KRITISK MERKNAD TIL HARALD AASBOMS NEKROLOG


av
Dagfinn Karlsen



Ein litt for rosande nekrolog i siste utgåve av Zenter gir nokre av mine kritiske kommentarar rett til å bli høyrde. Eg har hatt fleire lærerike diskusjonar med Aasbom dei siste par åra, og han vil bli sakna både som forfattar og kamerat.

A.M. Pütz har forfatta ein velskriven nekrolog. Aasbom ville nok ha sett pris på han som eit formelt sett estetisk arbeid, men vørdnad for den avlidne unnskylder ikkje slurv med innhaldet.

Særleg er det Pütz sin tendens til å rosa originaliteten i Aasbom sitt verk eg vil korrigera.
Ein kveld i fjor haust hadde Aasbom og eg ein samtale der han reflekterte over sin eigen litterære produksjon. «Eigentleg,» sa han, «kan alle historiene mine reduserast til og jamførast med ein einaste vits.» (Han la til med eit smil: «Derfor treng eg heller ikkje tvila på om dei er gode.») Og han gav seg til å fortelja denne vitsen:

Ein gjeng eldre karar i ei norsk bygd ville setja av ein kveld kvar veke til forteljing av vitsar. Dei møttest i den lokale kroa, skipa ein vitse-klubb og syntest det var stor stas.

Etter som tida gjekk hadde dei fortalt alle vitsane dei kunne opptil fleire gonger, og for å gjera møta i vitse-klubben meir effektive, bestemte die seg for å gi vitsane kvart sitt nummer. Slik kunne eit medlem seia t.d. «34» på ein spøkefull måte, og forsamlinga, som kjente vitsen dette nummeret refererte til, ville vri seg i latter.

Men mens latteren vart til resignert humring, og resignert humring vart til tomme blikk over sur kaffe, kom gamle Haldor til å erkjenna kva som er den primære funksjonen til ein vits: Merkeleg-gjering eller overrasking.
Haldor sa: «63.» Og forsamlinga braut ut i ein erupsjon av latter. Lista over vitsar gjekk ikkje lenger enn til 62.


Aasbom forklarte: «Som forfattar vil eg (tilgi meg ambisjonane) ha gamle Haldor sin funksjon.»
Da romanen «Reform! Reform!» (1988) kom ut, ville det ha letta arbeidet til mange kritikarar om dei kjente Aasbom sitt litterære credo slik han forklarte det for meg.
Ein enkel analyse (og eg forventar at andre bruker same modell i meir vitskaplege publikasjonar) er nok til å kjenna att historia om Haldor og vitse-klubben:

Handlinga i «Reform! Reform!» er lagt til Genève slik byen kunne ha vore.

Aasbom bruker fleire kapittel på å visa lesaren korleis (det fiktive) samfunnet fungerer. Dette er første del. I andre del av romanen anar vi forfallet, skjult i institusjonalisering og økonomisk tryggleik. (Kritikarar som vil forklara Aasbom som moderne anarkist bruker dette hjørnet av forfattarskapet til støtte for synet sitt.) Denne andre delen fungerer som føresetnad for det uhyrlege (som må henda) i tredje og siste del, og her blir det lagt strukturar som dei siste kapitla står i kontradiksjon til. Med kaldt overlegg og djevelsk psykologi hadde Aasbom spekulert ut korleis lesaren må reagera på siste kapittel. A.M. Pütz har sagt: « Jeg betrakter dette [siste kapittel i «Reform! Reform!»] som det mest monumentale i norsk romankunst i løpet av de siste 60 år.» («Musene», 4. nummer, 1989)

I nekrologen seier same skribent at Norge har mista ein viktig forfattar. Dette er vel dei fleste som følgjer med i norsk litteratur einige i. Måtte berre ikkje den påståtte originaliteten vera grunnen til ein slik karakteristikk!

Aasbom såg, med nådelaus sjølvironi, heile forfattarskapet sitt som plagiat, parodi og intellektuell ornamentikk.
«Det eit moderne menneske har bruk for,» hevda han ein gong, «er ikkje anna enn ei elementær forståing av språket, historia og dygds-katalogen.» Eg trur det ville ha vore Aasbom til glede om desse orda kunne bli hans bidrag til perpleksistet i den norske litteratur-debatten.
Vi lyser fred over Harald Aasbom sitt minne.



N.F. GAD Trondheim 27.04.98




diskurs - tidskrift for tverrfaglig tankespinn er et magasin for forskningsformidlig på lavere grad
hvis du har lyst til å bidra med stoff, kontakt oss på e-post diskurs@stud.ntnu.no eller besøk oss på web på