Aslan=Jesus=sant?AA

Nesten alle menneskjer i den vestlege verda har eit forhold til C. S. Lewis og forteljingane om Narnia. Bøkene har blitt selt i 100 millionar eksemplar på verdsbasis. Dei fleste tenker på Bibelens Gud når dei les om Aslan. Kvifor gjer vi det,  kva slags syn hadde forfattaren sjølv dette, og kva er det med disse forteljingane som har fenga så mange menneskjer i så mange land i så lang tid? Har det noe med dei kristne samanhengane å gjere?

 Av: Andreas Kirkerud

For deg som ikkje veit det er Narniabøkene forteljingane om fantasilandet Narnia. Narnia blei skapi av Aslan, ei løve. Innbyggjarane i landet består av talande og ikkje talande dyr, fabeldyr og menneskjer. Etter at Narnia blei oppretta verte landet stadig utsett for fiendar, og i disse situasjonane blir menneskjer frå vår verd (i forteljingane kalla Adams barn) dradd inn i Narnia for å hjelpe til. Dei første menneskjene som kom frå vår verd til Narnia brukte nokre ringar som stamma frå ei gammal dame med alveblod, for å flytte seg mellom verdene.

 

Ein finner mykje magi i Narniabøkene. Dei av oss som har tatt vare på søndagsskulelærdomen vil likevel finne visse ting som stemmer over ens med den. Reint utover kampen mellom det gode og det vonde, som ein kan finne i nærast ein kvar fantasyforteljing, kan ein finne mange klare liknadstrekk mellom Narniabøkane og Bibelen.

 

I den fyrste boka i serien på sju bøkar (Draumen om Narnia/The magician’s nephew) får vi ta del i opprettinga av Narnias verd. Løva Aslan, som mange tenkar på som ein representant for Bibelens Gud, synger ein song, og ved hjelp av songen kommer sol, stjerner, planter og skapningar i Narnia til. Bibelen fortel oss at Gud skapte verda ved sitt ord.

 

Litt seinare i boka får vi vite at Digory, hovudpersonen i boka, blir sendt til ein hage eit stykke borte for å hente eit eple som skal halde heksa Jadis borte frå Narnia. I hagen blir Digory freista av nettopp Jadis til å ete eplet sjølv. I Bibelen høyrer vi om slangen som freista Adam og Eva til å ete av kunnskapens tre, treet Gud hadde bedt dei om ikkje å ete av. Heksa Jadis påstod at om Digory åt av eplet ville han halde seg evig ung, og om han gav eit til den sjuke mor hannes, ville ho straks bli frisk.

 

I motsetning til Adam og Eva åt ikkje Digory av eplet, og seinare fortalde Aslan at det var sant som heksa sa; Digory ville halde seg evig ung om han hadde ete av eple, og mora ville bli frisk, men dei ville aldrig kome til å bli glade om dei gjorde det. Ved første augekast kunne det virka bra om mora til Digory hadde blitt frisk og at han ville halde seg evig ung. Men når det ville gjere at dei aldri lenger ville bli lukkelege, ville det vere betre å la vere å ete epla. På same måte seier  Bibelen at ikkje synda kan gjere oss lukkelege på sikt, han seier derimot at synd fører til død og avstand frå Gud. Når Digory gjorde som Aslan hadde bedt ham om, slapp han å bli evig ulukkeleg. Aslan hadde nemleg ein annen måte for å gjere mora hans frisk. Bibelen seier masse om kva menneskjer skal gjere og ikkje gjere for å ha det bra, og at om vi søkar ham først skal vi få alt det andre i tillegg.

 

I bok nummer 2; (Løven, heksa og klesskapet/The Lion, the witch and the wardrobe) er heksa Jadis igjen på krigsstien. Vi leser at ho, som på den tida herskar Narnia, får Edmund til å forråde Aslans folk. Forbanninga (the deep magic) som er over Narnia seier noko som at om ein forråder ein annen skal han drepes på steinbordet. Bibelen fortel oss at alle som har synda fortener å døy, men at Jesus tok på seg straffa og døydde for våre synder slik at ”kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv”. (Joh 3,16b) Aslan seier at han ynskjer å døy i staden for Edmund. Når Aslan ligger død på steinbordet er det Lucy og Susan som passer på ham, og var og dei første som såg at han hadde vorte levande igjen. Bibelen fortel oss at Maria Magdalena var den fyrste som kom til Jesu grav etter oppstandelsen.

