett kor godt og omfattande dette er, vil
ein koma i situasjonar som ikkje er direkte dekte. Reglar kan alltid tøyast
og bøyast. Då kan det henda at eigeninteressa går framfor aksjonæren og
samfunnet sine interesser. Derfor trengst det nokre prinsipp som fundament
og som føresetnad for vurderingane, og det trengst trening i å gjera etiske
vurderingar, og i å ta konsekvensen av dei.
« Ryggmargsetikk », skreiv
dommarfullmektig Kari E. Breirem i Dagens Næringsliv 9. januar i år. Eit
medvite arbeid med næringslivsetikk bør ha ryggmergsetikk som mål - ei etisk
haldning som er så sterk at det er dei etiske og moralske vurderingane som
får avgjerande vekt når regelverket ikkje er klårt nok. Då vert etiske
retningslinjer meir enn papir og teori. Dette dreier seg om å byggja opp
ein kultur, og det heng nøye saman med yrkesstoltheit og integritet.
Næringslivsetikk må verta meir enn
fine ord, høge intensjonar og gode ønske. Etisk refleksjon og høg etisk
bevisstheit er ei haldningssak. Derfor er det viktig at dette kjem inn som
eit vesentleg element i utdanninga - ikkje berre som tørr undervisning, men
gjennom levande illustrasjonar og diskusjonar.
Sjølve lakmustesten kjem likevel først
i møte med kvardagen og dei konkrete tilfella. Derfor er det viktig at
bransjeforeiningar er med på å stimulera til debatt og utvikling, slik at
yrkesetikk vert eit viktig innhald i profesjonen. Eit anna viktig tiltak,
som er diskutert internasjonalt, og som Den norske Revisorforening også tek
til orde for, kan vera å innføra eigne revisjonskomitear i alle børsnoterte
selskap. Her vil det vera mogleg å diskutera ulike tilhøve i lys av etiske
og moralske problemstillingar. Dette, saman med eit sett av etiske
retningslinjer, såkalla « Code of Ethics », vil ytterlegare vera med på å
styrkja den etiske refleksjonen, slik at han kan liggja til grunn for
konkrete avgjersler.
Dette er krevjande, men eg er likevel
ein nøktern optimist. Eit stadig oppdatert lov- og regelverk og eit
konstruktivt samspel med dei aktuelle næringane kan gje som resultat at
dette vert meir enn ei snakkebølgje, ja, at det faktisk vert ei konkret
handlingsbølgje som kan hindra økonomiske skandalar i framtida.
Det kan nok seiast mykje om Nils Kjær,
men han var iallfall ærleg om sin uærlegdom. Me som politikarar, og næringa
sjølv, må vera modige nok til å ta den utfordringa som ligg føre, og
gjennomføra ein felles dugnad på dette viktige området.
Statsråd Per-Kristian Foss [ 10:27:15 ] : La meg innledningsvis takke interpellanten
for anledningen til å belyse dette viktige temaet.
Mangelfull og villedende informasjon
har vært et alvorlig og urovekkende trekk ved den senere tids
finansskandaler. Erfaringen har også vist at etablerte kontrollmekanismer
ikke har vært tilstrekkelige til å avverge eller begrense skadevirkningene.
Dette, kombinert med til dels slett forretningsmoral, har bidratt til å
gjøre finansskandalene mulig.
Finansdepartementet omtalte lærdommen
av finansskandalene i USA i Kredittmeldinga 2001. I meldingen gav vi utrykk
for at finansskandalene i USA har ført til en klar felles forståelse av at
det er nødvendig med rammer som i størst mulig grad kan sikre god og
etterrettelig regnskapsinformasjon. Det trengs klare standarder, gode
kontrollmekanismer og strenge reaksjoner i tilfeller der regnskaper blir
manipulert. Vi fremhevet at Regjeringen er fast bestemt på å medvirke til
dette, særlig gjennom å legge best mulig til rette for at uetisk praksis
ikke får utvikle seg slik vi har sett det i USA. Vi la vekt på europeisk og
internasjonal samordning av tiltak.
