|
onsdag 24. februar
1999
nr. 4 - 54. årgang |
|
|
Startar eiga bussrute
I tre veker i april startar Velferdstinget opp eigen rutebuss som skal bringe studentar frå Fantoft Studentby til Høgskolen i Bergen, Universitetet og Norges Handelshøgskole. Bussen skal koste fem kroner, ein pris som er 12 kroner billegare enn prisen på vanleg rutebuss. – Studentar har kjempa i ei rekkje år for å få studentrabatt på bussen, og det er på tide å vise at vi meiner alvor i denne saka, seier leiar i Velferdsstyret, Sveinung Fjose. Han trur at eit slikt tiltak vil få politikarane til å vende seg til studentane i staden for at det er studentane som må drive lobbyverksemd ovafor politikarane.
|
|
Avgangstudentane frå Kunsthøgskolen viser i desse dager ei imponerande variert utstilling. Alt frå kakkelomnar, keramikkvasar og kuleskot i barneklede kan ein sjå i Vestlandske Kunstindustrimuseum, der ein av intensjonane er å setje normer under debatt. |
Foto: Ole Christian Aamot |
Bare dei studentane med best karakter får moglegheit til å
velje om dei skal skrive hovudoppgåve frå språk-
eller litteraturdelen på nordisk hovudfag. Fleire av studentane
er uroa for framtida på faget, og mange har snakka om å
slutte.
Dersom eg på førehand hadde visst at eg kanskje
ikkje får skrive hovudoppgåve i litteratur, ville eg ha
byrja på eit anna hovudfag, seier student Inger Undheim.
Ein forskar som utfordrar dei etablerte vitskaplege grunnsteinane, kan rekne med å bli utstøtt frå sitt akademiske miljø, kanskje for livet. Karsten M. Storetvedt frå Geofysisk institutt har provosert sitt fagmiljø med ein ny teori om plateforskyvingar, men er han av den grunn den nye Copernicus?
![]()
Seigmen klarte å få fram «den gode gamle»
Seigmen-kjensla for siste gong denne helga. Bandet tok ein overveldande
avskjed med bergenspublikummet, og viste seg fram som verkelege popstjerner,
noko få gjer etter dei,
meiner vår meldar.