 

I tillegg til det eg vil kalle hovudparallellen i denne boka, kan vi finne andre bilete på bibelske handlingar. Eit eksempel er at Aslan fortel Peter at han alltid må hugse å tørke blodet av sverdet sitt, eller å halde sverdet rent. Eg har lese at dette kan vere meint som eit symbol på den kristne omvendinga frå synd. 

 

Gjennom serien kan ein finne fleir liknande parallellar. Eg skal ikkje gå inn på kvar enkelt av dei, men eg har lyst til å nemne noko frå den siste boka, ”Den siste striden/The last battle” Biblen fortel oss om Antikrist, som skal få stor makt i verda, og som vil lede massevis av menneskjer vill. Den seier han skal gje seg ut for å vere Guddommeleg. I ”Den siste striden” møtar vi det ganske så naive eselet Virre. Han blir lurt av venen sin Shift, ein lur apekatt til å kle seg ut som Aslan. På den måten greier dei å lure nesten alle Narnias innbyggjarar til å tru at Virre er Aslan, og ved at Shift kallar seg ”Aslans talerør til folket” kan han be Narnianarene gjere om lag kva han vil. Han lurar narnianarane til å bli slavar i nabolandet Calormen, som kan tolkast som eit slags symbol på det onde.

 

Det utkjempast eit slag mellom Narnias siste trufaste og styrkar frå Calormen. Dette kan setjast i samanheng med det bibelen kallar det siste slaget. Under slaget blir Narnianarane pressa inn i eit lite skur, og på baksida av døra i skuret kjem dei inn i ”Det nye Narnia” Derifrå kan dei stå å sjå Narnias undergang, korleis sola slokkast og alt blir øyde og kaldt. I det nye Narnia finnes ikkje sorg og smerte, og det kan samanliknast med Bibelens profetiar om ein ny himmel og ein ny jord.

 

Under lesinga av Narnia bøkene har eg prøvd å finne ut om nokon av dei vi møtar symboliserar Satan. Heksa Jadis har openbart mye muffins å fare med, men ho blir tatt livet av i bok nummer 2, og hadde ho vore Satan burde narnia hatt evig fred og det ville vere lite å fortelje om etter ho blei drepen av Aslan. I den siste boka møtar vi den Guden dei tilber i Calormen, Tash. Boka omtalar ham som ein demon, og ikkje som styggen sjølv. Det kan derfor verke som ikkje Lewis ynskjer å vise oss det vondes opphav. Kanskje han har brukt det bevisst som eit spenningsmoment gjennom heile serien, eller kanskje han rett og slett ikkje ynskja det fokuset i bøkane mulig av den grunn at har ikkje ville introdusere barn for at det faktisk finnes noko som heiter Satan i vår verd.

 

Når ein finner nok slike parallellar vil det væra nærliggjande å kalle Narnia bøkane ein allegori, ein sjanger vi finn att i til dømes ”Animal Farm” av George Orwell, der ein skikkelse representerar eit menneskje, og kvar hending representerar ei hending frå verkelegheita. Dette går Lewis sterkt ut imot, og han åtvarar lesaren mot å samanlikne ein for ein ting i Narnia med virkelege ting, slik eg delvis har gjort over. I staden for å kalle sjangeren allegori bruker Lewis ein teknikk kalla ”supposal” (eit namn som vanskeleg let seg oversetje). Om ein likevel skal oversetje det, blir vel det beste norske ordet i denne samanheng ein substantiv versjon av  ”å førestelle seg.”. Lewis seier: ”Sjå for deg at Narnia fantes, og sjå for deg at, det, som vår verd,  trengte frelse. La oss førestelle oss kva for ein fødsel, lidenskap, og oppstandelse Jesus ville hatt i Narnia.” ”Korleis ville Jesus vore om han kom til Narnia som Aslan?” ”Førestell deg at det vonde vorte introdusert i Narnia; korleis ville det framstått?” ”Sjå for deg at kvart menneskje eller talande dyr fritt kunne velje å lyde eller å ikkje lyde Aslan, korleis ville livet i Narnia vore då?” Ved å bruke denne teknikken er han til dømes ikkje bunden til å bruke hendingar frå bibelen i alt han skriver, sjølv om det kan verke som dei har hatt ein viss påverknad. Han treng heller ha bibelske personar for alle hovudpersonane i forteljingane sine.   

