onsdag 20.januar 1999
nr. 1 - 54. årgang

Meny

søk i Studvest

tips studvest  55 54 51 48


Kamp mot kopiavgift

Alle studentane i Bergen må fra hausten betale 291 kroner årleg i kopiavgift for beskytta pensummateriale. Norsk Studentunion i Bergen og studentrepresentantane i Det Akademiske Kollegium fryktar at denne summen skal leggjast til semesteravgifta.

Dette vil bety ei auking av semesteravgifta på rundt 50 prosent. Dei studenttillitsvalde krev at studentane skal betale kopiavgift etter yting, ikkje ein flat takst slik universitetsleiinga har vedteke.

mot kopiavgift
(Foto: Are Thunes Samsonsen) Heidi Vagstad i NSU-Bergen
og studentrepresentant i
Kollegiet, Anita Mjelland,
vil ikkje ha ei fast kopiavgift.
[hele saken]          [nyheter]

Spansk og fransk får forkursa tilbake

Etter sterkt press frå studentane blir forkursa i spansk og fransk starta opp igjen til hausten. ­ Vi er nøgde med at vi til slutt fekk støtte i Kollegiet. Dette syner at studentengasjement nyttar, seier Eli Heldaas, ei av representantane i aksjonsgruppa for gratis forkurs.

[hele saken]          [nyheter]

Sjef på første forsøk

Med blått hår sølte ho vatn på informasjonsdirektøren i Posten og påstod at kvinna er totalt overlegen mannen. Det var det som skulle til for å sjarmere sjefane sine i sitt første jobbintervju. 24 år gamal er Mariann Rui Slettebakken informasjonssjef i Posten i Hordaland og har full kontroll.

[hele saken]          [kultur]


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør:
Ingvild Rugland. Webansvarleg: Arne Beek Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest (C) 1999
om avisen annonsering arkivet bjørnar og aashild rotasjon kommentar kronikk ytringer apropos meninger kultur news leder nyheter