Heim
 Studvest

Onsdag 23. september 1998
Nr. 21 - 53. årgang

Meny

Tips Studvest
Tel: 55 54 51 48
studvest@uib.no


Blei kasta etter mistillit

Framsidebildet
(Foto: Kjartan nesse)

Styret i studentane sitt øvste organ for velferdspolitikk, vart mandag kasta etter eit mistillitsforslag frå Rosso. Velferds-tinget er ikkje nøgd med arbeidet styret (bilete) har gjort, og mistillits- forslaget vart vedteke med stort fleirtal.
Avtroppande styreleiar Kjetil Torpp meiner det er Rosso som fråskriv seg ansvar. Han meiner at det å kaste styret ikkje løyser nokon problem.
Velferdstinget er no handlingslamma til ein har fått ein ny organisasjonsmodell på beina.

[Nyhende] - Les heile saka

Går til aksjon

Studentar som vil ta forkurs i fransk, spansk og italiensk, må i år ut med 6.800 kroner i kursavgift. No har språkstudentane sendt eit klageskriv til utdanningsminister Jon Lilletun.
– Vi vil aksjonere for prinsippet om lik rett til gratis utdanning ved Universitetet, seier forkursstudentane i aksjonsgruppa.

[Nyhende] - Les heile saka

Trønder bak mål

Brann har sett psykologi- student Rohnny Westad frå Trondheim til å vokte målet i semifinalen mot Rosenborg. Men i kveld let han seg ikkje psyke ut av overlegne trønderar eller sure bergensfruer. Til det har han for stor tru på skjegget sitt.

[Kultur] - Les heile saka

Fjernsynsteater

«Quizoola» på Teatergarasjen utfordra tilskodarane med dramatisk quizshow i fem timar. Ei framsyning som krevde vakne tilskodarar. For Studvest sin journalist blir Trygve Rønningen aldri den same.

[Kultur] - Les heile saka

På bakerste benk

Studentersamfunnets debatt om sløve studentar var ingen stor suksess. Mange møtte opp, men den «vanlege» studenten blei sittande på bakerste benk medan studentpolitikarane dominerte scena.

[Kultur] - Les heile saka



Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør: Øystein Vidnes. Vevansvarleg: Magne Hovden. Les også meir på sida om avisa.