|
Bryt påbod med vilje
Fakultetsleiinga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet bryt med vilje
brannforskriftene når dei fordeler auditorier på fakultetet. Grunnfaget
i samanliknande politikk er adgangsregulert og 137 studentar har takka
ja til studieplass dette semesteret. Likevel går over halvparten av
førelesingane i eit auditorium som berre er godkjent for 98 personar.
- Det var ei negativ overrasking å byrje på eit adgangregulert fag og
oppleve at ein må sitje på golvet på førelesingane, seier grunnfagsstudent
Hermod Hove. Førelesarar og administrasjon seier situasjonen ikkje er
haldbar.
Universitetet ut i lyset

Foto: Hugo Skarsten Larsen
På vegne av Universitetet i Bergen tek informasjonskonsulent Kari Bjørge
Johnsen (biletet) imot prisen for den beste standen på utdanningsmessa.
Trass i denne prisen har rektor Kirsti Koch Christensen fått kritikk
for ikkje å gjere Universitetet synleg nok i samfunnet. Etter press
frå tilsette ønskjer universitetsrektoren å gjere ein meir markant figur
i samfunnsdebatten.
Kvarteret sitt nye andlete
Den nye kvarterleiaren har gjort leksa si og lest bunkar med sakspapir,
nok til å gi han motivasjon til eit år med Kvarteret. Henning Lunde
er nyvalt sjef for over 300 frivillige på Kvarteret, men han blir framleis
nervøs når han står framfor store forsamlingar.
Studvest er ei avis av og for studentar
ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør:
Ingvild Rugland. Webansvarleg: Arne
Beek Les også mer på siden om
avisen.
Copyright Studvest (C) 1999
|