Onsdag 8. oktober 1997
Nr. 23 - 52. årgang

Meny

Tips Studvest
Tel: 55 54 51 48
studvest@uib.no

Denne vekes
LUDO med Birger


Høyring om bustadregistrering er over:

Taper på student-flytting

ForsidebildetDersom alle studentar skal melde flytting til studiestaden kan Bergen kommune tape ti millionar kroner i offentlege overføringar. Det syner tal frå Kommunenes Sentralforbund.
Elisabeth Bjørge og Cecilie M. Haaland (biletet) veit ikkje om dei liker tanken på å bli bergensarar, og lurar på kva gode Bergen kommune kan tilby. [Nyhende]

Arkitektur på Høyden

SV-bygget i Fosswinckelsgate er ei merkeleg blanding av teglstein og hi-tech. Bak enorme glassvindauge snor aluminiumsrøyra seg. Det liknar meir på Star Wars enn innsida av eit fakultet.
Studvest har sett på nokre av dei nye universitetsbygga saman med Peder Figenbaum ved Seksjon for kunsthistorie og student Jacob Røsvig ved Bergen Arkitekt Skole. Dei tykkjer Universitetet manglar haldning i spørsmålet om arkitektur. [På talefot]

Kjempar for demokrati

Å vere student i Kenya er ikkje lett. Særleg viss du ikkje liker regimet til presidenten Daniel arap Moi. Kenyanerane Muthoni Kamau og Munga Gathago i organisasjonen Release Political Prisoners fortel om høva i heimlandet. [På bølgjelengde]


Studvest er ei avis av og for studentarved Universitetet i Bergen og Noregs Handelshøgskule. Ansvarleg redaktør: Eivind Eidslott. Webansvarleg: Frank Undheim Les også mer på siden om avisen.