Lewis ynskja ikkje å ”gjenfortelje” Bibelen med Narnia bøkane. Sjølv ser han på forteljingane som mytar. Han skreiv bøkar for barn, men ynskja og at dei skulle appellere til vaksne, og han ville at dei skulle innehalde eit bodskap.

 

Det er viktig at vi ikkje under nokon omstende brukar Narniaforteljingane som nokon form for teologisk dokument. Narniabøkane er ikkje Bibelen, og ting som skjer i Narnia behøver ikkje å forklare ting i den verkelege verda. Likevel vil eg påstå at Narnia bøkene kan belyse nye sider av Bibelen for oss.

 

Sjølv om Lewis var trygt forankra i Bibelen når han skreiv, var han ikkje redd for å trekkje inn element frå både gresk, romersk og celtisk mytologi så vel som engelske og irske tradisjonelle eventyr. Her forteljast det om menneskje med alveblod, heksar og magi. For meg står disse tinga for mange av spenningsmomenta i bøkene. Eg veit ikkje kor mange gangar eg har fått vite akkurat nok om noko mystisk spennande noko til at nysgjerrigheita blir uuthaldeleg. På den andre sida kan eg føle meg trygg på at nysgjerrigheita blir tilfredsstilt før eller sia. Lewis lar det ikkje ligge igjen mange løyse trådar når han avsluttar ein bok. Kjedeleg vil nokon kanskje seie, men eg, som hengjiven  ”ameriacan happyending” entusiast, eg  elskar det!

 

J.R.R. Tolkien gav Lewis kritikk for å blande saman for mange element i Narnia bøkane. I ein og same bok skreiv Lewis inn Aslan, julenissen, ei vond heks, barn og ikkje minst talande dyr og fabeldyr. Tolkien meinte dette ville skade hans omdøme som seriøs forfattar. No skal det nemnes at på same tida som Lewis gav ut sju bøker rakk ikkje Tolkien å gi ut ein einaste bok. Lewis skreiv ”fort og gale” mens Tolkien var langt meir omhyggeleg i sitt arbeide. Det kan jo vere nærliggande å tru at dette kunne framkalle ein viss irritasjon hos Tolkien.

 

Eg trur likevel eg kan seie meg einig i at Narnia bøkene ikkje akkurat bærer preg av nøye gjennomtenkt setningsutforming. Når det er sagt er dei, utan samanlikning, særdeles lettleste, og dei er velegna for høgtlesing. Rett som det er hoppar forteljarstemma ut frå forteljinga for å forklare eit eller anna viktig eller uviktig, i beste Anne Cath. Vestly stil. Det gjer det lettare for oss å bli kjend med den impliserte forfattaren, og for meg er det med å skape ein slags tillit. Ofte blir disse forklaringane skreve i parentesar. Dette gjer det ryddig og oversiktleg for leseraren.

 

Det at forteljingane, som kan vere spanande i seg sjølv, har så mykje å gjere med Bibelen og kristendommen å gjere, gir dei nærast ein gratis billett inn til kristne lesarar, som det finnes omtrent 1 milliard av på verdsbasis. Når eg sit å les er det godt å kunne ha den tilliten til at ein ikkje blir presentert for til dømes okkultisme eller svart magi. Mykje av det eg synast gjer bøkene, for ikkje å si filmane, så unike, er kontrasten mellom det usikre, mørke, forførande og demoniske, som dei vonde representerar og den tryggleiken, godleiken  og autoriteten Aslan og dei trufaste tilhengarane hannes representerar. Det at dette igjen kan setjast inn i eit verkelegheitsperspektiv gjør disse bøkene til noko heilt for seg. Personane vi møter i forteljingane er enkle ærlege og lette å bli glad i. Bøkane har ein plettfri moral; dei som er snille å gjør det rette vinner til slut  Herleg!.

 

Og om du ein gong skulle vere så heldig å kome over to gule og to grøne ringar (dei er visst rota vekk att), la ikkje dei gule ringane kome i kontakt med huda di. Det kan få større konsekvensar enn du anar.

 

Kjelder:

http://www.dummies.com/WileyCDA/DummiesArticle/id-3206.html

http://www.factmonster.com/spot/narnia-lewis.html

http://en.wikipedia.org/wiki/C._S._Lewis

http://www.crossnet.se/kyrkor/brobyggarna/92.html

C. S. Lewis: Narnia, bok 1,6,7

Disney/Walden Media: Chroncicles of Narnia; “The Lion, The Witch and The Wardrobe”