Flertallet i finanskomiteen uttalte
den gang i innstillingen til meldingen at det er viktig at den tilliten vi
ønsker å bygge opp, også får gjennomslag i utlandet. Flertallet mente
derfor at de tiltak som gjennomføres i Norge, i størst mulig grad må være
harmonisert med tiltak som foretas i andre land. Flertallet understreket
samtidig viktigheten av at det kontinuerlig arbeides med tiltak for å
motvirke økonomisk kriminalitet.
Finansdepartementet følger opp en
rekke tiltak for å bedre tilliten til verdipapirmarkedene og finansiell
rapportering. Status for viktige tiltak på Finansdepartementets område er
som følger:
EU-kommisjonen fremla 16. mars 2004 et
nytt og modernisert åttende selskapsrettsdirektiv om lovbestemt revisjon.
Direktivet skjerper kravene til revisor bl.a når det gjelder utdanning,
uavhengighet og etikk samt kvalitetssikring av revisors arbeid.
Finansdepartementet har fortløpende fulgt arbeidet med direktivet,
hovedsakelig gjennom deltakelse i EU-komiteen om revisjon. Vi vil vurdere
endringer i revisorloven og fremme eventuelle lovforslag når det nye
direktivet er vedtatt.
Departementet har nylig hatt på høring
et forslag om å fastsette en lovhjemmel til å gi nærmere forskrifter om
gjennomføringen av reglene i revisorloven om revisors adgang til å utføre
rådgivningstjenester og andre tjenester til revisjonsklienter. Det legges
opp til å fremme lovforslag slik at forskrifter kan fastsettes i løpet av
året.
Finansdepartementet har videre, etter
innspill fra Økokrim, bedt Kredittilsynet vurdere et forslag om at revisor
skal ha plikt til å underrette politiet dersom det i forbindelse med
revisjonsoppdrag eller andre tjenester fremkommer forhold som gir grunn til
mistanke om at det er foretatt en straffbar handling. I dag har revisor
adgang, men ikke plikt, til å underrette politiet om slike forhold.
Kredittilsynet er bedt om å utarbeide et høringsnotat om dette som kan
sendes på høring i løpet av våren.
Et forslag til gjennomføring av
markedsmisbruksdirektivet om innsidehandel og markedsmanipulasjon er sendt
på høring, med høringsfrist neste uke, 3. mai. Direktivet er tatt inn i
EØS-avtalen. Hovedformålet med direktivet er å sikre integriteten til
verdipapirmarkedene i EØS-området, herunder sørge for investorenes tillit
til disse markedene. Departementet legger opp til å fremme lovforslag om
gjennomføring av markedsmisbruksdirektivet i sommer.
Det nye prospektdirektivet oppstiller
bestemmelser om offentliggjøring av prospekt ved offentlige tilbud av
omsettelige verdipapirer, samt ved opptak til notering. Direktivet skal
innlemmes i EØS-avtalen. Direktivet erstatter gjeldende EØS-regler som er
gjennomført i verdipapirhandelsloven og børsloven med forskrifter.
Direktivet omfatter bl.a hvilke tilbud som skal omfattes av plikten til å
utarbeide prospekt, hvilken informasjon som skal gis i prospektene, og
spørsmål knyttet til kontrollen av prospektene. Direktivet og norske regler
i medhold av dette vil innebære at utstedere og eventuelle andre tilbydere
pålegges å gi en rekke opplysninger av betydning for investorenes
beslutning, og at det blir dokumentert hvilke opplysninger som er gitt.
Kredittilsynet har etter initiativ fra Finansdepartementet nedsatt en bredt
sammensatt arbeidsgruppe som skal vurdere behovet for og foreslå endringer i
norsk rett som følge av direktivet og utfyllende bestemmelser gitt i medhold
av dette. Arbeidsgruppen skal avgi innstilling i juni.
