|
|
|
|
|
|||
![]()
Tips Studvest |
Ikkje sjuk nok for LånekassenSjukemelde studentar kan få omgjort lån til stipend hos Lånekassen. Hovudfagsstu-denten Tove Obrestad Wøien blei sjukemeld for ein og ein halv månad sidan. Ho rekna med at ho kunne få omgjort noko av lånet til stipend, men det fekk ho ikkje. Grunnen er at ho ikkje er sjuk nok. Lånekassen sine reglar seier at ein må vere 100 prosent sjukemeld for å få omgjort lånet til stipend. Obrestad Wøien er berre 66 prosent sjukemeld, og fell derfor utanfor ordninga. Både NSU og stor-tingsrepresentantane Inge Lønning og Rolf Reikvam meiner dette er urimeleg.
Anita Mjelland og Erik Hauke Tønnesen er toppkandidatar til kollegievalet, men for fyrste gong kan ikkje du som student stemme på dei. No er det indirekte val på studentrepresentantane i Kollegiet. Endringa i valordninga skal gjera det enklare for studentane å orientera og engasjera seg i studentpolitikken.
To sekund av teiknefilmhistoria48 bilete gir to sekund teiknefilm, før auget rekk å blunke er filmen over. Profesjonelle animatørar lagar omlag 10 sekund film kvar dag. Under Bergen Animasjonsmønstring var teiknefilm-verkstaden åpen for ivrige amatørar. For animerande barn og andre entusiastar blir Barne-TV aldri det same. [Kultur] - Les heile saka
Poetiske spirarHeile 40 personar lot seg lokke til å tømme nattbordskuffene og sende bidrag til Studvest si diktkonkurranse. Juryen meinte Sten R. Roland og Bergljot Rosvoll hadde dei beste skriveborddikta, og i kveld onsdag blir desse og alle andre som skriv dikt inviterte til å lese opp poesien sin på Samfunnet. [Kultur] - Les heile saka
Odontologisk munnfyllNår odontologistudentane arrangerer rebusløp, blir det gjort skikkeleg. Seks gule bussar med gratis bar er innleigd for tilstellinga, og berre odontologiske sauer, gjeterar, negrar, horer og hallikar får delta. I rebusløp forsvinn både hemningar og sauelokkar. [Kultur] - Les heile saka
|