Krev 250 000 kroner 13 studentar vil stevne sin tidlegare huseigar inn for forliksrådet. Kåre Bottolfsen (biletet) og dei andre studentane krev tilbakebetalt 250 000 kroner fordi huseigaren gjenom ei årrekke har tatt for mykje i leige. Dette er tredje saken på kort tid der studentkollektiv i Bergen går rettens veg for å få husleigepengar attende. Husleigenemnda ventar ei auke i talet på slike saker. [Nyhende]

Idealisme i teori og praksisKva er idealisme? Ordbokdefinisjonen på idealisme er å strebe etter å virkeleggjere eit ideal. Hegel seier idealisme er den fornuftstyrte tanken satt ut i handling. Studvest har snakka med Jane Nordlund frå Ottar, Christian Visnes frå Latin-Amerikagruppa og Roar Waagan frå Noah. - Eg trur det er viktig å ha ein idealisme som går linja ut, som tar konsekvensen av ideologien og som syner at det er mogleg å leve annleis enn store deler av folket gjer, meiner Roar Waagan. [På talefot] 
Alternativ arkitektskoleVed Bergen Arkitekt Skole skal studentane bli medvitne gjennom "Den andre verden", eit kreativt undervisningsopplegg som inneheld blant anna modellering i leire, skjønnliterære skrivekurs og performance. Skolen har som pedagogisk programerklæring å sette namn på det ukjende. [På bølgjelengde]  Studvest er ei avis av og for studentarved Universitetet i Bergen og Noregs Handelshøgskule. Ansvarleg redaktør: Eivind Eidslott. Webansvarleg: Frank Undheim Les også mer på siden om avisen.
|