Heim

Studvest
Onsdag 25. november 1998
Nr. 30 - 52. årgang
Meny

Tips Studvest
Tel: 55 54 51 48
studvest@uib.no


Stengde dører på eksamen

framsidebildet
(foto: Robert Bråthen)

Studentane på russisk og tysk fekk ei dårleg oppladning til eksamen. Då dei møtte opp på fredag var dørene inn til eksamenslokalet stengde. Politiet klarte ikkje å få opp døra. Det heile endte med at ein låssmed måtte bryte opp døra. Eksamen vart utsett med over ein time, og studentrepresentantane Signe Bergvoll og Helene Ugland (bilete) meiner prestasjonane til studentane blei prega av dette. Studentane vurderar no om dei skal klage på eksamen. Instituttstyrar ved Germanistisk institutt, Oddleif Leirbukt støttar studentane, og oppmodar dei til å gå til Klagenemda med saka.

[Nyhende] - Les heile saka

Karakterar ikkje nok

Dei fleste studentar slit no med eksamen. Mange puggar for å få ein god karakter, men for arbeidsgjeverar tyder ikkje karakterar alt. Fagkombinasjon og gode personlege eigenskapar er minst like viktig når dei skal tilsette akademikerar.

[Nyhende] - Les heile saka

Den bhutanske Ole Bull

Jigme Drukpa måtte til Noreg for å studere folkemusikk frå sitt eige land, og med seg på lasset har han lært seg å traktere hardingfela. Etter fem år i Noreg snakkar han både norsk og svensk, har gitt ut ein CD med endelause tonar frå Bhutan og hatt kulturministeren på hybelsofaen, men snart vil han heim. Til Bhutan, der det kanskje ventar han ein ministerpost og ein plass på OL-laget.

[Kultur] - Les heile saka

Visjonære arkitektar

Dersom arkitektstudentane hadde fått avgjere, hadde det vore svømmebasseng på rådhustaket og BOB-prosjektet på Nordnes hadde blitt erstatta med eit 100 meter høgt kontortårn. Men enno er utstillinga «Fjes og Byflesk» arkitektoniske utopiar.

[Kultur] - Les heile saka

Motstandarar av doktorfabrikken

Masseproduksjonen av legar og det mekaniske menneskesynet har provosert ei gruppe medisinarar. Som eit motsvar har dei starta filosofisk poliklinikk, eit forum for å auke den filosofiske takhøgda i medisinen.

[Kultur] - Les heile saka

 


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør: Øystein Vidnes. Vevansvarleg: Magne Hovden. Les også meir på sida om avisa.

Nyhende Leiar News Kultur Studentkvardag Meiningar Apropos Ytringar Kronikk Kommentar Rotasjon Bjørnar og Åshild Søk
i Studvest Kik i Arkivet Om avisa