Lenke til Stortingets hovedside  

Stortinget
Møte tirsdag den 20. desember kl. 10 2005



Sak nr. 8
Innstilling fra finanskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Ulf Leirstein, Gjermund Hagesæter, Christian Tybring-Gjedde og Jørund Rytman om reduksjon i avgiften på bensin og autodiesel (Innst.S.nr.67 (2005-2006), jf. Dok.nr.8:05 (2005-2006))



TALERE:


       Gjermund Hagesæter (FrP) [11:00:45] : Bakgrunnen for denne saka er at vi, som kjent, i Noreg har veldig høge drivstoffavgifter. I tillegg er det i år eit moment, ein faktor, at vi har ein stigande råoljepris, som også har gitt ein ekstra høg pris til forbrukaren.

       Når det gjeld den stigande råoljeprisen, er det to forhold. Det eine er at forbrukarane må betale ein høgare pris når dei skal kjøpe bensin og diesel, og det andre er at staten på grunn av den aukande råoljeprisen har fått eit langt større overskot enn det ein la til grunn. Ein får altså i inneverande år eit overskot som er over 80 milliardar kr større enn ein hadde rekna med, på grunn av oljeprisutviklinga. Då meiner vi at det minimum burde ha vore mogleg å få til at ein fekk senka bensinavgifta, slik at drivstoffprisen, både på bensin og på diesel, blei omtrent tilsvarande det ein rekna med då statsbudsjettet for 2005 blei vedteke. Vi ønskte sjølvsagt at han var endå lågare enn det. Men minimum burde iallfall ha vore at ein fekk prisen ned på det nivået.

       Vi konstaterer at dei andre partia ikkje er villige til å vurdere dette, ikkje er villige til å gjere vedtak om det. Det synest vi sjølvsagt er leit - det er alltid leit å kome i mindretal - men det er likevel kanskje ikkje så veldig overraskande at dette blei resultatet.

       Til slutt vil eg ta opp Framstegspartiet sitt forslag som står i innstillinga.


Presidenten: Representanten Gjermund Hagesæter har tatt opp det forslaget han refererte til.

       Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 8.

       (Votering, se side 1059)