EU-forordningen om anvendelse av
internasjonale regnskapsstandarder pålegger børsnoterte foretak å anvende de
internasjonale regnskapsstandardene IFRS i konsernregnskapet fra 2005.
Medlemsstatene kan tillate eller kreve anvendelse i selskapsregnskapet og i
andre konsernregnskaper. Forordningen er tatt inn i EØS-avtalen.
Regnskapslovutvalget har i sin evaluering av regnskapsloven foreslått
lovregler til gjennomføring av forordningen. Finansdepartementet legger opp
til å fremme lovforslag i juni om dette og om etablering av en
håndhevingsordning for de noterte foretakenes finansielle rapportering.
Departementet anser at dette vil bidra til god og sammenlignbar finansiell
rapportering.
Europaparlamentet behandler for tiden
et direktivforslag om børsnoterte foretaks informasjonsplikt til markedet -
direktivet om løpende rapportering. Formålet med forslaget er først og
fremst å bedre investorenes trygghet, forbedre de europeiske
kapitalmarkedenes effektivitet, åpenhet og integritet og ved dette tiltrekke
investorer til det europeiske verdipapirmarkedet. Det er bl.a lagt opp til
en styrking av minstekravene for hvilke regnskapsopplysninger utstederne
skal gi til markedet i løpet av regnskapsåret. Det er videre foreslått
visse minimumskrav til offentliggjøring av endringer i eierforholdene i
utstederselskapet. Dersom direktivforslaget blir vedtatt, vil det bli
nødvendig med endringer i de reglene om løpende rapportering for utstedere
av verdipapirer som er notert på børs eller regulert markedsplass. Videre
må det vurderes endringer i reglene om flaggeplikt.
Det er ventet at et nytt direktiv om
investeringstjenester og regulerte markeder vil bli vedtatt av EU i løpet av
april. I så fall vil det komme nye krav til meglerforetakenes virksomhet,
herunder nye regler som skal hindre interessekonflikter mellom
meglerforetakenes ulike aktiviteter. Direktivet vil også innebære nye
regler om virksomheten til børser og andre markedsplasser, som vil kunne
skape større gjennomsiktighet og åpenhet ved børstransaksjoner.
Departementet vil fremme lovforslag for å gjennomføre direktivet i norsk
rett.
Jeg vil også nevne at vi nylig har
opprettet Finansmarkedsfondet, som etter sine vedtekter skal bidra til økt
kunnskap om og forståelse for finansielle markeders virkemåte, herunder
regulering av markeder og markedsaktører, samt å fremme innsikt og økt
bevissthet med hensyn til etikk på finansmarkedsområdet. Fondet, som består
av vel 200 mill. kr, skal to ganger i året dele ut midler av fondets
avkastning - om lag 10 mill. kr pr. år - til forskning, utdanning og allmenn
opplysning innenfor finansmarkedsområdet.
Vi har allerede et godt grunnlag i lov
og regelverk for å hindre økonomiske skandaler og økonomisk kriminalitet.
Samtidig er det nødvendig å ta hensyn til at rammeverket i minst mulig grad
skal begrense ønske om økonomisk aktivitet. Derfor vil ikke rammeverket
alene kunne garantere mot alt misbruk. De økonomiske skandalene som har
blitt avdekket både i andre land og her hjemme, svekker den tilliten som er
nødvendig for at kapitalmarkedene og vårt økonomiske system skal fungere
effektivt og bidra til velstand. I en slik situasjon har det vært nødvendig
med strenge tiltak for å gjenopprette tilliten. Vi arbeider kontinuerlig
med å videreutvikle og forbedre regelverket. Vi legger vekt på at tiltakene
harmoniseres med det som gjennomføres i andre land, for øvrig i tråd med
Stortingets tidligere vedtak i forbindelse med kredittmeldingen. Det er i
alles interesse å hindre misbruk og uetisk atferd som svekker tilliten til
hele vårt økonomiske system.