Heim

Studvest
Onsdag 11. november 1998
Nr. 28 - 52. årgang
Meny

Tips Studvest
Tel: 55 54 51 48
studvest@uib.no


Halv million i underskot

Ølsalet sviktar Kvarteret

framsidebildet
(foto: Robert Bråthen)

Studentane drikk ikkje så mykje øl på Kvarteret lenger. Ølsalget har gått ned med ti prosent i år samanlikna med i fjor. Det foreløpige rekneskapet viser at Kvarteret no har eit underskot på 442.000 kroner, medan ein i heile år har rekna med eit overskot på 317.000 kroner. Dårleg ølsal får det meste av skulda. Kvarterleiar Tove Frønes fortel at dei no kuttar utgifter der dei kan. Ho meiner òg at trenden er meir positiv i haust.

[Nyhende] - Les heile saka

framsidebildet 2
(foto: Silje Katrine Robinson)

Skumle Sydneshaugen

Sydneshaugen Skole er staden for lange dagar på lesesalen. Men nettene der kan vere endå lenger. Og draumar på lesesalen endar alltid i mareritt. Om dagen klagar studentane over tunge bøker, lange pensumlister, regn, sludd og hovudpine. Om nettene kan ein høyre andre klager.

[Kultur] - Les heile saka

Ukultur i UKEN

Styret i UKEN har prøvd å fryse ut arrangementssjef Andreas Østern. Leiar i UKE-styret Harald Holst Jansen har fått sterk kritikk for handsaminga av saka, og vart truga med mistillit frå studentane ved NHH. Holst Jansen har no orsaka, og UKE-styret blir sittande.

[Nyhende] - Les heile saka

Det var gøyare med deLillos før

delillos er ikkje som dei ein gong var. deLillos har blitt vaksne og fått færre ting å lure på. Det å gå i pyjamas og tenke på det store livet er ikke så spesielt etter at heile Noreg har tatt Lars Lillo-Stenberg og Kokken Tor i si varme famn, meiner Studvest sin journalist.

[Kultur] - Les heile saka

Vakker med yoga

7000 år etter at yogaen kom til India, er det bergensstudentane sin tur til å bli mjuke, også innvendig. Yoga-guru Dada Satyaparananda frå India har sett folk bli friske og sunne over heile verda etter å ha meditert. Eit kvarter meditasjon om dagen sikrar eit lukkeleg liv.

[Kultur] - Les heile saka

 


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør: Øystein Vidnes. Vevansvarleg: Magne Hovden. Les også meir på sida om avisa.

Nyhende Leiar News Kultur Studentkvardag Meiningar Apropos Ytringar Kronikk Kommentar Rotasjon Bjørnar og Åshild Søk i Studvest Kik i Arkivet Om avisa